Mikkel Trøan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mikkel Embretsen Trøan (fødd i Os i Østerdalen 20. april 1817, død i Kristiania 28. desember 1891) var lærar, lærebokforfattar, bladutgjevar og aktiv i den skulepolitiske debatten rundt midten av 1800-talet.

Han var fødd og oppvaksen på garden Trøan i Dalsbygda i Os. Foreldra var Embret Estensen Trøan (1875-1860) og Berit Solandsdotter (1783-1836), fødd på Nirstun Østgarden, også i Dalsbygda. Mikkel var den femte i ein syskenflokk på sju. Han var dotterson av Soland Jonsen Østgaard, nevø til Michael Østgaard og fetter til Nikolai Ramm Østgaard. Av syskena er særleg Esten (fødd 1809) og Anders (fødd 1812) kjende.

Mikkel Trøan var gift to gonger, fyrst med Hilda Evensen, så Thea Knudsen (1837-1889).

Trøan var fyrst ei tid fastskulelærar i Tolga (1840-1843), ei stilling han overtok etter broren Anders. Så fekk han lærarutdanning ved Asker seminar 1843-1845, der han tok eksamen med beste karakter («Rosværdig»). Dei fyrste to åra etter lærareksamen verka han som huslærar, fyrst i nærleiken av Porsgrunn, så i Vestfold. Frå nyttår 1849 vart han omgangsskulelærar i Aker, der han fekk fast skule i 1853. Frå nyttår 1854 tok han til som lærar ved Christiania Almueskoler, der han var tilsett i over 30 år, til 1886.

Mikkel Trøan gav ut fleire små lærebøker, mellom anna i geografi, religion og kyrkjehistorie, og han skreiv stykka om framande land og verdsdelar i P.A.Jensens lesebok frå 1863.

I året 1859 utgav han månadsbladet Snakkeren. Et Blad for Menigmand. I tidsrommet 1861-1863 gav han ut i alt 10 nummer av eit anna blad, Kveldsstunden. Trøan skreiv elles ei mengd småstykke og artiklar i andre aviser og blad, særleg da om skulespørsmål Han var som broren ven og forbundsfelle med Ole Vig.

Både Mikkel og broren Anders vanka truleg i foreininga Tollekniven, der dei i så fall kom i hop med fetteren Nikolai Ramm Østgaard og kanskje også Aasmund Olavsson Vinje, som iallfall Anders sikkert kjende frå Asker seminar. Vinje gjekk der i åra 1841-1843.

Kjelder og litteratur

  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os. Bygda og folket. Bind I. Os kommune 1999.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B.Halvorsen, fullført av Halvdan Koht. 5. bind.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Mikkel Trøan i Historisk befolkningsregister.