Moen (Bykle gnr 17/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Moen
Trydal 24.jpg
Moen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1906
Utskilt: 1897
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 17
Bnr: 8
Type: Gardsbruk

Moen er eit bruk på Trydal i Bykle kommune. Det var Hallvard Knutsson frå Der inne som fyrst overtok Moenplassane saman med det gamle Nordstog. Sidan bytte han med broren Tor, slik at Hallvard fekk Der inne, medan Tor tok Moen i bruk. Den formelle frådelinga av bnr 8 fann stad i 1906.

Om det var då Tor flutte hit, eller om han venta til han hadde gift seg i 1908 er uvisst, men iallfall var det omtrent ved dette leitet.

Tor K. Trydal ca 1907. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
Torbjørg Jonsdotter Bjones ca 1900. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
Moen, Trydal, riving av høystakk ca 1930. Mannen på biletet er ikkje lett å kjenne att, men er truleg Tor Knutsson. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Moen i Trydal ein gong på 1940-talet. Ho som står til høgre er Torbjørg J. Trydal, fødd Bjones (1883-1945). Torbjørg og Tor dreiv på denne tid og tok imot turistar, og dama til venstre er truleg ein av desse. Bilete frå Setesdalsmuseet.
  • Tor Knutsson Trydal, f 1885, d 1978
g 1908 m Torbjørg Jonsdtr. Bjones, f 1883, d 1945. Born:
  • Knut, f 1908, politi, d 1973, g m Anne Karine Spangereid, busett Oslo, ikkje born
  • Gyro, f 1910, gardkone, g 1937 m Åsmund Drengsson Byklum, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Ingebjørg, f 1912, gardkone, g 1936 m Hallvard Olavsson Mosdøl, sjå Kultran, gnr 14, bnr 8
  • Jon, f 1914, g 1941 m Torbjørg Torjusdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1916, d 1978, jernbanemann, busett Nodeland, g 1949 m Gyro Gunnarsdotter Brokke, f 1923, d 1983, born:
  • Tor, f 1951, d 2002, g m Karin Margrethe Trydal, busett Nodeland til 1987, seinare Søgne
  • Gunnar, f 1956, g m Oddbjørg Tove Ånensen, busett Sarv i Bykle 1979-1988, seinare Søgne
  • Dreng, f 1918, g 1947 m Borghild Knutsdtr. Trydal, sjå Der inne, bnr 1
  • Hallvard, f 1921, militær, busett Kristiansand, g m Siv Glattetræ, born:
  • Torgunn, f 1951
  • Jarle, f 1961
  • Tarald f 1923, tvill., bankmann, busett Oslo, g 1954 m Gyrid Jonsdtr. Løyland, f 1926, born:
  • Torunn, f. 1955
  • Liv, f 1959, jfr Valle VI, 133
  • Olav f 1923, tvill., d 1999, snikkar, g m Edith Bringsjord, busett Chicago, born:
  • Thor, f 1954
  • Ragnar, f 1958


Torbjørg Jonsdotter Trydal var dotter åt Jon Drengsson Bjones, fødd Byklum og kona, Ingebjørg Drengsdotter, fødd Mosdøl.

Tor Knutsson sette opp ikkje så få hus på garden. I 1913 var det nye fjoset ferdig. Sidan fylgde eldhus i 1935, løe i 1936 og badstoge i 1945.

Eldstesonen Jon var ei tid utanfor bygda. Då han gifte seg i 1941, budde han i Kristiansand, og hadde yrkestittelen teknikar. Etter giftemålet flutte han heimatt til Trydal. Formelt overtok han gardsbruket av faren i 1947, men i praksis gjekk nok overtakinga fyre seg noko tidlegare.

  • Jon Torsson Trydal, f 1914, d 1992
g 1941 m Torbjørg Torjusdtr. Stavenes, f 1916, d 1998. Born:
  • Torbjørg, f 1941, husmor, g 1966 m Kenneth Gunnar Anderson, Lillesand, busett Chicago, born:
  • John Eric, f 1967
  • Keith f. 1971
  • Mark, f 1975
  • Tor, f 1943, d 2005, mekanikar, g 1979 m Bjørg Gamst, sjå Myri, gnr 17, bnr 8, fnr 1
  • Angerd, f 1947, g 1973 m Gunvald Mosdøl, sjå nedanfor
  • Torjus, f 1949, d 1986, sosialsjef, g 1970 m Tone Bjugsdtr. Sollid, sjå Sarvskroken, gnr 15, bnr 30
  • Reidar, f 1955, ingeniør, g 1983 m Ingebjørg Hoslemo, sjå Ohmsbu, gnr 15, bnr 51

Torbjørg Torjusdotter var dotter åt Torjus Knutsson Stavenes, som dreiv landhandel og hotell på Solhaug i Byklum, og kona, Angerd Taraldsdotter.

Som ovanfor fortalt hadde Tor Knutsson ført opp ei rekkje hus på garden. Det som sto att å fornye var våningshuset, så det tok Jon seg av. Det nye huset hans sto ferdig i 1952. Av kretur hadde dei i 1954 hest, 4 kyr og 2 kalvar, 20 sauer, ein gris og nokre høns.

Jon Torsson dreiv med fleire handteringar. Då dei døypte Tor i 1943 er han nemnd som snikkar. Sidan vart det nok mest gardsarbeid, men han sette seg også opp sag, så han kunne skjera og selje trematerialar. I åra 1968-75 var Jon ordførar i Bykle. Han representerte Senterpartiet. Han var også likningssjef i Bykle, og sto i den stillinga til 1982.

Angerd Jonsdotter og Gunvald Mosdøl, mannen hennes, budde i fleire år i Oslo, der ho var hjelpepleiar på Ullevål sjukehus medan han var tilsett ved veterinærhøgskulen, og skaffa seg doktorgrad i veterinærmedisin. Dei kom til Valle i 1981, då Gunvald overtok som dyrlækjar i Valle og Bykle (sjå Valle IV, 232). Dei hadde nok båe hug til å flytje heimatt til Bykle, og i 1987 gjorde dei det, overtok gardsbruket av far hennes, og busette seg her i nybygd bustadhus.

  • Angerd Jonsdotter Mosdøl, f 1947,
g 1974 m Gunvald Hallvardsson Mosdøl f 1949. Born:
  • Hallvard, f 1976, lækjar, busett Kristiansand.
  • Torbjørn, f 1980, p.t. (haust 2004) busett Krakow, Polen, under utdanning.

Gunvald er son åt Hallvard Olavsson Mosdøl på Kultro (bnr 8) og kona Ingebjørg Torsdotter, fødd Trydal.

Angerd driv garden med 90 sauer, og arbeider også ein del som hjelpepleiar på bygdeheimen. Gunvald er distriktsveterinær.

Eigedomen vert rekna til å ha eit totalareal på kring 7000 mål, av dette 40 mål dyrka mark og 800 mål produktiv skog.

Tor Knutsson Trydal (1885-1978) hadde 7 søner. Her er han fotografert med 6 av dei ein gong i åra 1945-47. Han som ikkje er med på biletet er Knut (f 1908). Grunnen til at han vantar er nok at det var han som var fotograf. Dei som er med er dei fylgjande, opprekna frå venstre: Jon (f 1914), Tarjei (f 1916), far Tor, Dreng (f 1918), Hallvard (f 1921), Tarald (f 1923) og Olav (f 1923). Bilete frå Setesdalsmuseet.
Moen 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Biletet av Angerd, som kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl, ser ut til å vera frå 1960-åra.
Gunvald Mosdal på bilete teke i fjoset på Bjåen, truleg i 1970-åra. Biletet kjem frå kommunearkivet.


0941 Bykle komm.png Moen (Bykle gnr 17/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ytre Moen • Neste bolk: Myri