MB «Mot»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side
Foto: Magnar Høydal (1972).

MB «Mot», M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’.

Båten var bygd med heil bakk. Huda var av 1 ½’ furu, og det same på dekk. Huda på denne båten var driven på tradisjonelt vis. Men truleg var dekk nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe av sveist og galvanisert stål, sameleis lukekarmen. Rorhuset var bygd med glasfiberarmert polyester på kryssfiner. Det manglar fullstendige lister over utføring og også over kva båtar som var bygde ved båtbyggeriet, det ein finn er etter søk her og der. Det er fleire artiklar om båtar som var bygde ved Vik Båtbyggeri du finn dei på båtlista for Vik.

Karlsen grubla lenge på kva namn han skulle gi båten han hadde tinga, men ein dag kom kona med forslaget. Dei har tre barn og brukte då forbokstaven til dei, og då vart det «Mot». Så føya kona til, går det gale så berre snur du namnet til «Tom».

Arntsen overtok båten i 1976 og hadde han til 2007 men førde over til Mot Berlevåg AS som hadde båten til 2010, Arntsen stod bak det firmaet. Det er han som har hatt båten i lengste tida og som har gjort endringar på båten. 1981 låg dei å drog line i Tanasjøen, det var eit ruske veir med full storm. Veiret vart så dårleg at dei braut av å drage lina for å gå til land. Det var så mykje sjø på dekk at det vart vanskeleg med vidare arbeid. Det var mørkt og når dei snudde fekk dei eit blink av sjøen når han braut ut, så small det, og der var egnarhuset vekk. Dei måtte i allefall så langt dei fekk bygge nytt egnarhus. I 1983 tok dei ut tredekket og la aluminiumsdekk, brukte bjelkane som dei var. Han flytta samtidig rorhuset fram og bygde på shelterdekk med drageluke. Ein gong på 90 talet fekk han bygt på slingrekjøl og ca 95 vart hudnatene utfresa og limt inn lister. Arntsen fortel at etter båten vart sheltra og tettare for veir og vind kunne dei bruke i altslags veir, det gjorde dei også. Han ga båten skussmål som sterk, og ein god sjøbåt som virkeleg tolde ein trykk.

Fiskeri

Osvald Karlsen brukte torskegarn og seigarn på Mørekysten og han var på eggjakanten med garn etter blålonge. Båten gjekk med 8-9 mil og Karlsen kalla båten ein god sjøbåt som bar mykje. Han hugsa eit år dei var 4 mann med garn frå februar til påske og hadde ein lott på 56000 kr. Årstalet er ikkje oppgitt men Karlsen selde båten i 1976, så det er før den tid.

Arne Kristian Arntsen kjøpte båten i 1976, båten vart no registrert, F-29-B. Arntsen brukte båten på linefiske på Finnmarkskysten og i Lofoten. Siste tida han ha båten var det og teinefiske etter russekrabbe.

Seinare eigarar

  • Seld 1976 til Arne Kristian Arntsen, Berlevåg, og registrert F-29-B. Overførd april 2007 til,
  • Mot Berlevåg AS, Berlevåg. Sletta januar 2010 i merkeregisteret og seld til
  • Stiftelsen Motivasjon og Mestring, Bergen.

Motorar

Som ny båt, 170 hk GM Detroit frå 1965. 1980 ny 185 hk GM Detroit og tidleg på 1990 talet 320 hk Volvo Penta.

Bilder

Klikk på bilde så får du full størrelse med heile teksta under. Har lovnad på bilder etter at «Mot» fekk shelterdekk og rorhus framme.

Kjelder