MB «Hendig»

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Her er MB «Hendig» ved kaia på Vik. Om hausten brukte Anfinn å kjøpe poteter, - det er poteter som er i sekken.

MB «Hendig» M 47 HØ, bygd i 1968, for Anfinn og Olav Skorpen, far og son. Meir opplysningar om eigarane ligg på MB «Høydølen». Skrogforma er omlag som Høydølen, men båten er mindre, sjå båtlista for Vik. Hendig var bygd på enkle laska spant, og med spikarhud. Mesanmast på bukk over dekk, for fri tilgang til linekastar m.m. Rorhuset er flytt til framdelen av båten, som også hadde halvbakk. Lugaren framme under dekk hadde 3 køyer, og tilgang var gjennom egnarhuset, men også gjennom rorhuset. Rorhuset var bygd av kryssfiner på rameverk av tre, utvendig var det lagt på glasfiberarmert plast. Dekket på halvbakk var av 5/4 toms pløgd material, også det med glasfiberarmertplast. Rundt 1990 fekk rorhuset påsett ein kantskjerm i aluminium, og nye rorhusruter. Når rorhuset er plasert slik, vert heile dekket bak ein samanhangande arbeidsplass. Dette dekket var lagt på vanleg måte, furuplank med nater. Plaseringa av rorhus og det som fyl med det, var slik eigarane sjølve ville at båten skulle vera. Lukekarmen til lasteromet var om lag 30 cm høg. Båten sitt kjenningssignal var: LM3970.

Bruk

Båten vart brukt til garn, og linefiske. I 1976 vart båten seld til Asbjørn N. Kvalsund. Han brukte også båten til garn og linefiske, i lag med broren Isak N. Kvalsund. Dei brukte stundom opptil 20-30 mil av land. Med store fangstar så vart bereevna bak i svakaste laget. Det er ulempa når båten er slik innretta på eit tradisjonelt skrog.

Nokre av bilda viser korleis båten var tilordna på dekk. Ratt på veggen er styremaskina, hendelen er omstyringa. Bilder viser også at dreglane er forhøya med aluminium og at dekksbingane også er av aluminium. Dette var gjort rundt 1983 då Asbjørn Kvalsund hadde båten.

Kongens fortenestmedalje

Postføringa på Svinøya som dei tidlegare hadde utført med MB «Høydølen», fortsette dei med også på «Hendig». Etter 42 års samanhangande teneste vart det avslutta i 1970. Anfinn fekk då kongens forteneste medalje for lang og tru teneste. Det skjedde hos Fyrdirektøren, saman med tre andre som også hadde hatt teneste i Fyrvesenet. Fyrdirektøren gav dei diploma, og festa medaljane på jakka til alle fire. Anfinn var ein ansam mann, så han tok seg ikkje tid til å vera med på tilstellinga til det var slutt. Han hadde tinga flybilett til retur same kvelden. Forkavelsen skuldast at han hadde garn i ”sjønå” heime på Sunnmør. Då han kom heim, viste han medalje og diplom til kona. Ho reagerte på at det ikkje var Anfinn sitt namn som stod på diplomet. Han kontakta dei andre, og dei hadde alle feil namn på diploma dei hadde fått. Etter kontakt med fyrdirektoratet vart det til at dei alle sende diploma attende. Deretter fekk dei alle diplomet med rett namn tilsendt. Ein gong seinare trefte han fyrdirektøren og spurde om han hugsa då han delte ut diplom med feil namn. Svaret var at det kjem han aldri til å gløyma. Historia står i: Herøybåtar i hundre år side 14.

Om kvoter

Ein båt i aktivt fiske må ha kvote på det den skal fiske. Når ein båt vert selt med kvote, har kvota gjerne høgre verdi enn båten. Frå fiskerimynde vert det kravt at fiskebåt utan kvote, strukturfartøy, vert kondemnert, politiet eller fiskerimynde skal stadfeste at handlinga er utført. Det er dette som gjer at til dels gode båtar vert kondemnerte. Dersom båten vert overteken av ideelle organisasjonar, eller til eit slik bruk at den ikkje driv fiske, kan fiskerimynde gjera unntak frå lova.

Motorar

Når båten var ny, vart det innmontert ein 86 hk Daf motor. Den var teken ut av ein båt eigarane hadde frå før.
I 1980 ein Perkins 109 hk.
Kring 1990 Cummings 115 hk.

Eigarar

  • 1968, Anfinn og Olav Skorpen.
  • 1976, Asbjørn N. Kvalsund.
  • 2007, Hans Remøy, selde båten vidare, truleg same året, til Sund Sjøservice.
  • 2007, Sund Sjøcervise AS i Molde. Dei tok kvota, 11 m, av båten og selde vidare til Vesterålen.
  • 2007, Jostein Bertinussen, Sandviksdalen 8430 Myre, kjøpte båten frå Sund Sjøcervise AS. Han selde torsk og sildekvote etter hjemmelslengde 12-13 m til P.R. Fjordvåg. Strukturfartøyet ”Hendig” LM 3970, gjekk også inn i salget.
  • 2007. 28/12, vart P.R. Fjordvåg v/Svein Arne og Turid Aune, Laukholmen, Brønnøysund eigarar av båten. Dei tok kvota av båten og selde han vidare til ”Foreningen for bevaring av MK Hendig”. Aune såg at båten var i god stand, og han oppmoda til skiping av foreininga. Dette er også honør til dei som har brukt båten i lenger tid, og gjort eit godt vedlikehald.
  • 2008, «Hendig» kjøpt til, ”Foreningen for bevaring av MK Hendig”, stifta 26/4 2008. Den båtansvarlege, Ståle Andrè Johannessen, bur i Bjerka i Hemnes kommune. Båthamna, som også er isfri på vinteren, er i Rødøy kommune. Båten vert no brukt til fritidsaktivitetar.

Bilder

Kjelder