Maurlii (Bykle gnr 3/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurlii / Lien
Alt. namn: Nordli
Rydda: omkr. 1760
Utskilt: 1898
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 9 / 18
Type: Gardsbruk

Maurlii ligg nordafor Jeiskeli i Bykle kommune. Han vart matrikulert til eit eige bruk i 1898, men busetnaden er kring 150 år eldre.

Dei fyrste me veit om budde her var Knut Mikkelsson frå Mosdøl og kona hans, Hæge Åsmundsdotter frå Berdalen. Det er mogeleg at dei overtok ein ferdig rudd og opphusa plass, og at her hadde budd andre folk tidlegare, men me veit ikkje kven desse i så fall var.

Foreldra åt Hæge var Åsmund Tarjeisson Espetveit i Berdalen Der uppe og kona, Kari Arnesdotter, fødd Berdalen. Hæge var altså syster åt dei som var oppsitjarar i Der uppe og Der nede, Arne og Tarjei Åsmundssøner.

Hæge Åsmundsdtr. Berdalen, f 1732, d 1792

g 1761 m Knut Mikkelsson Mosdøl, f 1725, d 1778. Born:
  • udøypt, f 1756/57, d 1756/57(?), sjå nedanfor
  • Svein, f 1761, g 1794 m Tjodvor Tovsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1769, g 1794 m Birgit Tarjeisdtr. Mosdøl, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Mikkel, f 1774, g 1808 m Gunhild Olavsdtr. Bratteland, sjå Stigamoen under Trydal

Knut var son åt Mikkel Knutsson i Lunden Mosdøl og kona, Birgit Torleivsdotter, og dermed var han bror åt Gunhild, som gifte seg med Tarjei Åsmundsson i Berdalen Der nede i 1755.

Såleis var Knut og Hæge altså båe monaleg skylde i Berdalen. I 1757 laut dei stå offentleg skrifte for «leiermål», fortel kyrkjeboka, men der står korkje at dei har døypt eller gravlagt noko barn då, endå dette er den einaste tenkelege grunnen til ei legemålstiltale. Me lyt vel då tru at barnet har døytt, og at presten Grøgaard har forsømt å notere det.

«Knut skulle vera heller kvendskjen», skriv Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal I, 70), som også fortel at Jon Åkre i Valle ein gong stempla han som «bygdetjoren». Så det kan vel ha vore noko ymist. Iallfall ser me at han i 1750 hadde fått sonen Kjetil, som vart døypt 28.10. det året. Mora var Astrid Bjørgulvsdotter Breive, som sidan vart gift med Alv Andresson Holen.

Kjetil Knutsson livde opp og vart vaksen. Han gifte seg i 1799 med Ingebjørg O. Gjerden, ei dotter åt Olav Olavsson Gjerden og kona, Gunhild Tarjeisdotter, fødd Nesland. Kjetil og Ingebjørg fekk ikkje born. I 1801 ser me at dei var tenestefolk hjå Åvold Tarjeisson i Utistog Byklum. Ingebjørg døydde i Byklum i 1808.

Kjetil vart også gravlagd derifrå, men det var 22 år seinare. I den gamle gards- og ættesoga les me (193) at «Knut Mikkelsen kjøpte Maurli av «Berdalens opsiddere», Arne og Tarjei Osmundssønner, ca 1755», men akkurat såleis kan det snautt ha vore. Rett nok påsto Svein Knutsson for forlikskommisjonen i 1825 at Maurlii «var kjøpt af hans Fader omtrent 70 Aar tidligere», men framleis skulle det svarast 2 dalar i årleg leige til oppsitjarane i Berdalen, så då var det iallfall ikkje tale om eit reint kaup. Helst vil me vel tru at det Knut kaupte var ein bruks- eller rudningsrett, eller eventuelt eit ervefeste, ettersom både sonen og sonesønene vart sitjande på plassen.

Men vanleg sjølveigar var Knut altså ikkje, og i ekstraskattelista frå 1762 vart han notert som husmann under Berdalen. Me trur heller ikkje at han kom hit så tidleg som i 1755. Om han det hadde gjort, ville han snautt ha vorte oppskriven med adresse Mosdøl, då han var for retten for slagsmål det året. Me trur også at han og kona, om dei hadde hatt Maurlii, ville ha budd her, då dei døypte Svein, den fyrromtala sonen, i 1761, men då var dei hjå foreldra hans i Mosdøl. Men året etter var dei som nemnt her, og det var dei framleis då dei døydde, Knut i 1778 og Gunhild i 1792.

Knut var «ei gjetords kjempe», skriv Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal I, 69 f). Han «var ikkje ovstor; men han var trumpen og trykkjeleg laga».

I bolken om Mosdøl har me gjeve att ei historie etter Skar om korleis Knut «knekte» Torleiv Mosdøl i eit slagsmål, slik at Torleiv sidan døydde av skadane. Nå er det slik at denne soga ikkje kan stemme, ettersom Knut døydde i 1778, medan Torleiv Mosdøl livde til 1789. Men kanskje har Skar, eller den som har fortalt han soga, blanda i hop med ein annan Torleiv som Knut var ute etter? Iallfall veit me at han i 1755 var for retten for å ha skamfare ein som vert kalla Torleiv Nesland, så kanskje var det den mannen som døydde av skadar Knut hadde påført han?

Men dei fylgjande passasjane, som Skar har fortalt i ein fotnote til det fyrromtala, kan i minsto for tida si skuld godt vera korrekte:

Det var basse, Knut. Han handla hjå Per Mørk i Kristiansand. Per fór trått so traudt til å setja innpå han [les: Per var ofte knipen med å gjeva han kreditt]. Då la han til å spåreika og kveda i gata, Knut, ut for glasi: 'Snille min Per, vene min Per, du må injki svelt' 'an Knut Maurliin' i hel', sa han. Og då let Per han få, slikt han vilde.

Eingong han kom til Kristiansand møtte han Per og fruva hans. Knut helsa; han gav Per handi fyrst og so fruva. Men ho gav han lislefinger. Knut skruva til, so ho gniste og kvein, og fingeren rauk av leden. 'De va måten 'enni, de', sa Per, - avdi ho helsa så vanvyrdleg.

Det er nok uvisst om det mona å kveda om den snille og vene Per etter denne siste hendinga.

Eldste sonen overtok som husmann på plassen etter at foreldra var borte:

Svein Knutsson Maurlii, f 1761, d 1826

g 1794 m Tjodvor Tovsdtr. Mosdøl, f 1755, d 1831. Born:
  • Knut, f 1794, g 1828 m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Jon, f 1796, d fyre 1865, sjå nedanfor
  • Olav (e.), f ca 1797, g 1825 m Åshild Auversdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Olav (y.), f 1799, g 1826 m Torbjørg Tarjeisdtr. Bjones, sjå nedanfor

Tjodvor Tovsdotter var frå Berget Mosdøl, og dotter åt Tov Tarjeisson Eilaugdalen på det bruket og kona, Tone Alvsdotter. Attåt borna i lista ovanfor hadde Svein endå ein son som heitte Olav, som vart fødd i Mosokn i 1793. Mor hans heitte Margit Hallvardsdotter Hus, og vart i 1829 gift med ein enkemann som heitte Torleiv Hallvardsson Asia. Olav Sveinsson gifte seg i 1817 med ei Gyro Åsmundsdotter, fødd 1792, og budde sidan med henne på plassen Nivelking under Haugehåtveit. Han døydde i 1831 (jfr. Mo bygdebok I, 431).

Jon Sveinsson fekk i 1825 sonen Knut. Mora var Hæge Tarjeisdotter Bjones, syskenbarnet hans, som 5 år seinare gifte seg med Jon Auversson Vatnedalen. Knut Jonsson vart berre vel så eitt år gamal, og døydde i Bjones. Om far hans veit me elles ikkje anna å melde enn at me ikkje har funne han omtala i kyrkjeboka etter 1825, så me reknar med at han har døytt i ei anna bygd, og at dette har vore fyre folketeljinga frå 1865 vart oppteke.

At «Knut og Olav fekk halve Maurlii kvar av faren Svend Knudsen», slik den gamle gards- og ættesoga (194) melder, tykkjest på ein måte å stemme. Iallfall fekk dei i 1836 tinglyst ei semje seg imellom frå 1825, om at dei skulle dele plassen. Men som me var inne på ovanfor åtte snautt Knut Mikkelsson meir enn ein bruksett, eller eventuelt eit ervefeste, og heller ikkje Svein Knutsson er nokonstad notert som noko anna enn husmann. Men sønene hans budde her med kvar sin huslyd, både Knut og dei to Olav-ane, så utan rettar til plassen var dei nok ikkje. Me skal taka dei fyre oss etter tur:

Knut Sveinsson Maurlii, f 1794, d 1867

g 1828 m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, f 1793, d 1845. Born:
  • Tjodvor, f 1828, d 1844

Gunvor Gjermundsdotter var frå Uppistog Byklum, dotter åt Gjermund Gunsteinsson Stavenes på det bruket og kona, Margit Tallaksdotter, fødd Byklum.

Knut hadde også sonen Dreng, fødd 1824, død 1829. Mor hans var enka Anne Sigurdsdotter Mosdøl.

Det kan sjå ut til at Knut og Gunvor flutte frå plassen etter at dottera døydde i 1844, for då Gunvor døydde året etter, vart ho oppskrive som «inderstkone» i Stavenes. I 1865 var Knut legdslem og innlosjert i Hovden Der uppe. Då han døydde i 1867 vart han oppskriven med etternamnet Maurlii, men ettersom han framleis var på legd, hadde han ingenstad fast tilhald på den tida.

Den eldre av dei to Olav-ane budde også ei tid med familien sin i Maurlii, sidan heldt han til andre stader, men kom attende hit på slutten.

Olav Sveinsson Maurlii (e.), f ca 1797, d 1870

g 1825 m Åshild Auversdtr. Vatnedalen, f 1793, d 1847. Born:
  • Svein, f 1826, d 1849, drukna under tømmerfloting i Holen, ug
  • Auver, f 1828, g 1854 m Tone Pålsdtr. Byklum, sjå Myri under Gjerden
  • Alv, f 1833, g 1855 m Anne Helleiksdtr. Glidbjørg, sjå Glidbjørg

Åshild vart oppskrive med adresse Vatnedalen då ho gifte seg, ettersom foreldra hennes budde der på den tid. Dei var Auver Jonsson Holen og kona, Turid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

Olav og Åshild var husmannsfolk i Maurlii iallfall til våren 1829, men då tykkjest dei ha flutt til ein plass i Byklum. Sidan vart dei noterte som busetar med adresse i den same garden, det ser ut til at dei var i Austistog. Dei budde der då Åshild døydde i 1847, og Olav var framleis i Byklum så seint som i 1854. Seinare veit me at han var attende i Maurlii, og helst trur me at han reiste hit fyre broren, Olav (y.), døydde i 1855.

Men i 1865-folketeljinga er Maurlii ikkje registrert i det heile. Dette kunne kanskje tyde på at her ikkje var nokon, men andre folkelause verestader vert i denne teljinga jamt oppskrivne som «ubeboet». Dertil kjem det merkelege at Olav Sveinsson(e.) heller ikkje er å finne nokon stad i denne teljinga, endå me veit at han ikkje var død på den tid. Kan han då ha likevel ha budd i Maurlii i 1865, men så har teljarane av ein eller annan grunn gått plassen forbi? Dette veit me ikkje, men me vil i det minste rekne det som mogeleg.

Iallfall fortel kyrkjeboka at han døydde i Maurlii 5 år seinare, og at han då livde av fatighjelp. Den yngste av dei to Olav-ane hadde ein liknande lagnad:

Olav Sveinsson Maurlii (y.), f 1799, d 1855

g 1826 m Torbjørg Tarjeisdtr. Bjones, f 1803, d 1899. Born:
  • Svein, f 1827, d 1829
  • Svein, f 1830, g 1871 m e Brita Kolbeinsdtr. Vatnedalen, sjå Vatnedalen Der sø, gnr 6, bnr 1
  • Tjodvor, f 1833, g 1862 m em Salmund Knutsson Breive, sjå Eldhusåkeren Breive, gnr 1, bnr 5
  • Tarjei, f 1835, d 1913, utfl. til Fyresdal 1869, g 1. 1874 m Gunhild Talleivsdtr. Fosstveit, f 1841, d 1883, busett Nauskota under Lofthus, gnr 11; g 2. 1884 Jorunn Gjermundsdtr. Krøne, f 1844, d 1892, busett Nauskota; g 3. m Anne Åsmundsdtr. Myrland, f 1849, d 1935, busett Myrland u Greivstad, gnr 40, ikkje born i noko av ekteskapa, jfr. Fyresdal Gards- og Ættesoge, bd I, 186, bd II, 837
  • Birgit, f 1838, d 1851
  • Margit, f 1845, d 1858

Torbjørg Tarjeisdotter var dotter åt Tarjei Knutsson Mosdøl eller Maurlii og kona, Birgit Tarjeisdotter. Tarjei Knutsson att var son åt Knut Mikkelsson Mosdøl, og dermed bror åt godfar til Olav Sveinsson.

Torbjørg og Olav var husmannsfolk i Maurlii i heile ekteskapet sitt. Kring 1850 var også Såve Knutsson og folket hans her, og budde som busetar. Det er fortalt meir om Såve i bolken om Hagen i Berdalen.

Då Olav Sveinsson(y.) døydde i 1855 var han fatiglem, står det. Me trur helst at broren, Olav (e.), budde her saman med han på denne tid. Me vil altså tenkje oss at Olav (e.) og huslyden åt broren har budd ilag her frå noko fyre 1855. Men etter at borna åt broren flutte i frå, og den eldste av brordøtrene ein gong fyre 1865 tok med seg mor si åt Vatnedalen, har Olav (e.) vorte åleine att. I 1873 var han truleg så gamal og kruslen at det ikkje gjekk lenger, og me kan tru at dette er bakgrunnen for at Olav Arnesson Der uppe det året sette bort plassen til ein ny husmann. Vidare gjet me på at det var ein del av avtala til den nye mannen at Olav Sveinsson (e.) skulle få verta buande livet ut. Det veit me at han gjorde.

Den nye husmannen var fødd i Vinje, står det i folketeljinga frå 1875, og difor også i den gamle gards- og ættesoga (194). Dette er rett, men sumt kan likevel leggjast innåt. Det kjem me straks attende til, men lat oss fyrst få med nokre namn og årstal:

Ånund Tarjeisson Juvet, f ca 1826, d 1887

g 1860 m Anne Knutsdtr. Hovden, f 1838, utfl. til Mo 1887, til Amerika 1889(?), ikkje born.

Anne Knutsdotter var dotter åt Knut Sigvaldsson Hovden og kona, Gyrid Sveinsdotter. Det vil då seia at ho var syster åt Svein Knutsson Hovden eller Tveiten.

Ånund var fødd i Sudistog Våmartveit i Vinje som son åt Tarjei Augundsson Våmartveit og kona, Anne Øysteinsdotter. Rikard Berge har fortalt noko om desse folka (Vinje og Rauland, III, 440):

Torgeir fekk Helga Øysteinsdotter Jordebrekk og flutte henne heim til Vaamartveit. Der kunde ho ikkje trivast, og so flutte dei vest att. [...]

Torgeir vart [etter dette] kalla Torgeir Jordebrekk eller Torgeir Juvet, med di han sette seg ned på plassen Juvet under Jordebrekk [...].

Torgeir var ein ryse til kar, sterk og uvyrden. Han dengde suldølane so dei «kjende ikkje til seg». Han vippa'n Eirik Uppigard Roaldkvam heilt yvi hesten, ein gong dei slost. Ei onnor vende dengde han den beste karen i Sandsokn.[...].

Augun, son hans Torgeir, fekk ho Valborg, dotter til Eirik Roaldkvam, og etter deim er ætt baade i Suldal og Sandsokn. Aanund Sæsvoll heitte bror hans Augun; han fekk ho Anne Maurlidi i Bykle, ei av dei mætaste sogesegjarar og visekvedarar. Dei drog til Amerika.

Det her fortalde tykkjest stort sett å stemme, så langt me kan kontrollere det. Suldals bygdebok (1972, 692) stadfester at Tarjei Augundsson og Helga Øysteinsdotter budde der Berge seier, og Ånund var døypt i Vinje, medan både yngre og eldre sysken var døypte i Suldal. At Ånund og Anne heldt til på Sæsvoll nokre år er mykje truleg, men i folketeljinga frå 1865 er dei det året er oppførde på «Driftebeitet Bredvandsflotten», og har vel då halde til på Breivestøylane. At Anne vert kalla Anne Maurlii som ugift, er sjølvsagt gale, men at ho var god sogeseiar og visekvedar, trur me gjerne, ho var nok ikkje syster åt Svein Hovden for ingenting.

Men at Ånund og Anne drog til Amerika, slik Berge seier, kan me ikkje stadfeste. Anne kan kanskje ha emigrert, men mannen hennes døydde som busete på Nordgarden i Mo i 1887 (jfr. Mo Bygdebok I, 536), og Valle kyrkjebok opplyser at Anne Knutsdotter Hovden, fødd 1838, i 1889 fekk attest for at ho hadde flutt til Mo 2 år tidlegare. Det kunne i og for seg godt tenkjast at ho skaffa seg denne attesta avdi ho skulle til USA, ho hadde to farbrør i det landet, veit me, men me har leita til fånyttes etter henne i dei tilgjengelege emigrantprotokollane og i amerikanske folketeljingar. For den saks skuld er det likevel mogeleg at ho kan ha teke ut, emigrantprotokollen frå Stavanger finst berre som ein ufullstendig rekonstruksjon, og det amerikanske folketeljingsmaterialet frå 1890 vart diverre makulert. Kvar det i røynda vart av henne er då usikkert, og me er heller ikkje sikre på nett kor lenge ho og Ånund budde i Maurlii.

Men i 1884 skal Svein Knutsson Tveiten (Hovden), etter kva han sjølv seinare fortalde, ha kaupt Maurlii for 200 kr, som vart betala med tresko til 75 øre paret. Seljaren var eit handelslag i Mo, fortalde han til Knut Hoslemo. Denne soga kan kanskje vera rett, men i så fall har han vore inne som eigar av Maurlii to vender.

Iallfall er det tinglyst at han kaupte Maurlii saman med Jeiskeli hjå Jon Andersen Stannfjell i 1896. Men nå er det likt til at det må det gått fyre seg minst eit par ikkje tinglyste handlar her, så det er vanskeleg å få fullt oversyn over det som skjedde. I 1898 var det i alle høve Sigbjørn Olavsson Holen i Der nede som var eigar, og han lyt vel då i sin tur ha kaupt hjå Svein? Iallfall var det han som selde 3/7 av Hagen, bnr 5, til Bjerke og Foss i 1898, og slik me skjønar det må den gamle plassen Maurlii ha gått inn i denne parten. Om dette ikkje hadde vore såleis, skulle snautt den delen av Hagen som Bjerke og Foss kaupte ha vorte kalla «Maurelien» ved skyldsetjinga. Dette nye matrikkelbruket fekk bnr 9, og ei landskyld på 12 øre, som vart trekt ifrå på skylda åt Hagen. Så vidt me kan oppfatte femnde bnr 9 frå 1898 både over det nåverande bnr 9, som er den store fjelleigedomen nordanfor Nordli, og delar av det som nå er Nordli, bnr 18.

I 1905 gjekk ein del av eigedomane åt Bjerke og Foss på auksjon. Svein Hovden fekk då tilslaget på Hovden Der nede (gnr 2, bnr 1) og Maurlii (gnr 3, bnr 9) for i alt 1900 kr. Men året etter selde han vidare til A/S Sætersdalen for kr 2440. Ved dette salet fekk han «ret til forpagtning af de bortsolgte eiendomme og dertil Jeiskelien, gnr 3, bnr 7, mod aarlig afgift kr 125.»

Etter dette åtte A/S Sætersdalen bruket. Selskapet gjekk konkurs i 1911, men Otteraaens Brugseierforening overtok aksjane, rekonstruerte selskapet og dreiv det vidare.

I 1938 eksproprierte Helleik Sigbjørnsson Jeiskeli bruket sitt (bnr 7) frå A/S Sætersdalen. I denne operasjonen fekk han også med bnr 12, Jeiskeliskogen, som gjekk ut frå bnr 6 Berdalsskogen, og bnr 11 Øygarden. Sistnemnde gjekk ut frå bnr 9 med 3 øre og frå bnr 6 med 1 øre.

Helleik overdrog eigedomane sine til sønene Sigbjørn og Knut i 1942. Då Knut gifte seg 3 år seinare, kløyvde dei ifrå eit bruk som til dagleg heiter Nordli, men som vart ,atrikulert under namnet Lien med bnr 18. Dette vart då skilt ut frå bnr 7 og bnr 12, med ei skyld på 6 øre. Knut bygde seg nytt tun på den nye brukseininga.

Det nye tunet ligg ved riksvegen. Det gamle Maurlitunet hadde lege 500-600 m nordan- og vestanfor, men Nordli femner over eit monaleg større areal enn det som hadde høyrt til den gamle husmannsplassen.

Knut og Sigbjørn heldt fram med å eige Nordli og Jeiskeli saman til 1967. Då skøytte dei Jeiskeli over på den yngre broren Salmund, og Sigbjørn skøytte sin halvpart av Nordli over på Knut, slik at han åtte heile dette bruket.

Knut H. Jeiskeli ca 1939.
Foto: Tor Roy Nyblin
Knut, Sigrid og Kay Jeiskeli i jula 1964.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Knut Helleiksson Jeiskeli, f 1904, d 1993

g 1945 m Sigrid Knutsdotter Bjåen, f 1917, d 2000. Adoptivson:
  • Kay Arne, f 1946, sjå Glidbjørg

Sigrid Knutsdotter var frå Bjåen Sud i Stoga, og dotter åt Knut Bjørgulvsson Bjåen og kona, Torbjørg Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Knut var anleggsarbeidar og småbrukar i Nordli. Han sette opp ny stoge på bruket sitt i 1946 og uthus i 1953. I fjoset hadde han og Sigrid eit par kyr, 10 - 15 sauer og nokre høns. Dei var barnlause, men i 1951 adopterte dei ein gut frå Drangedal, som heiter Kay Arne. Han overtok Nordli i 1974. Ettersom han bur i Systog Glidbjørg, vert han nærare presentert i bolken om det bruket.

I tida mellom 1974 og 2003 har det vorte utskilt 58 festetomter til hytter på eigedomen. Storleiken på heile Jeiskeli vert oppgjeve til 23.600 mål, og me torer slumpe på at Nordli kan vera omtrent tredjeparten av dette, altså ein stad mellom 7000 og 8000 mål.


0941 Bykle komm.png Maurlii (Bykle gnr 3/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri Berdalen • Neste bolk: Haugen Berdalen