MB «Trygve» M 18 VA (1909)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve
Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg
Trygve, Sleipner og Måken} i Øyahamna.
Registeringsnummer M 18 VA
Egennavn: Trygve
Båttype Kutter
Lengde 35,8 fot
Største bredde 11,5 fot
Byggeår 1909
Båtbygger: Rasmus O. Årsetøy-Folkestad og ein frå Bjørkedalen borda opp, så eigarane i fellesskap ved Ola J. Årsetøy. Ola var yngst og lærte av faren Jakop Årsetøy
Framdriftsmidler: Segl, Motor
Motortype Kampen 10-12 HK, 2-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1908
Kommune Volda kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal kystlag
Lagstilhørighet andre: Austefjord Museumslag
Nåværende eier: Lars Årsetøy

Trygve

Mk «Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten» er ein kutter bygd i lokal fure (anten frå Årsetmarka eller Bjørkedalen, truleg litt av kvart) på Folkestad i 1909. Den var oppborda av Rasmus O. (1850 - 1933, f. i Håvika, seinare Årsetøy, BsV3 s. 503 3-1) Folkestad (BsV2 s.164 1-5) og "ein frå Bjørkedalen". Båten var utstyrt med full seglføring: klyver, fokk, storsegl og mesan. Motoren var fyrst ein 6 HK Kampen. Den var for liten så det vart sett inn ein 10 HK Kampen etter kort (veit ikkje tidspunkt) tid. Denne sit i båten framleis (2015).

Eigarane

Ved bygging: Rasmus O. (1850 - 1933, f. i Håvika, seinare Årsetøy, BsV3 s.503 3-1) Folkestad (BsV2 s.164 1-5), Jakob O. Årsetøy (1859 - 1943, BsV3 s. 503 3-2) og Knut Løndal (1889 -1933, BsV2 s. 81 2-10).

Ved registrering i fiskeriregisteret i 1920 var Ole J. Aarsætøy (1892 -1955, seinare ein av konstruktørane av Volda-motoren, laga på Volda Mekaniske Verkstad), Jakob O. Aarsætøy (1859 - 1943), Rasmus O. Folkestad og Knut E. Løndal. Ola J. Årsetøy (Ole J. Aarsætøy, (1892 - 1955) vanleg kalla Øya-Ola, han var smed, så ettersom det var støy rundt han i smia vart han på Volda Mek. kalla Bolder-Ola) vart opp gjenom tida eineeigar av MB «Trygve».

Då Ola døde i 1955 var det broren Lars Årsetøy (1894 - 1964) eigar til sin død. Eigarskapen gjekk vidare til sonen Knut L. Årsetøy (1925 - 2000).

I 2015 er der Lars Årsetøy f. 1965 som er eigar.

Bruken

Den var brukt til skreifiske og drivgarnfiske i fylgje registreringa i det nye fiskeriregisteret der båten er innført lokalt i Volda 28/8-1920. Båten var fiskeriregistrert til ca. 1970 (er ikkje med i registeret 1971).

I vinterfiskja var «Trygve» ein av Austefjordbåtane som hadde fast base på Synesvågen på Vigra frå den var ny og mange år framover.

«Trygve» vart, i tillegg til fjordfiske og fraktefart, leigd inn i Årset notlag. I rekneskapen til Årset notlag syner utgifter til drivstoff og andre utbetalingar til bruk av motorbåt både til «Trygve» og eit par andre båtar som tidvis vart leigde. Fyrste tida var det sleping av notbruket, dette utvida området dei kunne drive i. Frå 1937 då notlaget kjøpte «Litleveiren» vart desse to båtane brukte i lag når dei sette landnota langt frå land og slepa til lands med ein motorbåt for kvar si notgeil (dobbelt dragetau i notende). Var brukt i Årset notlag til snurpenota i 1951 og utover i 1952 til «Joffre» var klar til bruk. Her brukte ein nota framom rorhuset. Ein hadde ein styretrull på styrbord rorhushjørne for å halde nota klar av rorhuset ved setjing, denne rullen var flytta over på «Joffre».

Siste åra båten var i bruk låg den i utfar ved Aurstad-landet då bror til Ola, Lars Årsetøy, gift på Aurstad var eigar og brukar. «Trygve» var då rigga med størjekanon. Dei skaut både nise og laks men størja kom seg alltid unna og dei undrast på om det var lyden av motoren i denne båten størja reagerte på.

Heimeland og framsetjing

"Heimelandet" var "utfor land" der båtane låg "i utfar" eller "for utfar" slik det var sagt lokalt. "Å setje fram" båt var brukt som omgrep/begrep for å setje båtane på land.

«Trygve» var framsett på Folkestad til Rasmus Folkestad og Knut Løndal "gjekk på land". Seinare vart den framsett på Årsetøya. Frå 1939 - 1945 "stod den framme" (på land) heile tida.

Den låg mykje for Folkestad til Lars Årsetøy flytta frå Folkestad i 1924 (BsV2 s. 164 1-7) og overtok på Aurstad i 1928 (BsV3 s. 489 1-13).

«Trygve» kanskje litt eldre

To av etterkomarane etter "Øyafolket" har fortalt at når dei var små høyrde dei foreldra fortelje at «Trygve» eigentleg var litt eldre enn det offisielle byggetidspunktet 1909. Den skulle vere kjøpt med storskade og bygd opp att i 1909. Den eine meiner den var sett saman av to skada båtar. Ein har ikkje funne skriftlege kilder som beviser noko slikt. Men i Reites Krønike frå Folkestad finn ein at i 1909 omkom mannen til ei kvinne oppvaksen i folkestadbygda i eit forlis "i det tvo baatar støytte i hop. 4 mann drukna". Ein trur dette gjeld ein fiskebåt registrert i Ulstein som vart pårend av ein dampbåt, så her var nok tilgang på reparasjonsobjekt.

Interessant, men båttypa hadde vore kort tid i bruk så det kan ikkje dreie seg om meir enn to til fire år i alder.

Historie i samtid

Frå tekst etter Ola J. Årsetøy (1892 - 1955): I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis (og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar). Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar sjå på havet mot alle siglarane.

Hausten 1907 tok det til å hende ymse her i Volda og, og særleg i Austefjorden.

Vinteren 1908 var her såleis 5 motorbåtar frå Volda med i vinterfisket. Båten til Knut A. Høydal, «Kampen», som han vart kalla, var brukt til frakt og skyss.

Vinteren 1910 var her, så vidt eg veit, ikkje seglarar med i fiskja frå Volda og Dalsfjorden.

«Trygve» er dermed nybygd midt i teknologihevinga motoren førte inn fiskeflåten.


Ein gong ved setjing av snurprnot stod der uheldigvis ein laus fjølamole (trestykke) i framkant av rorhuset, denne datt og kilte seg inn mellom rorhuset og rullen på rorhushjørnet med fylgje at midnota huka på fjøla og nota vart kløyvd / sundriven på langs om lag 50 famner før nokon såg kva som hende. Dette vart eit omfattande arbeid for mannskapet med stort tap av fangsttid. (Av skade blir ein vis, men ikkje rik).

Status

Frå etter 1970 finn ein i eit udatert notat etter Knut (Andreas var ikkje sveisar). Her går det fram fylgjande: Båten har ikkje godt av å stå på land. Det er forskjelleg som har teke skade både på skrog og motor. Lydpotta sprakk oppå. Der var og ein sprekk i sylindaren. Dette er sveisa, så motoren er i orden om ein brukar solar og smøreolje. Så er det dette med rust i kjølegangane ? 2015. Båt og motor eksisterar framleis. Motoren er ein «Kampen» 10-12 HK, 2-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1908 (seinare ombygd til delvis Volda-motor av Ola, i flg . Ola sine notat). Sommaren 2012 vart naustet restaurert i ein dugnad administrert og gjenomføt av Austefjord Museumslag. Skaden som måtte reparerast stod orkanen "Dagmar" for. Er ein heldig kan naust og båt bergast for ettertida.

Kjelder

Informantar


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg MB «Trygve» M 18 VA (1909) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.