Malvin Misje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Malvin Misje (fødd 1943, død 2006) var lektor og skuleleiar i Sykkylven. Dei fleste yrkesaktive åra sine var han ved Sykkylven vidaregåande skule.

Misje var frå Fjell kommune ved Bergen. Han var den yngste av fem søsken, og einaste guten i flokken. Han vart tidleg klar over at det var lærar han ville bli. Han praktiserte som folkeskulelærar ei tid før han fullførte studia med fagkrinsen engelsk, historie og norsk. I 1977 tok han hovudfagseksamen i norsk og var klar for arbeid i den vidaregåande skulen. August same året tok han til ved Sykkylven vidaregåande skule der han raskt fekk ansvarsoppgåver og gjekk inn i skuleleiinga.

I tillegg til arbeidet i skulen engasjerte Malvin seg i Sykkylven Lions. Her var han medlem i 20 år. Dei siste åra var han også med i redaksjonskomiteen for Årbok for Sykkylven.

Malvin Misje tok over barndomsheimen i Fjell då faren døydde i 1976. Sidan var det fast tradisjon at feriane vart nytta der. Her kom dei nær naturen og dyrelivet. Her tok Malvin med seg borna på fisketurar. For han betydde familien mykje.

Malvin var også ein vennekjær mann. Han likte det lange samveret rundt bordet med god mat og hyggeleg samtale. Det var ofte Malvin som stod for dei kulturelle innslaga i vennelag. Han var i sitt ess når han fekk lese dikt av Jakob Sande og elles fekk kome med smakebitar frå den norske litteraturskatten som han var så glad i.

Det var ved Sykkylven vidaregåande skule han var dei fleste yrkesaktive åra sine. Her har han sett varige spor etter seg. Tidlegare rektor ved Sykkylven vidaregåande skule, Ingunn Aagård, skildra kollegaen sin med desse orda då han vart gravlagt: Malvin arbeidde lojalt og trufast i tråd med skiftande læreplanar, han var roleg og forsonande i veremåten. Alltid sette han elevane i sentrum. Som inspektør frå 1978 arbeidde han også med rådgjeving til elevane. Ingen fekk nei som kom til Malvin for å få hjelp og støtte i viktige livsval. Malvin var også svært omtykt blant kolleger. Aagård fortalde at ho sjølv som nytilsett rektor av og til kunne vere usikker på kva som var rett å gjere. Så kunne Malvin stå i døra med gode forslag basert på lang røynsle og ekte engasjement for skulen. – Han lærte oss korleis vi skulle vere mot kvarandre, sa Aagård.

Malvin Misje vart råka av kreftsjukdom og døydde i 2006, 63 år gammal.

Kjelde