Modulbygg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Modul Bygg AS er eit trelastfirma i Sykkylven, etablert i 1982. Firmaet har heile tida vore drive av Anton Flemsæter frå Ikornnes. Flemsæter tok yrkesutdanning som snikkar, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1976, byrja han som sjølvstendig bygningssnikkar. Dette dreiv han med fram til 1986 då han starta byggvareforretning ved kaia i Straumgjerde der han kjøpte seg tomt og bygde ein stålhall. I 1988 registrerte han firmaet som aksjeselskap og flytte verksemda til Stave ved Ikornnes, der han tok over lokala etter det konkursråka Stave Bygg. Han utvida området, bygde ny trelasthall og nytt kontorbygg der.

Modul Bygg hadde ei god utvikling i åra framover og var betydelig leverandør av byggevarer til industri, snikkarfirma og privatpersonar i distriktet. På det meste hadde firmaet fem tilsette og leigde i tillegg inn snikkarlag for oppføring av bustadhus og hytter.

I 2013 vart Anton Flemsæter råka av ein alvorleg kreftsjukdom og bygningar og varelager vart selde. Han kom seg gjennom sjukdomen og i 2014/15 bygde han ein ny hall ved den første hallen i Straumgjerde, kjøpte inn maskiner og starta med elementproduksjon til hytter på Fjellsæter og Strandafjellet. Elementa blir produserte i lengder på 6-7 meter, ferdige med glas og dører og beisa bordkledning. Desse elementa blir frakta til fjells og krana på plass.

Kjelde

  • Anton Flemsæter i samtale med Eldar Høidal, desember 2015