Magnus Klevgaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnus Klevgaard (fødd 14. mai 1905 i Etnedal, død 31. desember 1968 i Ringsaker) var lærar, mellom anna i Etnedal og Hunndalen ved Gjøvik. Klevgaard var son av Gudbrand Klevgaard, også han skulemann, og Anne Marie f. Espelien. Magnus Klevgaard tok eksamen ved lærarskulen på Hamar i 1927 og fekk så post i Byfelibygden i heimbygda Etnedal.

I 1942 søkte han på vegne av grendefolket i Byfelibygden om å få ei postrute dit, sidan dei måtte langt for å levere og hente post. Resultatet vart at Postverket oppretta Byfelii brevhus på skulehuset, med Klevgaard som brevhusstyrar. Men alt hausten 1943 flytta han og familien frå Etnedal. Klevgaard var gift med Aslaug Dompidal (1900-89), og dei hadde sonen Geir (1941-2011).

På 1950-talet arbeidde Magnus og Aslaug Klevgaard som lærarar på Blomhaug skole i Hunndalen, og budde då like ved skolen. Anne Solfrid Nygård (fødd Saksberg 1948) kan hugse at ho og andre naboungar var innom Klevgaard-familien for å sjå på ei skilpadde dei hadde.

Magnus Klevgaard var òg ein habil musikar (kornettist og fløytist). Klevgaard dirigerte ungdomsmusikkorpset i Etnedal, og i 1956 vart han fyrste dirigenten åt skulemusikkorpset i Hunndalen.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker