Mikkel Nilsson Steinset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mikkel Nilsson Steinset (fødd 1808, død 17. april 1881) var gardbrukar i Syegarden (Oppigarden) Steinset (bnr. 9) i dåverande Nord-Aurdal kommune, no i Etnedal kommune.

Bakgrunn

Mikkel Nilsson vaks opp i Systogo Steinset (bnr. 7), som son av Nils Mikkelson og Tora Johannesdotter. I Systogo var det ein stor syskenflokk, og dette førte til at garden vart delt. Medan broren Nils fekk skild ut Rundesletten som eige bruk, fekk Mikkel ein annan part av Steinset. Denne vart frå Sørre Steinset kalla Oppigarden, medan grannane i Øvre Steinset omtala han som Syegarden.

Ekteskap og born

1. desember 1844 gifte Mikkel Nilsson seg med den 16 år yngre Astrid Larsdotter (1823-92) frå Ton, ein annan gard i Nord-Etnedal. På denne tida var det inga eiga kyrkje i bygda, så dei vart vigde i Skrautvål kyrkje.

Mikkel og Astrid Steinset fekk desse borna:

  • Tora (1845-1916), gift med Harald Olsson Kvedne, kjøpte Sørre Tøllehaugen 1882.
  • Ragnhild (1847-1906), gift med Anders Nilsson, kjøpte Rundesletten.
  • Nils (1850-1926), gift med Ingeborg Nilsdotter, overtok Syegarden etter foreldra.
  • Lars (1854-1913), ugift.
  • Ole (1857-1887).
  • Ingeborg (1860-1888).

Gardsdrift

I 1866 vart garden taksert, og høveleg dyrkbart åker- og engareal vart sett til 11 mål. Anna engareal vurderte takstmennene til 15 mål. Men garden hadde òg ei seter, så det vart til saman 31 skippund høy, 400 kjerver lauv, hamn og attåtfôr, nok til eit dyrehald på 1 hest, 4 kyr og 12 småfe.

Mikkel Nilsson på Steinset døydde 17. april 1881, og vart gravlagt frå Nord-Etnedal (Ton) kyrkje. Denne sto ferdig i 1866.

Kjelder og litteratur