Moskenes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moskenes kommune
1874 Moskenes komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1874
Fylke Nordland
Kommunesenter Reine
Areal 118.61  km²
Areal land 110.29  km²
Areal vann 8.32  km²
Folketall 979 (2023)
Grunnlagt 1916: Utskilt frå Flakstad
Sammenslåing(er) 1964: Flakstad innlemma.
Fradeling(er) 1976: Flakstad utskilt som eigen kommune igjen.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Tindshamna mellom Sørvågen og Å i Moskenes kommune.
Foto: Olve Utne (1994).

Moskenes kommune er ein kommune på den sørlige delen av Moskenesøya i Lofoten i Nordland fylke. Kommunesenteret er fiskeværet og tettstaden Reine. Andre fiskevær inkluderer Hamnøy, Sakrisøy, Moskenes, Sørvågen, Tind og Å. Fråflytta fiskevær ved Lofotodden og på yttersida inkluderer Ånstad, Hell(e) og Refsvika. Moskenes kommune grensar til lofotkommunane Flakstad kommune i nord-nordaust og Værøy kommune over Moskstraumen i sør-sørvest. Over Vestfjorden ligg Steigen kommune i aust og Bodø kommune i søraust, begge i Salten.

Natur

Stuvdalsvatnet er eit av mange vatn i kommunen.
Foto: Olve Utne (1994).

Folk og språk

Ein del stadnamn i kommunen vitnar om samisk nærvere. Det tydeligaste av dei er nok sjølve kommunenamnet Moskenes, som etter alt å dømme heng i hop med lulesamisk Måsske — jf. òg øya Mosken rett over Moskenesstraumen. Fjorden Kjerkfjorden med sine bratte fjellsider og smale strandsone har nok fått namnet sitt frå storsteinar — lulesamisk giergge.

Den germanske dialekten i området er i hovudtrekk eit typisk lofotmål: Det er apokope av infinitiv (å vett, å køyr, å komm) og preteritum (Han vesst ikkje ka ho tænkt på.); men svake hokjønnsord held stort sett på -a i ubestemt form (ei granbuska, ei læksa). Det finst ikkje endingsvariasjon etter jamvektsregelen i dialekten. Dei personlige pronomena mister ofte -g (e, me, de, se, var. eg, meg, deg, seg). R-lyden går ofte mot postalveolar approksimant, på liknande vis som på Værøy og Røst og i deler av Vesterålen. Spesielt for dialekten utover mot Sørvågen og Å er ein halvtjukk l i ord som enn stoɭ og ei soɭ der saltværing og helgelending har tjukk l (enn stoł, ei soł) og det meste av Lofoten har tynn l (enn stol, ei sol).

Næringsstruktur

Lofotfisket og tørrfiskproduksjon har utgjort ein vital del av næringsstrukturen i kommunen. Her ser vi en tørrfiskhjell ved Lofoten tørrfiskmuseum.
Foto: Olve Utne (1994).

Samferdsel

Vegen tar slutt rett vestom fiskeværet Å. Den sørvestligaste delen av kommunen så vel som yttersida har aldri hatt veg.
Foto: Olve Utne (1994).

E10 er hovudvegen i kommunen. Endepunktet for vegen er Å, og han går langs innersida av Moskenesøya gjennom Tind, Sørvågen, Moskenes (ferjesamband til Bodø, Værøy og Røst), Reinevågen og vidare på bruer mellom øyane Andøya, Sakrisøya, Olenilsøya, Litl-Toppøya, Toppøya og Hamnøya og så inn Skagen føre han går gjennom Hamnøytunnelen (2014) forbi Liland og kjem ut ved Vassdalsvatnet, der han fortsett mot kommunegrensa mot Flakstad ved Ølkonna. E10 går så vidare nordaustover mot Svolvær, Tjeldsundbrua, Bjerkvik (kryssing av E6) og vidare opp forbi Bjørnfjell og over grensa til Kiruna og Luleå.


Administrasjonshistorie

Militær- og rettshistorie

Det er ikkje kjent kva leidangsinndelinga var i Lofoten kring 1300. I 1648 veit vi at Lofotens fogderi var inndelt i åtte (!) fjerdingar i tillegg til Skrova fiskevær. Flachstad Fieringh (Flakstads fjerding) svarte direkte til vår tids Flakstad og Moskenes kommunar.

Kyrkjehistorie

Moskenes kyrkje blei bygd i 1819 og tok over etter det gamle korshuset på same staden.
Foto: Ukjent (Riksantikvaren)

I Trondhjems Reformats 1589 lå Moskenes under Lofotens prestegjeld med Buksnes som hovudkyrkje. Det var da kyrkje på Flakstad og eit korshusMoskenes, og ein domestico sacellano stod for gudstenestene i desse to. I 1740 blei prestegjeldet delt og Flakstad prestegjeld blei oppretta, med den tidligare kapellanen som sokneprest. I 1819 blei det bygd ei korskyrkje i tømmer til erstatning for det gamle korshuset på Moskenes, og denne blei formelt innvigd i 1821. Det blei bygd eit kapell på Reine i 1890 — den noverande Reine kyrkje. Ved opphøret av prestegjelda i 2000-åra blei det kyrkjelige fellesrådet ikkje delt etter kommunegrensene; det gamle prestegjeldet blei vidareført i Flakstad og Moskenes kirkelige fellesråd.

Kommunehistorie

Moskenes herad blei oppretta gjennom utskilling frå Flakstad herad i 1916. I 1964 blei Flakstad og Moskenes slått i hop igjen, no under namnet Moskenes kommune. I 1976 blei kommunane delt igjen, og noverande Moskenes kommune svarar til Moskenes herad sånn det var i 1916–1963.

Media

Moskenes kommune inngår i dekningsområdet for distriktsavisa Lofotposten (utg. i Svolvær) og regionsavisa Avisa Nordland (utg. i Bodø).

Kjente moskenesværingar

Lenkjer