Murboligen (Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom».

Arkitekt Reimers

Den kjende bergensarkitekten Egill Reimers (1878-1946) står bak bygg som Historisk Museum, Turnhallen og Tinghuset i Bergen. Reimers fekk oppdraget med å teikna den ultramoderne arbeidarbustaden i Odda. Teikningane med utkast til plan og fasade er signerte i september 1913 og byggeperioden blei gjennomført i 1914 og 1915.

Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.

Storbytrend

På denne tida var trenden frå byane å byggja storgårdskvartal som gav romslege felles gårdsrom og klassisk utforma byparti. Leilegheitene var og gjennomgåande og gav gode buforhold. Osloarkitekten Kristen Rivertz (1862-1937) var ein pionér på området. Frå 1911 blei det bygd mange storgårdskompleks på Sagene, Lindern og Torshov i Oslo, og på Laksevåg og Møhlenpris i Bergen. Med Murboligen tok Egill Reimers storbyen til Odda. Men her stoppa utbygginga opp etter berre dette eine bygget på den eine sida av kvartalet.

Monumentalt og likevel intimt

Bygget er verkeleg monumentalt i bybildet. Det fyller heile langsida i kvartalet og har symmetriske sidefløyar. Dette dannar ein meir lukka og privat gardsplass på baksida. Den fint boga gjennomgangen midt på langsida blei ofte kalla "hvelvingen". Det er på fleire måtar eit strengt skille mellom gatasida og "gården" bak, men "hvelvingen" gjorde vegen lett for bebuarane, og ungdomane bruka gjerne å samlast her i det overbygde uterommet. Det enorme loftet var også ein populær og spanande tilhaldsstad og fleire familiar laga ekstra soverom for unggutane her.

Særpreg

Huset har mange oppgangar. Alle familiane hadde tilgang til både hovudtrapp frå gatesida og baktrapp frå kjøkkensida. Huset har og mange karakteristiske detaljer som er tatt godt vare på. Dette gjev særpreg til bygningen. Legg merke til dei boga inngangsdørane og dei strengt forma lampane over, markeringane av hjørnene, gråsteinen i grunnmuren, alle vindaugsarkane på taket etc. Silen kan karakteriserast som seinhistorisme med jugendpreg.

Oddas første blokk

Murboligen inneheldt 30 leilegheiter med 2 rom og kjøkken og 14 leilegheiter med 1 rom og kjøkken då det var nytt. Det var berre familiefolk som fekk husvære her. Standarden var god og alle hadde innlagt vatn og vannklosett og elektrisk straum.

Først blei Murboligen kalla storboligen, og trehusa som låg i området, blei kalla småboligane. Berre seks-sju år tidlegare var det bygd 3 småboligar på same tomta som murboligen blei reist. Desse var heilt identiske med dei som framleis ligg på sørsida av gata (museumsanlegget), men husa blei flytta lenger vest for å gje plass til fire gonger så mange leilegheiter på same arealet.