Niels Nielsen (1777–1854)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Posthumt portrett av Niels Nielsen, malt av S. Olsen til portrettgalleriet i Eidsvollbygningen.
Foto: Eidsvoll 1814

Niels Nielsen (født 3. mars 1777 i Odense i Danmark, død 10. juli 1854 i Borgund), også kjend som Nicolai Nielsen, var sokneprest og eidsvollsmann. Nielsen var son til ein smed, og jobba hardt for å fullføre teologisk embetseksamen i 1804.

Han gifta seg i 1809 i Vardø med tyskfødde Anna Cathrine Margarete Trost (1790–1872). Dei fekk 13 barn, og har stor etterslekt i Noreg og USA. Mange av etterkommarane bur framleis i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Sønnen Niels Trost Nielsen var trolig den første fotografen som etablerte seg i Ålesund.

Nielsen var sokneprest i Vardøhus prestegjeld 1808–1810, så i Ytre Holmedal prestegjeld 1812–1821, Eid prestegjeld i Nordfjord 1821–1835 og til slutt i Borgund prestegjeld i Møre og Romsdal frå 1835 til sin død.

Ved valet i Ytre Holmedal (no Fjaler kommune) den 18. mars 1814 vart han vald som ein av valmennene frå prestegjeldet. På amtsforsamlinga den 30. mars vart han så valt til amtets andre representant til RiksforsamlingaEidsvoll. Han stemte under forhandlingane med sjølvstendepartiet.

Den tida Nielsen var sokneprest i Ytre Holmedal, var han ein pådrivar for å få på plass eit betre skulestell. Han rapporterte om mangel på skulkrinsar, om for få lærarar, og om dårlege høve for lærarane. Den tida han er i Holmedal kom det på plass ein skulekommisjon, og Nielsen varr med på å danne grunnlaget for skulestellet i lang tid framover. Biskop Neumann skriv i 1834: "Provst Nielsen efterlod sig en mønsteværdig skoleindreting".

I 1830 vart han vald som stortingsrepresentant.

Eit minnesmerke over Niels Nielsen vart den 17. mai 1914 sett inn i grunnmuren til Borgund kirke.

Kjelder

Eksterne lenkjer