Naustdøl under Vodden Nesland

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Naustdøl under Nesland»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Naustdøl
Alt. namn: Naustdøl under Vodden;
Naustdøl under Nesland
Rydda: 1860
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Type: Husmannsplass

Naustdøl var ein jordflekk nedimot Bossvatn i Bykle kommune, vestom jordet i Vodden.

Me veit ikkje nett kva tid det vart busett her, men me kjenner til kven bureisaren var. Han heitte Knut Jonsson Nesland, og var fødd i 1829. Når me i tillegg veit at han var i Naustdøl i 1865, torer me gjeta på at plassen har vorte etablert ein gong i åra frå 1855 til 1865.

Tradisjonen fortel at ein Lisle-Olav Løyland var med Knut og hjelpte til med å setje opp stoga på Naustdøl. Den Olav-en trur me helst må vera kjempekaren Olav Nilsson (y.) frå Innistog Løyland, bnr 3. Han tok ut til Amerika i 1868. (Valle VI, 119).

Knut Jonsson Nesland var son åt Birgit Knutsdotter Nesland, dotter åt Knut Olavsson i Sygard og kona, Birgit Jonsdotter. Birgit Knutsdotter vart kalla «Dauve-Birgit», fortelst det, så ho har nok høyrt lite. Far åt Knut Jonsson var Jon Auversson Vatnedalen, son åt Auver Jonsson Holen og kona, Turid Sigbjørnsdotter. Kvar Dauve-Birgit og sonen heldt til fyre dei hamna på Naustdøl er uvisst, me gjet likevel på at dei var busetar i Sygard. Men i folketeljinga frå 1865 finn me dei iallfall her. Knut var «husmand uden jord», står det, og mora var «husholderske» for han.

At plassen var «uden jord», slik folketeljinga seier, er snautt heilt rett, for etter same kjelda fødde dei 1 kyr, 2 sauer og 4 geiter, og sette 1 1/2 tunne jordeple. Store jordvegen var det vel ikkje, men her var nok dyrka ein 4-5 mål.

Birgit døydde i 1872. Ved dødsfallet vart det notert at ho var enke, men det meiner me er feil, for i 1865-folketeljinga står det at ho var ugift, og me har då heller ikkje kunna finne noka oppgåve om at ho nokongong har gift seg.

Det gjorde derimot Knut, ser me, men ikkje fyrr eit par år etter at mora var borte.

  • Knut Jonsson Nesland, f 1829, d 1903
g 1874 m Åse Knutsdtr. Byklum, f 1836, d 1916, ikkje born

Åse var frå Neire Juvet under Byklum, dotter åt Knut Åvoldsson Byklum og kona, Gro Arnesdotter, fødd Berdalen, som budde på den plassen.

I 1875 hadde Knut og Åse 2 kyr, 6 sauer og 2 geiter. Dei sådde eit kvartel bygg og 1 1/2 tunne jordeple, fortel folketeljinga.

Attåt arbeidet på jordvegen dreiv Knut mykje og fiska, han hadde slik særs fiskelukke. Av auren frå Bossvatn gjorde han turrfisk, som han var nedetter til Valle og selde. På desse turane hadde han også med seg ullkorger av furuspon, som han tilvirka heile haugane av. Prisen for korga var at kauparen skulle fylle henne med korn, vert det fortalt. Eit anna arbeid han dreiv med var vadmålsstamping, står det i folketeljinga frå 1900. Han hadde bygt seg stampe i bekken attmed stoga si, og den dag i dag er der ein stad dei kallar «Stampa». Elles skal Knut ha vore morosam og kjapp i replikken, og nokså snøggsinna.

Etter at Knut var død i 1903 flutte Åvold Olavsson Dysje, f 1852, inn, og overtok både Åse og vadmålsstampa. I folketeljinga frå 1910 er han oppført som tenestekar for henne, og statusen hans var nok uendra til Åse døydde i 1916. Etter dette laut Åvold flytje ifrå, og sidan har det ikkje budd nokon i Naustdøl.

Åvold døydde i Byklum i 1929, «forsørget av fattigvæsenet».

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Naustdøl under Vodden Nesland er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Steinstøyl • Neste bolk: Libu

Koordinater: 59.34445° N 7.25225° Ø