Nikolai Ramm Østgaard (1812–1873)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nikolai Ramm Østgaard ca. 1864 med døtrene Thora, Ragnhild og Aagot på fanget

Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år gammal.

Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.

En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.

Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard.

Familien

Nikolai Ramm Østgaard, truleg på slutten av 1850-talet. Fotograf ukjent.
Bauta over N.R.Østgaard på Ramsmoen museumssenter, Tynset. Foto: Olve Utne.
Anna Gunhilda Østgaard. Foto Aune, Trondheim.

Foreldra var kjøpmann og privatskulehaldar i Trondheim Michael Østgaard (1779-1852) og Maren Magdalene fødd Ramm (1787-1874). Faren kom frå ein bondefamilie i Dalsbygda i Os i Østerdalen, mora var dotter til skoginspektør Nicolai Hersleb Ramm på Tynset. Nikolai hadde ei syster, Anna Wilhelmine Marie (1814-1905, ugift).

Nikolai Ramm Østgaard gifta seg den 12. august 1851 med Anna Gunhilda (Gunelia) Neergaard (1828-1910). Ho var dotter av urmakar Anders Johnsen Neergaard og Hanna Olava fødd Bjerck i Trondheim. Anna Gunhilda kom som pleiedotter til morbroren prokurator Caspar Wessel Bjerck i Øyer i Gudbrandsdalen.

Nikolai Ramm og Anna Gunhilda Østgaard fekk desse borna:

  • Valborg Magdalene Østgaard (Baumann) (1852-1894)
  • Harald Ramm Østgaard (1855-1908)
  • Einar Østgaard (1857-1907)
  • Ragnhild Østgaard (1859-1942)
  • Thora Bjerck Østgaard (1861-1938), (Schulerud)
  • Aagot Østgaard (1863-1874)
  • Signy (1866-1953) (Rønneberg)

Det er eit slåande tids- og miljøtypisk trekk at borna fekk utprega norrøne namn. Dei var korkje henta frå Østgaards bondeslekt på farssida eller frå mora sin embetsmannsfamilie, med det unntaket at eldstejenta Valborg fekk tilnamnet Magdalene etter farmora. Namna på borna var heller ikkje frå familien på Anna Gunhilda Neergårds side. Ho hadde ein liknande bakgrunn som ektemannen, ei blanding av bonde-, handverkar- og embetsmannsmiljø.

Oppvekst og utdanning

Sønene til N.R.Østgaard, Harald og Einar ca. 1865-1870. Fotograf ukjent.

Dei fyrste barneåra levde Nikolai Ramm Østgaard i Trondheim. I 1819 vart foreldra skilde, og borna følgde med mor si til morfaren skoginspektør Ramm, som budde på garden Moen (seinare kalla Ramsmoen) på Tynset. Skoginspektøren skal ha nekta den tidlegare svigersonen all kontakt med borna. Men det blir fortalt at Michael Østgaard i løynd fekk treffe både Nikolai og Wilhelmine ein gong han besøkte Tynset.[1] I vaksen alder hadde Nikolai Ramm Østgaard god kontakt med faren og slekta i Dalsbygda.

Som tolvåring kom Nikolai til sorenskrivar Johan Randulf på garden Kirkenær i Elverum. I dei åra fekk Nikolai artiumsførebuande undervisning hjå prost Deinboll i Løten, og vart student i 1831. I Løten hadde han venteleg tilhald hjå Randulfs syster Johanne, gift med gardbrukar Claus Holst.

Østgaard tok juridisk embetseksamen i 1840.

Tenestemanns- og embetskarriere

Løkkeeiendommen Rosenlund (i dag Sandakerveien 25) på Torshov hvor Østgaard bodde 1844-1858.

Frå 1836 var Østgaard tilsett som kopist i Revisjonsdepartementet, ved sida av studiane. Han vart konstituert fullmektig i det same departementet frå 1841, frå 1845 i fast stilling.

Maren Magdalene Ramm Østgaard (1787-1874), mor til N.R. Østgaard, på hennar eldre dagar. Ho budde da hjå sonen. Fotograf ukjent.
I 1844 kjøpte Østgaard eigedomen RosenlundTorshov i daverande Aker herad, der han og familien budde til han vart utnemnd til fut i Sør-Østerdal futedømme i 1859. Da flytta han og familien til Elverum. Mora og systera hans hadde budd hjå han på Rosenlund frå 1845, og dei flytta med til Elverum.[2] På Elverum budde familien på garden Helset, som vart innkjøpt av staten til embetsgard i 1860.[3]

Østgaard søkte avskil frå embetet på grunn av sjukdom i 1872, og han døydde eit halvt års tid etter at avskilssøknaden var innvilga.

Bilete frå Østerdalen

Østgaards litterære hovudverk, En Fjeldbygd, kom ut i desember 1851, og vart ein stor suksess. Boka har undertittelen Billeder fra Østerdalen, og byggjer på forfattarens sjølvopplevde hendingar og historier han har høyrt fortalt som barn. Hans eigne minne vart oppfriska og kjennskapen til barndomsbygda utdjupa da mora og systera flytta saman med han i 1845. Dei to damene hadde levd størsteparten av livet på Tynset, og båe følte seg i følgje Olaf Røst særs sterkt knytte til staden.[4]

En Fjeldbygd kom i seks opplag før 1903, vart omsett til svensk og i utdrag også til engelsk. I utgåva frå 1873 var det kome til seks illustrasjonar i tresnitt. Kunstnaren var den unge Gerhard Munthe, som kjende Østgaard-familien personleg frå oppveksten sin på Elverum.

Som diktekunst blir ikkje En Fjeldbygd høgt verdsett i litteraturhistoria. Den skjønnlitterære prestasjonen var nok heller ikkje forfattarens fremste mål med utgjevinga. Såleis skriv Henrik Jæger treffande om dette i litteraturhistoria si frå 1896: «Det er [...] ikke et digterisk, knapt nok et litterært, men udelukkende et geografisk og ethnografisk maal, han har havt for øie.» Det er som folkelivs- og heimstadskildring verket har verdi for ettertida. Heimstadaspektet blir understreka av Ola Jonsmoen (2002), som framheld at fullt så mykje som eit uttrykk for det nasjonale gjennombrotet, kan ein sjå En Fjeldbygd som eit gjennombrot for det lokale i norsk bokheim.

I det perspektivet blir Østgaards føreord særleg interessant. Forfattaren gjev oss fyrst del i sine førehandsrefleksjonar over val av sjanger, komposisjon og språkform. Så vender han seg direkte og fortruleg til sin barndoms sambygdingar:

«Til Slutning maa jeg snakke et lidet Ord særskilt med mine kjære Tønsætinger […]
I synes vel, Godtfolk, at jeg har gjort et faafængt Arbeide ved at skrive sammen en stor Bog bare om Tønsæt, og saa gjøre slig en vidtløftig Beskrivelse over hver en simpel hverdagslig Ting og fortælle saa meget baade Sandt og Usandt! Ja vist, mine Venner, jeg havde kanskee gjort klogere i at lade det være, men seer I vel, Bogen er nu egentlig skreven til Læsning for Byfolk eller Storfolk, som man siger, og de ville nu saa gjerne vide god Besked om Alt hva der hører Bonden til, baade om hans Tale og hans Stell og hans Skikke i Et og Alt, thi vi begynde nu mer og mer at indsee, at vi dog Allesammen ere sprungne af Bonde-Rod. Jo nøiere En da kan fortælle dem Alt, des grummere er det; men saa maa En altid sætte det lidt sammen og pynte lidt paa det, hvis de skulde have Moro af at læse det.»

Forfattaren føler at han så å seie blir stilt til forskingsetisk ansvar overfor det bygdefolket han granskar og skildrar. Han ser på dei i respekt som eit kompetent publikum med sjølvsagd meiningsrett når det gjeld «granskingsresultatet».

At boka også nådde fram til og vart populær blant bygdefolket, gjev Olaf Røst eit vitnemål om i 1883. Han fortel at boka sirkulerte i bygda og vart ivrig lesen, særleg av ungdomen. Ganske snart vart ho helst omtala berre som «Tynnsæt-Boka».[5]

Interessa for bondesamfunnet og folkelivet hjå Østgaard var ved sida av dei personlege kjenslene som knytta han til barndomsbygda, eit uttrykk for ein tidstypisk nasjonalromantisk ideologi. Men Østgaard og miljøet han tilhøyrde distanserte seg uttrykkeleg frå det dei meinte var overflatiske, røyndomsfjerne og svermeriske utslag av nasjonalromantikken i samtida. Litteraturhistorikaren Willy Dahl seier om En Fjeldbygd at «her kan man virkelig snakke om realisme i bygde- og folkelivsskildringen».[6]


Øvrig forfattarskap, språkpolitikk og teaterengasjement

Faksimile av tittelbladet til Østerdølen hemkømmen fraa Amerika. Diktet skulle framførast frå scenen under «Markedsugen», dvs. medan Kristiania-marknaden føregjekk på etterjulsvinteren. Faksimilen er henta frå eit eksemplar som Østgaard hadde dedisert til farbroren Ole Solandsen Strand i Os i Østerdalen.
I 1853 skreiv Østgaard eit langt dikt på bygdemål, Østerdølen hemkømmen fraa Amerika, som var tenkt til opplesing frå teaterscenen. Også eit par andre mindre verk for scenen (En Husjomfru 1854 og Et Fiskerhjem 1855) ligg føre frå Østgaards hand.

Både «Østerdølen...» og dei to skodespela vart oppførde på Den norske dramatiske Skoles Theater (Kristiania Norske Theater). Østgaard blir omtala som medskipar av dette teateret, og han var iallfall styremedlem der 1853-1858 og i representantskapet 1858-1859.[7]

Østgaards engasjement for dette teateret var nasjonalt og språkpolitisk motivert. På same tida som teateret kom i gang (1852) hadde Østgaard ein polemikk om språkspørsmålet i aviser i Christiania, fyrst og fremst retta mot rektor ved katedralskulen i Christiania Frederik Ludvig Vibe. Vibe hadde vore sterkt kritisk til sin kollega ved katedralskulen i Trondheim, rektor Frederik M. Bugge si omsetjing av Iliaden, der det var brukt ein god del særnorske ord og vendingar. Østgaard forsvara nettopp dette. Han stod språkpolitisk nær opp til Knud Knudsens fornorskingslinje.

I 1858 hadde Østgaard to månaders permisjon frå departementsarbeidet, som han skulle bruke til eit utanlandsopphald. Dei fyrste tolv dagane av permisjonen brukte han til å besøkje Nord-Gudbrandsdalen, særleg til vandring i Loms-fjella. Deretter drog han til Tyskland. Han vandra i Schwarzwald-området, og oppsøkte forfattaren Berthold Auerbach, som var kjend for å ha skrive forteljingar frå bondemiljø («Schwarzwalder-Dorfgeschichten» - landsbyhistorier frå Schwarzwald). Etter heimkomsten fekk Østgaard det same året utgjeve sine reiseskildringar frå Lom og Tyskland i boka Fra Skov og Fjeld. Han utgav samstundes Storbonden og hans Sønner, som var ei fri omsetjing av Auerbachs forteljing Der Lehnhold.

Etter at han fekk futeembetet i Sør-Østerdalen og forlet Kristiania, gjorde Østgaard seg lite gjeldande som forfattar og i kulturdebatten.

Østgaard var heilt frå barnsbein av ein habil teiknar. Venteleg har han fått teikneundervisning av bestefaren, som hadde lært både kart- og frihandsteikning på Krigsskulen.
Døme på Østgaards teiknekunst: Portrett av faren frå 1841.

Kjelder og litteratur

  • Anker, Øyvind: Artikkel om N.R.Østgaard i Norsk biografisk leksikon (1933)
  • Dahl, Willy: Norges litteratur I: Tid og tekst 1814-1884. Oslo 1981.
  • Finne-Grønn, S.H.: Elverum. En bygdebeskrivelse. I. Gaardshistorie med ættetavler. Kristiania 1909.
  • Finne-Grønn, S.H.: Elverum. En bygdebeskrivelse. II. Bygdens almindelige historie institutioner og embedsmænd. Kristiania 1921.
  • Jonsmoen, Ola: «Nicolai Ramm Østgaards En Fjeldbygd - 150 år. Eit "gjennombrudd" for det lokale i norsk litteratur.» I Årbok for Nord-Østerdalen 2002. Utg. Musea i Nord-Østerdalen.
  • Jæger, Henrik: Illustreret norsk literaturhistorie. Kristiania 1896. Digital utgåvebokhylla.no.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B.Halvorsen, fullført av Halvdan Koht. 6. bind. Digital utgåvebokhylla.no.
  • Oslo byleksikon (oppslag Rosenlund og Østgaards gate).
  • Paasche, Fredrik: Norges litteratur. Fra 1814 til 1850-årene. Ny utg. ved Paulus Svendsen. Oslo 1959.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Røst, Olaf: Bygdehistorier fra Tønset. Et skriftstykke frå 1880-åra. Gjenfortalt 100 år etter av Bjarne Grandum. Tynset 1981.
  • Streitlien, Ivar A.: «Skoginspektør N. H. Ramm», i Årbok for Glåmdalen 1974 og 1975.
  • Østgaard, Michael: Et kort Omrids af Michael Østgaards Liv af ham selv, handskrivne minnenedteikningar frå juni 1845. Her i avskrift ved Erling Ramm Østgaard, Drammen, september 1952.
  • Østgaard, Nikolai Ramm: En Fjeldbygd, fjerde opplag 1873. Fortale til første og andre utgave.
  • Østgaard, Ragnhild: Utrykte slektstavler 1941.
  • Østigaard, Arne Dag: «”En Fjeldbygd” – eit glømt 150-års minne» i Dag og Tid 7. desember 2002.
  • Østigaard, Arne Dag: Artikkel om Nikolai Ramm Østgaard i Norsk biografisk leksikon
  • Nikolai Ramm Østgaard i Historisk befolkningsregister.

Referansar

Motiv fra Østgaards gate i Oslo, som fikk navn etter Nikolai Ramm Østgaard i 1874.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
  1. Røst, Olaf 1981 side 92.
  2. Mal:Folketellin.
  3. Finne-Grønn, S.H. 1909 side 65.
  4. Røst, O. 1883 særleg side 280-282.
  5. Røst, O. 1883 side 290-291.
  6. Dahl, W. 1981, side 166-167
  7. Anker, Ø. 1933 side 438.