Nor i stoga (Bykle gnr 1/17)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nor i stoga
Fyrst nemnd: 1880-åra
Utskilt: 1939
Stad: Bjåen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 17
Ein flokk med bjåarar ca 1918. Guten som sit fremst og lengst til venstre er Jon K. Bjåen (1913-1993). Attom han sit frå venstre: Åshild K. Bjåen (1907-1988), Torbjørg K. Bjåen (1904-), ei uindentifisert jente, og Gyri K. Bjåen (1903-1996). Dei neste i rekkja er Olav S. Bjåen (1906-1999) og Torjus K. Bjåen (1911-1996), dinest fylgjer Ingebjørg K. Bjåen (1902-1992), Bjørgulv K. Bjåen (1888-1963) og Tone S. Bjåen (1899-1973). Attanfor dei andre står Svein S. Bjåen (1903-1982), ein Olav Iversen frå Telemark og endeleg Jorunn K. Bjåen (1884-1956). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Nor i stoga vart utskilt frå Bjåen (Sud i stoga) i Breive, Bykle kommune. Formelt vart ikkje delinga gjennomførd fyrr i 1939, men i praksis var Såve Bjørgulvsson godt i gang med sitt eige bruk på halve farsgarden omlag frå den tid han gifte seg i 1884, og som me har vore inne på under handsaminga av Sud i stoga, hadde han skaffa seg tinglyst eigedomsrett til ein ideell halvpart av garden i 1910.

Såve Bjørgulvsson Bjåen, f 1859, d 1945

g 1884 m Margit Aslaksdtr. Øverland, f 1863, d 1945. Born :
  • Bjørgulv, f 1885, d 1947, ug, sjå nedanfor
  • Margit, f 1886, d 1961, g m Olav Talleivsson Kvaslerud, Grungedal, busett Kvaslerud. Born:
  • Laurense, f 1912, d 2001, ug
  • Margit, f 1916, d 2003, g m Ola Breivegen (sjå Hovden Der sø)
  • Talleiv, f 1918, d 1984, busett Grungedal, g m Gunne Hallvardsdtr. Uppstad, f 1924, (jfr. Valle III, 29)
  • Ingebjørg, f 1888, g m Olav K. Gunvaldjord, Haukeli, Vinje, busett Gunvaldjord, born:
  • Margit, f 1912, d 2004, g m Olav K. Haugerud (sjå Midbø, bnr 7)
  • Ragnhild, g m Anton Vatnebryn
  • Åshild ug; Knut f 1922, ug
  • Såvi, f 1924, ug
  • Harald, f 1927, ug
  • Aslak, f 1891, g m Ingebjørg Sigurdsdtr. Uppstad, sjå Fjellstoga.
  • Gyri, f 1891, d 1973, heimeverande, ug
  • Tone, f 1898, d 1898
  • Tone, f 1899, d 1973, g 1924 m Knut Oddsson Edland, f 1898, d 1995, busett Nigard Edland, born:
  • Odd, f 1923, d 1995, g m Hjørdis Folland
  • Såvi, f 1925, g m Kari Sofie Esbensen
  • Olav, f 1926, ug
  • Margit, f 1928, d 2003, g m Tormod Sutterud
  • Jon, f 1931, g m Asbjørg Bjellvåg
  • Ingjerd, f 1933, ug
  • Sigrunn, f 1936, g m Magne Bjellvåg
  • Kåre, f 1938, g m Åsne Djuve
  • Bjarne, f 1939, g m Marit Steinsvik
  • Kristine, f 1942 g m Olaf Florentz
  • Åsulv, f 1944, g m Gry Eriksen
  • Svein, f 1903, g m Ingebjørg Pålsdtr. Myri, sjå Kvæven, bnr 16
  • Olav, f 1906, d 1999, ug, sjå Kvæven, bnr 16


Gyri S. Bjåen (1893-1973). Bilete frå 1920-talet, hit frå Ingebjørg Vegestog.
Tone S. Bjåen (1899-1973), gift Edland. Bilete frå 1920-talet, hit frå Ingebjørg Vegestog.

Margit kom frå Øverlandshaugen i Grungedal, og var dotter åt Aslak Sveinsson Lie på det bruket og kona, Margit Olavsdotter. Margit A. Bjåen ervde ein heiteig på kring 6.000 mål, sidan kalla Øverlandsteigen (matrikkelnamn Hemleflotti), som ligg på Hemlemoen nordom grensa mot Vinje: Han er matrikulert som gnr 84, bnr 11, i Vinje, og fylgde med då den eldste av sønene overtok Nor i stoga etter at faren var død i 1934.

Bjørgulv Såvesson Bjåen, f 1885, d 1947, ug

Bjørgulv dreiv attåt gardsbruket med bygningsarbeid. I 1947 var han med og sette opp den nye stoga i Lunden Mosdøl. Han hadde då det vanhellet at han fall frå toppen av tømra, braut av seg ryggen, og døydde. Den yngste broren, Olav, som inntil då hadde drive for seg sjølv på bureisingsbruket Kvæven, bnr 16, og er omtala i bolken om det bruket, overtok då eigedomen her, og sameleis halve Øverlandsteigen og halve Breivassflotti.

I 1953/54 hadde Olav hest, 3 kyr, 1 kalv, 10 sauer, nokre høns og 1 gris, står det i Norges Bebyggelse. Olav gav bort nokre tomter. Brorsonen Bjørgulv Sveinsson fekk Fjellbu, bnr 54, i 1973, Bjåli, bnr 74, i 1977 og Revagarden, bnr 112, i 1985. Åsne Sveinsdotter fekk Bergli, bnr 95, i 1985, og Margit Sveinsdotter Åkrehaugen, bnr 111 same året.

Etter dette sat Olav med Nor i stoga til han i 1993 overlet bruket til brorsonen Sigurd Aslaksson Bjåen. Sigurd fekk også Olav sin halvpart av Øverlandsteigen (Hemleflotti), gnr 84, bnr 111, i Vinje. Sigurd bur ikkje her, men i eit hus han har bygt seg ved Fjellstoga. Me har difor valt å presentera han nærare i bolken om den verestaden. Etter at Olav hamna på bygdeheimen i Bykle i 1993, har det ikkje budd folk i Nor i stoga.


0941 Bykle komm.png Nor i stoga (Bykle gnr 1/17) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kvæven • Neste bolk: Breivassflotti