Marit Ellendsdotter (1738–1773)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Ellendsdotter (fødd 1738 i Sør-Aurdal, død 1773 same staden) var gardkone i Sør-Aurdal.

Ho var dotter av Ellend Arnesson (omkr. 1683–1762) hans andre kone Marit Bjørnsdotter (f. 1703). Faren var frå Søre Fønnhus, medan mora var frå Søre Stavadalen. Faren hadde tidlegare vore gift med Anne Olsdotter (omkr. 1679–1732), og hadde fått fire born med ho; to av dei døydde som små. Ellend og Marit fekk to døtrer, og Marit Ellendsdotter var den andre av dei. Ho vart døypt i Bagn kyrkje den 16. februar 1738, på fastelavnssundagen.[1] Faren er ved dåpen ført som Erland Arnesen Bang. Gardsnamnet var den gong vanleg skrivemåte for Bagn, og dei budde på eit av bruka under denne garden, Ellendshaugen som hadde namn etter Ellend.

Ho vart den 3. februar 1754 trulova i Bagn kyrkje med Kristafer Hansson Bagn frå Nedre Bagn, som same året kjøpte Nedre Jukam av far sin for 400 riksdalar. Dei vart gifte (copulerede) den 19. mars 1755.

Marit og Kristafer fekk sju born:

Den siste ungen vart døypt i desember 1722,[6] og tidleg i 1773 døydde Marit. Ho vart gravlagd frå Reinli kyrkje i mars 1773; det er ikkje oppgjeve nokon dato i kyrkjeboka.[7] Som ein kan sjå hadde dei ikkje mista nokre av ungane sine; to av dei døydde rett nok som unge vaksne, men Kristafer sat att med fire ungar på under fjorten år, den eine berre nokre månader gamal, då Marit gjekk bort. Det vanlege då var at ein gifta seg så snøgt råd var, men det ser det ikkje ut til at Kristafer gjorde. Det er ikkje kjend korleis dei ordna seg, men kan hende hjalp dei eldste til. Kristafer døyddde i 1779, og då tok eldstesonen Hans over garden.

Referansar

Litteratur og kjelder