Myrmann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Myrmann var nemninga på ein mann som kjøpte seg eit stykke jord for å få stemmerett etter Grunnlova. Grunnlova frå 1814 gav stemmerett til alle som åtte eller bygsla for meir enn fem år matrikulert jord, utan omsyn til storleiken på jordeigedomen. Da den politiske kampen vart hardare på 1860- og 1870-talet, begynte gjerne politisk aktive folk som ikkje kom inn under stemmerettsreglane frå 1814 å kjøpe opp eller bygsle på femårskontrakter små jordstykke for å få stemmerett. Dette var eigentleg i strid med intensjonane i Grunnlova.

Kjelde