Nordbergs Handelsforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordbergs Handelsforening var eit samvirkelag i Nordberg sokn i Skjåk kommune. Det var i verksemd i tidsrommet ca. 1893-1905. Laget skal ha vore starta på garden Vetløygarden (Lilleødegård) i 1893, men er fyrst oppført i handelsregisteret i 1895. Lovene for laget vart vedtekne av generalforsamlinga i februar 1895. Føremålet var «ved Handel med Kolonial-, Husholdnings- og Klædevarer at skaffe sine Medlemmer gode Varer til billigste Dagspriser og gjøre dem delagtige i det ved Handelen indvundne udbytte».

Marit Sevaldsdt. Sperstad var ein av innskytarane i handelsforeininga frå 1896. Ho åtte fem aksjar. Aksjebrevet er oppbevart i Norddalsarkivet avd. Skjåk.

Det var i forma eit aksjeselskap. Aksjane lydde på kr. 10,-. Men ingen kunne eige meir enn 20 aksjar, og kvar aksjeeigar hadde berre ei stemme, uavhengig av talet på aksjar. Retten til medlemskap var geografisk avgrensa til folk som budde i Nordberg sokn eller i hovudsoknet sørover til og med Forbergsgardane på solsida og til tverrelva Skjøla på baksida. Det var innlagt eit sosialt kriterium i og med at arbeidarar fekk kjøpe aksjar uavhengig av kvar dei budde i kommunen.

Nordbergs Handelsforening vart driven kooperativt i 10-12 år. Da vart butikken seld til ein privatperson, Svend Justinsen Aaboen, som til da hadde vore styrar ved handelsforeininga. Avviklingshistoria er noko usikker. I eit notat frå NKL-biblioteket er det opplyst at laget vart oppløyst så tidleg som i 1898.[1] Men Svend Aaboen er «handelsbestyrer» i folketeljinga 1900, og Peder P. Skamser opplyser i dagboka si at han hadde vore på styremøte i «Nordbergs handelsforening» så seint som i februar 1905.[2]

Kjelder

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Skjåk bygdebokarkiv, Norddalsarkivet avd. Skjåk. Sjå referansar nedanfor.

Referansar

  1. Skjåk bygdebokarkiv mappe 210
  2. Dagbok etter Peder P. Skamser 1872-1920, innførsler 11. og 18. april 1905. Dagboka er i privat eige, kopi i Skjåk bygdebokarkiv.