Nedre Myklemyr (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedre Myklemyr
Nedre Myklemyr.JPG
Innigarden sett frå hovudvegen
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 186
Bnr: 7

Nedre Myklemyr (Innigarden) (Luster, gnr. 186/7) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Myklemyr.

Nedre Myklemyr var eitt av dei to opphavlege bruka på Myklemyr. I det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596, er Olluff Neder Mycklemyr nemnd.

Frå kring 1665 til kring 1698 vart det minste av bruka på Øvre Myklemyr drive som ein del av Nedre Myklemyr, og frå 1698 til 1712 var Nedre Myklemyr samanslege med det største bruket på Øvre Myklemyr. Frå 1712 var dei to bruka igjen delte i to driftseiningar.

Etter dette vart ikkje Nedre Myklemyr delt før frådelinga av Skjeret (bnr. 8) i 1879. Nedre Myklemyr var på denne tida det største bruket på Myklemyr.

Bruk som stammar frå Nedre Myklemyr:

  • Bnr. 8, Skjeret – fråskild 11.10.1879
  • Bnr. 10, Runningen (Knippa) – fråskild 10.6.1907
  • Bnr. 12, Runningen – fråskild bnr. 10 den 30.7.1929
  • Bnr. 25, Mo – fråskild bnr. 8 den 2.12.1947

Kjelder og litteratur