Malmvegen 28 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 28
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 354
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 28 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset på nedre del av Stusslifeltet vart oppsett av I/S Øvre Otra til tenestebustad i 1978. Dei fyrste som budde her var ein ingeniør Frigstad og familien hans. I 1985 kaupte Solveig og Arne Myrmoen huset av kraftselskapet.

  • Arne Myrmoen, f 1931, d 1992
g m Solveig Marie Kristoffersen, f 1932. Born:
  • Inge Peter, f 1957, mellomleiar i privat verksemd, busett Moss, g hv., born:
  • Line, f 1982
  • Svein Arild, f 1961, mellomleiar i offentleg verksemd, busett Bærum, g 1997 m Diana Ustinovic, Latvia, f 1964
  • Arne Fredrik, f 1969

Arne, Solveig og sønene flutte til Hovden i 1974. Dei kom då frå Treungen i Nissedal, men opphavleg var dei frå Hamar. Arne var son åt Ragnhild og Hallstein Myrmoen, medan foreldra åt Solveig var Agnes og Karl Kristoffersen. Både Arne og Solveig Myrmoen arbeidde på hotella på Hovden, men i perioden 1985 til l995 dreiv ho kafe i Hovden varesenter.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 28 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 27 • Neste bolk: Malmvegen 29

Koordinater: 59.55814° N 7.36262° Ø