Nils Jørgensen Sollid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Jørgensen Sollid (f. 1784, d. 1839) var leiglending på Toregarden på Midtgård i Hundeidvik i åra 1811 til 1839. Han bygsla bruket av Lars Sjursen Vaksvik og Carl Slyngstad i mai 1811.

Jordegods var gjennom mange hundre år investerings- og handelsobjekt og gardane skifte ofte eigarar. Det kunne vere på grunn av at jorddrottane trong pengar til anna verksemd. Det kunne elles skje eigarskifta når eit bu skulle gjerast opp og arvingane skulle fordele eigedelane seg i mellom. Midtgård i Hundeidvik var ein av mange gardar som var på «vandring». Garden var på 1500-talet bonde- og kyrkjegods. I 1693 vart kyrkjegodset selt til borgar Nils Pedersen Assens på Grimmergård i Borgund. I 1719 gjekk garden til ein annan handelsmann og jordeigar, Jørgen Høeg. Høegfamilien hadde part i Midtgård til 1780 då Anders Davidsen Kremmernes vart ny eigar. Han selde ein del vidare til Knut Jensen Slyngstad og Sjur Knutsen Vaksvik i 1798. Det var desse Nils Sollid frå Ørskog fekk bygsle ein part i Toregarden av i 1811. Nils kom altså til Hundeidvik og Hjørundfjorden frå grannebygda Ørskog. Det er vel truleg at det var kjennskap til Sjur Knutsen Vaksvik, som skreiv seg frå same soknet, som gjorde at han hamna her som leiglending.

Nils som var ein ung mann på 27 år i 1811 hadde røynt livets harde realitetar då han tok til som gardbrukar på Midtgård. Han var blant dei som vart kalla ut til teneste for konge og fedreland under krigen mot svenskane frå 1808 til 1811. Han vart teken til fange etter slaget ved Berby i 1808, men stod i tenesta til krigen var slutt. Han vart også utkommandert som grensevakt i 1814. Han fekk soleis ein krevjande start på tilveret som småbrukar, og kona, Anne, som han gifte seg med i 1812, måtte titt og ofte ta dei tyngste taka på bruket. Ho døydde før ho fylte 50 år. Nils gifte seg etter eit par år med den noko yngre Ingeborg Marta frå grannegarden Myrset.

Nils var med på fiskeri både vinter og sommar og åtte 1/6 part i ein åttring med segl og eit naust. Det ser ut som om Nils i 1830-åra sleit i motbakken, for i 1835 vart det halde auksjon hos Nils for å dekke skuld som han hadde til handelsmannen Ole Strøm i Ålesund. Då kom både båt- og naustparten under hammaren, i tillegg ei gryte, ei raudåla geit, to kyr og ein grå ver. Han kom aldri heilt ovanpå etter dette, og då han døydde i 1839 viste skiftet at gjelda var større enn verdien på eignelutane. Då vart det ny auksjon og sal av part i kvern, ein ridesal, ei lysekole, eit kar og seks torskegarn. Eigarane fekk likevel ikkje det dei skulle ha og året etter vart enka stemnd for resterande landskyld. I tillegg til fire spesidalar måtte ho setje i stand taket på våningshuset og på naustet om ho skulle få halde fram som leiglending. Ho stod som brukar til 1845, då det kom nye folk til bruket på Toregarden på Midtgård. Dei seks borna til Nils Sollid og dei to konene hans hadde då etablert seg andre stader i soknet eller i grannesokna.


Kjelde