Meinstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Meinstad
Fylke: Telemark
Kommune: Fyresdal
Gnr.: 38
Bnr: 1

Garden Meinstad gnr. 38/1 i Fyresdal kommune har hatt ei omskiftelig historie. Fra 1720 til 1742 fungerte den som kapteinsgard. Etter dette var garden både privat bustad og skulelokale.

Garden Svalestog gnr. 38 var opphavleg frigard for kapteinen. Etter den store nordiske krigen vart det bestemt at offiserane skulle bu i kompanidistrikta sine. Eit stykke skrinn innmark i fellesskogen mellom Svalestog og Prestegarden vart difor målt opp av lensmannen i 1720. Dette var på 15 stenger eller 90 alen i kvadrat. Her budde det offiserar fram til 1742.

Meinstad som kapteinsgard 1720–1742

Kaptein Powisch bygde huset som vart kalla Kapteinshuset, eller Meinstad som plassen etter kvart kom til å heite. Etter kvart budde «captaines des armes» der. Det vart bygd diverse hus, der var ein del dyr og kapteinane tok seg store fridomar andsynes grannane. Det er difor sagt at det var på grunn av at denne staden var så mykje til mein at den fekk namnet Meinstad. Om dette fortel Jon Laurits Qvisling inngåande i boka si Fyresdals historie. Enno i år 2000 gjekk staden ofte under namnet «Kapteinsgarden».

Meinstad som privat husstad 1742–1867

Der var mange hus på garden, men ofte dårleg vedlikehalde. Etter kvart kom andre eigarar inn i biletet. Ved eit møte om grunnskulen i 1742 vart det røysta for at soknet skulle kjøpe Meinstad til skule og klokkarbustad, men det vart det ikkje noko av. I staden vart det skulestad på Klokkargarden.

Etter mykje ulikt av hendingar for garden vart den i 1867 til slutt seld til Fyresdal kommune. Meinstad vart endeleg nytta til skuletomt og den avløyste då Klokkargarden. Av den gamle kapteinsgarden er mogleg stabburet att, men det er usikkert.

Meinstad skulehus

Meinstad som skule 1869–1905

Skulehuset på Meinstad vart bygd 1869 og der var skule fram til 1905 då Gimle skule vart bygd. Bygningen hadde skulestove og husvære for kyrkjesongar og i tillegg eit rom disponera av kommunen. Teikningar frå 1866 er mykje i samsvar med Feragen sin illustrasjon av 1861 i Den Norske Folkeskole.

Meinstad i 2011

Slik bygningen står i 2011 er der nye golv i fyrste høgda, elles er skulesalen intakt. Dei andre roma i fyrste er kledd, litt endra. Gangen oppe, dei to soveroma i gavlane, kotta på sidene, alt der ser ut til å vere uendra. Frå 1905 har bygningen vore nytta til ulike formål, i 2011 er der mellom anna diverse kontor for kyrkja.

Sjå og

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Mydland, Leidulf: «Skolehusene» i Fortidsvern 1/2007.
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.