Nordgarden (Bykle gnr 4/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordgarden
Hoslemo 34.jpg
Nordgarden 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1929
Utskilt: 1929
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 4
Bnr: 8
Type: Gardsbruk

Gardstunet i Nordgarden ligg rett nedanfor Uppigard og like nordvest for Nordigardstunet. Husa ligg litt høgre oppe enn husa i Nordigard.

Dette bruket vart utkløyvd frå Nordigard då brørne Tallak og Kjetil Olavssøner dela den eigedomen i 1929. Tallak fekk den halvparten som var att av Nordigard, medan Kjetil overtok her.

Torbjørg D. Hoslemo ein gong i 1970-åra.
Foto: Gerd Fosse Hovden
  • Kjetil Olavsson Hoslemo, f 1900, d 1989
g 1940 m Torbjørg Drengsdtr. Byklum, f 1905, d 1993. Born:
  • Olav, f 1940, g m Anne Marie Prestbakmo, busett Oslo, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1944, jordmor, g hv m Rein Knoph, busett Søgne, born:
  • Ingvild, f 1974, busett Oslo
  • Torbjørg, f 1976, busett Oslo
  • Birgit, f 1948, hj.pl., g m Nils Arne Pedersen, busett Nedenes, born:
  • Dag Inge, f 1968 sb m Tove Sundberg, Uppsala, busett Nedenes

Torbjørg Drengsdotter var frå Innistog, og dotter åt Dreng Olavsson Byklum og kona Birgit Åsmundsdotter, fødd Tveiten.

Kjetil sette fyrst opp eit uthus i 1931, dinest fylgde eldhuset i 1932, det var forresten halvparten av den gamle stoga frå Nordigard, og året etter fekk han opp ny stoge. Ho har ei grunnflate på 90 m2 i 2 fulle høgder.

Kjetil utdanna seg på Statens sløyd- og teiknelærarskuleBlaker, og arbeidde sidan mykje med snikkering og husbyggjing ved sidan av gardsdrifta. Fyre krigen sette han mellom anna opp ei heil rekkje med tømra utløer kringom i heiane. I seinare år gjekk det mykje på hyttebyggjing, men han hadde også snikkarverkstad på garden, og dreiv i periodar ikkje så lite med tilvirking av vindaugo, dører og kjøkeninnreidingar. Elles prøva han seg også litt med å gjera hardingfeler. Me veit ikkje kor mykje det vart av dette, men han har iallfall etterlate seg ei fele som viser at han kunne.

Elles dreiv Kjetil og Torbjørg garden med 5 kyr og 20-25 sauer. Dei flutte båe til bygdeheimen i 1982, og sidan har det ikkje vore fastbuande på bruket.

I 1974 vart det overdrege til sonen:

  • Olav K. Haslemo, f 1940
g 1963 m Anne Marie Prestbakmo, f 1936, ikkje born.

Olav gjekk over til å skrive etternamnet sitt Haslemo på ei tid då det var 4 mann som heitte Olav Hoslemo, fortel han. Men det høyrer vel også med å nemne at han meiner at Haslemo er den filologisk sett rettaste skrivemåten, og at han har lagt fram ei omfattande grunngjeving for dette synet (sjå Hoslemo). For Olav er utdanna norskfilolog, og hovudfagsavhandlinga hans, som var ferdig i 1968, handlar nettopp om stadnamn i Hoslemokrinsen. Han arbeidde som lektor i Kristiansand til 1989, då han vart redaktør i tidsskriftet Gjør det selv, og busette seg i Oslo.

Anne Marie er sjukepleiar av yrke. Ho er fødd i Tromsø, oppvakse i Salangen og Honnningsvåg, og dotter åt Edith og Barre Prestbakmo.

I 1942 vart det oppmælt 24 mål dyrka jord her. Dette har sidan vorte utvida til kring 40. Totalarealet på bruket vart i 1942 mælt til 3738 mål. Dertil kjem parten i bnr 16 i Vatnedalen, som Nordgarden eig i hop med Nordstog Dalen, Nordigard og eit par eigarar i Suldal. Nordgardens del av dette er jamstor med Nordigard sin, ca 34 800 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Nordgarden (Bykle gnr 4/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Åsheim • Neste bolk: Brugata 10