Myklemyr (Øyen) (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myklemyr
Alt. namn: Øyen, utt. Øy
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 186
Bnr: 1

Myklemyr (Øyen) (utt. Øy) (Luster, gnr. 186/1) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Myklemyr.

Opphavet til bruket Øyen var Myklemyr øydegard som vart rydda i 1670-åra. Det var det tredje bruket på Myklemyr etter Øvre og Nedre Myklemyr. Det ligg ved foten av Øyahaugen der Øvre Myklemyr ligg.

I 1765 fekk Øvre Myklemyr og det mykje mindre Øy-bruket same eigar. I 1779 vart bruket delt att og selt som to bruk men no vart dei gamle grenselinene endra slik at det vart to jamstore bruk.

Bruk

Desse bruka stammar frå Øyen:

  • Bnr. 9, Øyen – ein tredel av bruket, fråskild den 11.5.1891
  • Bnr. 11, Bruhaug – fråskild den 26.9.1919
  • Bnr. 14, Nyset – fråskild bnr. 9 den 27.10.1932
  • Bnr. 18, Jørgenøy – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943
  • Bnr. 19, Nygard – fråskild bnr. 1 den 21.7.1943

Kjelder og litteratur

  • «Øjen» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 1-81. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Myklemyr», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane