Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Munkehola

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Munkehola er ei fjellhole frå istida som det knyter seg ei segn til.

Klokkarhamaren med Munkehola i sentrum. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Munkehola i Klokkarhamaren (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

I nordre ende av Fyresvatn er det eit lite fjellparti som heiter Klokkarhamaren. Namnet kjem av at det ligg attmed Klokkargarden, og i bukta her er eit område som er kalla Saukro. Dette namnet kjem nok av at her var det beite for sauene.

Innhold

Munkehola

Der fjellsida vender mot aust og ut mot Fyresvatn er det ei hole ein del høgare oppe enn noverande vasstand. Dette er eit minne om siste istid då vasshøgda var fleire meter høgare enn i dag. Bergarten tilsvarande hola har nok då vore lettare å bryte ned enn bergartane ikring, og frostsprenging og bylgjeslag har så grove ut denne hola som går fleire meter inn i fjellet. Dette er ei jettegryte. Der bølgjene dreg med seg mykje stein og grus kan bølgjeslag og dragsug lage straumkvervlar som grev ut runde jettegryter, ofte skjer desse seg på skrå inn i berget.

Segna om munkane i Munkehola

Ei segn i bygda fortel at det på garden Moghus var eit munkehus, eit hus der det heldt til munkar, men ikkje eit retteleg kloster. Det kan då ha vore eit klosterhospits eller klosterherberge. Ved overgangen frå katolsk til protestantisk tid så måtte munkane ein gong røme frå Moghus og søkte då tilflukt i denne hola. Av dette skal den ha fått namnet sitt. Munkane kjende då sikkert til hola frå før og har kanskje nytta den i fleire samanhengar.

Om munkar i Fyresdal finnast det ikkje noko skriftleg materiale. Det einaste ein i dag har som peikar på noko slikt er ein notat av Christian C. A. Lange i De norske Klostres Historie i Middelalderen:

I Molands Sogn i Øvre Thelemarken beretter Sagnet at her skal have været et Kloster paa Gaarden Moghuus (Múkhús? Munkehuus). Da en Ridevei, endnu kaldet Bispeveien, fører over Seterdalens Fjelde fra Stavanger ned i Molands Sogn, hvorfra en anden Ridevei fører over Hardangerfieldene til Bergen er det ei usandsynligt at Sagnet her har rett, og at her paa Moghuus har være et Klosterhospits, hvortil man ad to Veie kunde søge.

Grunngjevinga her verkar heller spinkel med omsyn til ferdavegane og O. Rygh er ikkje inne på denne tydinga av namnet i det heile. J. L. Qvisling skriv og at segna seier at det på Moghus skal ha vore eit munkehus og syner i den samanhengen til Ch. C. A. Lange. Bendik Taraldlien nemner ikkje noko om ei slik segn, heller ikkje andre ein kjenner til, mellom anna Andreas Faye i Norske Folke-Sagn.

Kjelder og litteratur

  • Faye, Andreas: Norske Folke-Sagn. Guldberg & Dzwonkowski. Christiania 1844
  • Lange, Christian C. A.: De norske Klostres Historie i Middelalderen. Christiania : Chr. Tønsbergs Forlag. 1856 2. omarb. Udg.
* Qvisling, J. L.  Fyresdals historie.  Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. s. 22.
  • Rygh, O. Norske gaardnavne Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914. s. 390.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Eksterne lenker

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy