Nistog (Bykle gnr 14/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nistog
Byklum 83.jpg
Nistog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: «Nist»
Vodden
Rydda: 1910
Utskilt: 1910
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Bnr: 10
Type: Småbruk
Nistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Nistog er eit småbruk i Bykle. Ved utskiftinga av innmarka i Byklum i 1905 fekk Uppistog ein jordteig mellom den nye riksvegen og Otra. Teigen låg mellom innmarka åt Innistog på austsida og eit stykke på vestsida som hadde vorte lagt åt Utistog.

I 1907 kaupte Olav Knutsson Nesland denne parsellen hjå Olav Gjermundsson i Uppistog til eit småbruk for seg. Prisen var 1200 kr, og bruket vart kalla Nistog. Men ved matrikuleringa i 1909, då eigedomen fekk bnr 10 og ei landskyld på 43 øre, vart det snodig avkappa namnet «Nist» innskrive i protokollen. Dette var ei rein feilføring, som kom av at han som skreiv det originale skyldsetjingsdokumentet hadde slumpa til å lyfte pennen mellom «Nist» og «og» i Nistog, men namneforma «Nist» er framleis i bruk i alle offentlege eigedomsregister. I daglegtalen i Bykle vart bruket likevel omtala som Vodden, avdi Olav K. Nesland var frå Vodden Nesland. Han skreiv seg Nesland, men vart vanlegvis omtala som Olav Voddæ.

Foreldra hans var Knut Olavsson Nesland og kona, Tore Olavsdotter, fødd Løyland. Då han kaupte Nistog, var han nyss attkomen frå Amerika, der han hadde vore sidan 1880.

Birgit og Olav Nesland. Biletet er teke av fotograf Køhn i Kristiansand kort etter at dei gifte seg i 1910. Frå Setesdalsmuseet.
  • Olav Knutsson Nesland, f 1858, d 1935
g 1909 m Birgit Hallvardsdtr. Flateland, f 1890, d 1912. Born:
  • Tore, f 1911, g 1937 m Jon Pålsson Bjones, sjå Bjones gnr 16, bnr 8

Birgit Hallvardsdotter var frå Nistog Flateland, gnr 25, bnr 1. Foreldra hennes var Hallvard Folkesson Flateland på det bruket og kona Jorunn Knutsdotter, fødd Løyland.

Olav hadde eit par born utanfor ekteskap. For det fyrste var det sonen Olav, som vart fødd i 1879. Mora var Torbjørg Åsmundsdotter Stavenes, ei dotter åt Åsmund Sigbjørnsson i Systog Stavenes og kona, Birgit Olavsdotter. Torbjørg gifte seg i 1885 med Olav Auversson Gjerden (e.). Dei er omtala i bolken om Åsen, gnr 13, bnr 4. Olav Olavson gifte seg i 1905 med Ingrid Sjursdotter Vatnedalen. Ein kan lesa om han og familien hans i bolken om Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. I 1915 fekk Olav også sonen Hallvard. Mor hans var Gyro Ånundsdotter Haugen, ei dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen i Hoslemo Haugen og kona, Gro Hallvardsdotter. Det me vidare har å melde om Gyro Ånundsdotter og son hennes, står å lesa i bolken om Haugen i Berdalen, gnr 3, bnr 10.

Eit par år etter at han hadde overteke bruket her fekk Olav Knutsson også kaupe eit stykke utmark frå Uppistog. Dette stykket ligg nedst på Høymyrsmyrane i Bygdestøylane, mellom riksvegen og Otra. I 1913 vart det matrikulert som ein eigen eigedom med bnr 13 og matrikkelnamnet Høymyr.

Stogebygningen i Nistog vert datert til 1912 (Norges Bebyggelse, 158). Men det spørst nok om ikkje eine halvparten av han er nokre år eldre, og at han vart påbygd i 1912, slik han då fekk den nåverande utsjånaden. Huset er på 72 m² i 1 1/2 høgde, og er bygd i sein sveitsarstil med ark over inngangspartiet.

I åra 1915-18 leigde Torjus K. Stavenes den eine halvparten av huset, og dreiv landhandel her. Det samme gjorde Torbjørg (Kyrvestad) Gjerden i 1933, medan ho og Gunnar, mannen hennes, dreiv og bygde oppatt Kyrvestadbui, som hadde brunne for dei.

Då Olav K. Nesland var død i 1935, meinte Hallvard O. Berdalen at han burde ha erverett. Men skifteretten fann at han ikkje var lyst i kull og kjønn, og då dei Castbergske barnelovene frå 1917 ikkje hadde tilbakevirkande kraft, vart kravet avvist, og Tore Olavsdotter vart eineerving. Ho overtok då bruket. Ettersom ho gifte seg til Bjones, er hovudomtalen av henne og familien hennes plassert i bolken om det bruket (gnr 16, bnr 8).

Etter at Tore vart enke i 1940 budde ho her i Nistog fram til 1948. I 1946 sette ho opp ny uthusbygning. I åra 1948 til 1955 sat ho i Nistog om vinteren, men var i Bjones om sumaren. Etter at ho selde Bjones i 1955, budde ho på bruket her til ho flutte til Bykle bygdeheim i 1987. Ho døydde der i 1993.

Frå 1987 til 2002 fungerte Nistog som fritidseigedom for Pål J. Bjones, son hennes, som budde i Belgia. Han hadde elles hadde stått som formell eigar heilt sidan 1939 (jfr. bolken om Bjones), og i 1993 sette han opp eit nytt bustadhus her. Hausten 2002 døydde han, og borna hans ervde då bruket.

Same hausten selde dei det til ekteparet Eriksen frå Vennesla, som kort etter flutte hit, og bur her i dag:

  • Erik Odd Eriksen, f 1953
Ingunn Eriksen, f 1954

Storleiken på bruket vert oppgjeve til 12 mål dyrka mark.

Nistog med delar av kyrkjebygdi og Gjerden i bakgrunnen. Biletet er teke etter 1946.
Tore O. Nesland i 1912. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.


0941 Bykle komm.png Nistog (Bykle gnr 14/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Heggjeslettune / Byklumplasset • Neste bolk: Solhaug (Bykle hotell)