Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Metode:Gards- og slektshistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Se også Hjelp:Hvordan skrive om garder, bruk og plasser?
Slekta på Halsbogen under Hals på Tustna i 1931.

Gards- og slektshistorie. Som det framgår av sjølve nemninga, består denne typen bygdebok av to hovudkomponentar. Gardshistoria tek for seg garden, bruket eller plassen sett som bustad og "småsamfunn", som driftseining og eigedomsobjekt. Slektshistoria gjev oversyn over dei familiane som til kvar tid har budd i dei einskilde heimane, med meir eller mindre fyldige persondata.

Ei nærare drøfting av innhald og oppsett i gards- og slektshistorie finn du under forfattarrettleiing. Enkeltforfattarar - t.d. Johan Borgos som har skrive bygdebøkene for Vesterålen – Øksnes, Andøy og Sortland - har lagt ut nærare informasjon om metoden på eiga heimeside.

Innhold

Gards- og bruksnummer. «Matrikkelgard» og «namnegard»

Gards- og slektshistoriebøkene er til vanleg ordna etter gards- og bruksnummer, dvs. etter det offentlege registeret (matrikkelen) som blir ført over grunneigedomar. (Sjå t.d. matrikkelutkastet 1950. Dei gardsnummera som i hovudsak er gjeldande også i dag, vart innført med matrikkelen 1886.)

Når bygdeboka følgjer dette systemet, blir det skrive eit kapittel for kvart gardsnummer, med underkapittel for kvart enkelt bruksnummer etter kvart som nye eigedomar/driftseiningar/bustader blir skilde ut.

Eit gardsnummer omfattar eitt eller fleire bruksnummer, og under kvart bruksnummer kan det vere ein serie festenummer. Graden av bruksdeling er geografisk og historisk sterkt varierande. Til dømes der det har danna seg tettstader, kan eit gardsnummer kome opp i titals og hundretals av bruks- og festenummer. Dessutan blir det frådelt mange eigedomar med eigne bruks- og festenummer - t.d. skogteigar, nausttomter o.l. - utan at det blir bygt bustader der. Slike einingar er det ikkje vanleg å omhandle særskilt i gards- og slektshistoriebøkene.

Det området som er omfatta av eitt gardsnummer (eller tilsvarande i tidlegare matrikkelnummeringar) blir stundom kalla for matrikkelgarden.

Inndelinga i kapittel etter gardsnummer kan ikkje alltid gjerast mekanisk, men må tillempast dei konkrete tilhøva på staden. Ofte ser ein at to eller fleire nabogardar med kvar sine gardsnummer, men med same namn, blir behandla i eitt kapittel, da det er openbert at desse gardane opphavleg har utgjort ei eining. Ei slik eining har av busettingshistorikarane gjerne vore kalla ein namnegard.

Som regel vil det vere aktuelt også å omtale for seg bustadeiningar som ikkje har eige bruksnummer (umatrikulerte einingar). Det gjeld særleg husmannsplassar og liknande. Slike einingar blir vanlegvis førde i tur og orden i kapittelet om vedkomande gards- og bruksnummer som bustadene høyrer inn under.

Ei misvisande sjangernemning?

«Gards- og slektshistorie» er ikkje noko særleg presis og dekkande nemning på denne sjangeren i vår tid. Som mange har påpeikt, kunne det vere betre å nytte «busetnads- og befolkningshistorie», «bustad- og familiehistorie» eller liknande.

Grunngjevinga for dette er for det fyrste at det ikkje lenger blir skrive berre om bondegardane i slike verk, men om husmannsplassar, strandsitjarstover, villaer, rekkehus og einebustader i bustadfelt osv. - kort sagt alle typar heimar.

For det andre bør sjangernemninga avspegle at slike verk ikkje er slektshistorie i eigentleg forstand. Det er ikkje dei einskilde slektene som blir kartlagde i alle sine forgreiningar over tid og på tvers av geografien. Utgangspunktet er den enkelte heimen, og ein følgjer «slektene» der berre så lenge vedkomande familiar eller enkeltpersonar har tilhald i den heimen, eventuelt med tilvisingar til kvar det blir av dei når dei flyttar.

Men også nye sjangernemningar kan by på problem. Til dømes assosierer «busetnads- og befolkningshistorie» til demografiske og busetjingshistoriske fagdisiplinar som ikkje er bundne til nokon bestemt boksjanger.

«Gards- og slektshistorie» har i alle høve så sterk hevd at vi har funne det rett å behalde omgrepet som oppslagsord.

Grendehistorie

I enkelte bygder har ein valt å skrive "grendehistorie" framfor "gardshistorie". Da tek ein for seg felleshistoria til naturlege deleiningar av bygda som (vanlegvis) omfattar meir enn "matrikkelgarden" eller "namnegarden" - dvs. grender, tettstader el.l. Det som skil denne sjangeren ut frå allmenn bygdehistorie, er at ein har behalde den personal- eller familiehistoriske delen for kvar einskild heim innan grendene.

Litteratur

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy