Nordigard (Bykle gnr 4/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordigard
Hoslemo 15.jpg
Hoslemo 1965. Nordigard midt på biletet, Nordgarden ovanfor.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1874
Utskilt: 1883
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 4
Bnr: 3
Type: Gardsbruk
Nordigard ca 1890. Rekonstruksjonsteikning av Arne Berg 1962. På teikninga er Nordigard kalla «Oppiga, Der nord», ser ein. Denne nemninga var i bruk til tunflytjinga i 1912.

Nordigard er eitt av gardsbruka i Hoslemo i Bykle kommune. Dette bruket, som til å byrje med hadde tun jamsides Uppigardstunet, har i dag husestaden sin lenger nede og litt lenger vest. Det har opphavet sitt i delinga av Uppigard mellom Tor og Kolbein Hadlessøner. Kva tid ein vil seia at[ dette var, vert vel nærast ei smakssak, men iallfall var det slik at Kolbein i 1874 fekk bygsla halve garden hjå faren, Hadle Torsteinsson Stråpa. I 1881 fekk Tor og Kolbein skøyte på kvar sin ideelle halvpart av garden, og i 1883 vart det halde offentleg delingsforretning, der deildene vart fastsette, og kvart av dei to bruka vart tildela ei landskyld på 1,07 skyldmark.

Fyrste oppsitjaren her var altså ovannemnde Kolbein.

  • Kolbein Hadlesson Hoslemo, f 1852, utflytt til Mo ca 1896, vidare til Aurdal, Vats i Ryfylke 1907, d 1935
g 1874 m Kirsti Jonsdtr. Fiskjetjønn, f 1849, d 1922. Born:
  • Hadle, f 1875, d 1936, gbr Aurdal i Vats gnr 124, bnr 3, g m Anna Bergesdtr. Aurdal f 1882, d 1933, born:
  • Kolbein, f 1916, d 1999
  • Dorthe Serine, f 1920, g m Arne Johan Gunnarsson Svantesvold
  • Jon, f 1923, d 1996, g m Birte Kristine Alne, f 1923, d 2000
  • Berge, f 1919, d 1934
  • Kornelius, f 1926, d 1934
  • Sigrid, f 1877, tvill., d 1950-åra, busett Aurdal, ug
  • Inga, f 1877, g i Mo 1907 m Hadle Lidvordsson Felland, f Wisconsin 1887, 1930 busett Ideal Township, McKenzie County, Nord-Dakota, kjende born:
  • Jon, f Kvålen, Mo 1907
  • Alice, f 1910
  • Lewis, f 1912
  • Clarence, f 1915
  • Theodore, f 1917
  • Clara, f 1920
  • Henry, f 1923
  • Julia, f 1925
  • Jon, f 1882, d liten
  • Borghild, f 1885, d 1960, busett Aurdal, ug
  • Jon, f 1888, d 1888
  • Gyro, f 1890, til Amerika, g der, lagnad elles ukj.
  • Kjersti, f 1893, til Amerika 1912, lagnad elles ukj.

Kirsti Jonsdotter var frå Suldal. Foreldra hennes var Jon Kolbeinsson på bnr 5 og 6 i Fiskjetjønn og kona Siri Josefsdotter, fødd Galland (jfr. Gamle Suldal, s. 348).

Husa som Kolbein bygde låg som nemnt like vestom Uppigardstunet. Der var stoge, fjos, sautadde, løe og stall. Stallen låg for seg sjølv, medan tadden, fjoset og løa var bygde i rekkje nedanfor stoga.

Akkurat kor lenge Kolbein og familien hans sat i Nordigard er litt usikkert, men me har likevel nokså bra med sikre opplysningar om dei. For det fyrste er det på det reine at dei flutte herifrå til plassen Øyuvsåsen under Midjås i Mo, og at dei var der iallfall til 1907. For det andre veit me at dei i 1908 kaupte bruket Grøndal, bnr 5, i garden Aurdal, gnr 124, i Vats (nåverande Vindafjord kommune), og flutte dit (jfr. Nils Dybdal-Holte: Soga om Vats. Gard og ætt i gamle Vats herad, 1984, 410 f). Me tek med at dei, etter at dei flutte herifrå, skreiv seg Haslemo, og at også etterkomarane frå Vats har nytta den skrivemåten av namnet. (Ein av desse er forresten Jan Haraldsson Haslemo, fødd 1975 (son åt Harald Jonsson, fødd 1949), som nokre år har sete på ein støyl i nordenden av UlevåvatnHaukelifjell om sumrane, og produsert både ein heilt framifrå geitost og det me torer meine må vera ei av dei beste spikepylsene i landet.)

Då dei drog frå Mo, gav dei opp til presten at dei hadde budd i den bygda i 15 år (jfr. Mo bygdebok I, 373). Nå fortel Valle kyrkjebok at Inga Kolbeinsdotter vart konfirmert frå Hoslemo i 1894, så dei 15 åra er nok ei overdriving, men dei hadde sikkert vore i Mo i meir enn 10 år. Helst vil me tru at dei budde i Nordigard til 1896. I det sistnemnde året gjekk iallfall bruket på auksjon, så det stemmer nok bra, det Gjermund S. Hoslemo fortel etter far sin, at Kolbein måtte gjeve opp Nordigard på grunn av gjeld.

Tilslagsprisen på auksjonen var 1500 kr, og kauparen var frå Vatnedalen Der hite, son åt Knut Sigbjørnsson på det bruket og andre kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Breive.

  • Olav Knutsson Vatnedalen, f 1863, d 1948
g 1889 m Ingebjørg Tallaksdtr. Hoslemo, f 1857, d 1908. Born:
  • Knut, f 1889, lærar, d 30. 11. 1929, ug. sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1891, g 1915 m Sigbjørn Ånundsson Hoslemo, sjå Haugen, gnr 4, bnr 5
  • Tallak, f 1894, g 1925 m Anne Torleivsdtr. Brokke, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1897, g m Sigbjørn Eivindsson Bø, sjå Åsheim, gnr 4, bnr 7, jfr. nedanfor
  • Kjetil, f 1900, snikkar, g 1940 m Torbjørg Drengsdtr. Byklum, sjå Nordgarden, bnr 8
  • Gunvor, f 1902, d 1981, ug

Ingebjørg var frå Nigard, dotter åt Tallak Olavsson Hoslemo på det bruket og kona Ingebjørg Knutsdotter, fødd Breive. Ingebjørg Knutsdotter att var syster åt Sigrid, mor åt Olav, så Olav og Ingebjørg var altså syskenborn.

Då dei gifte seg vart Olav berre kalla «gaardmandssøn» i kyrkjeboka, og sameleis då dei døypte den fyrstefødde. Den fyrste tida dei var gifte budde dei i Edland i Vinje, der Olav dreiv som bygningsmann, og både Knut og Sigrid vart fødde der. Frå 1894 og frametter budde dei i Hoslemo, og frå det året vert han kalla «bygmester» i kyrkjeboka. Tittelbruken tyder på at han tok på seg å byggje hus, og dette vert stadfest av barneborna. Frå 1897 heiter han «gaardmand og bygmester», for då hadde han hadde kaupt garden året fyre.

Tømmermannsdugleiken sin gjorde han også bruk av heime. I 1907 flutte han tunet på bruket eit stykke nedetter og vestetter frå Uppigard. Han tok ned halvparten av stoga etter Kolbein Hadlesson, sette tømra oppatt på det nye tunet sitt, og bygde på henne. Olav flutte sikkert også med seg uthus til Nordigardstunet, men desse er sidan fjerna. Den delen av den gamle Nordigardsstoga som Olav ikkje flutte med seg, vart sidan teke ned av Kjetil Tallaksson, og sett oppatt til eldhus i Nordgarden.

Same året som nytunet i Nordigard sto ferdig, døydde Ingebjørg. På skiftet etter henne, som vart slutta i 1912, vart garden verdsett til 2400 kr.

I 1916 kaupte Olav seg inn i eit stort område med fjell og hei i Vatnedalen, som broren, Knut Knutsson Vatnedalen, selde i samband med den fyrste oppdemminga av Vatnedalsvatnet. Dette området gjekk ut ifrå bnr 4 i Vatnedalen, og vart matrikulert som bnr 14 under den garden. Samstundes selde Knut Knutsson fleire teigar til Odd Roaldkvam i Suldal og Jacob E. Vik i Stavanger. I 1926 tok Knut O. Hoslemo, eldste son åt Olav, ein god del av eigedomane åt Roaldkvam og Wik attende på odel, og etter dette kaupet har me kome til at Nordigards del av Vatnedalssameigene må ha svara til kring 73 600 mål. I 1940 vart desse viddene dela mellom Nordigard og Nordgarden.

Knut Hoslemo skriv opp det Svein Hovden fortel. Bilete frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet.

I 1926 vart det kløyvd ifrå ein mindre parsell av Nordigard med namnet Øvre Åsheim til Ingebjørg Olavsdotter og Sigbjørn Eivindsson Bø(e.), mannen hennes. Øvre Åsheim vart tildela bnr 7 og ei landskyld på 1 øre, og utgjorde saman med bnr 6, som samstundes vart kaupt frå Uppigard, småbruket Åsheim. Me kjem attende til dette.

Knut, den eldste av sønene, var lærar, og arbeidde fleire år i Kvilldal i Suldal, inntil han frå hausten 1929 fekk stilling i heimbygda. Ved sidan av lærararbeidet var han aktiv skribent, og hadde mange dikt og avisartiklar på prent. Han har også etterlate seg iallfall eitt skodespilmanuskript. Fremste interessa hans var nok likevel bygdesoge og folkeminne, så det var mest slikt han skreiv om. Mellom anna er han mannen bak ein god del av det som finst av tradisjonsoppskrifter etter Svein Hovden.

Som me var inne på ovanfor, hadde Knut i 1926 teke ein stor part av Vatnedalen, som farbroren hadde selt, attende på odel. Den vidare planen var at han og Tallak, den neste broren i rekkja, skulle dele Nordigard, og at Tallak skulle ha det som sidan vart Nordgarden, bnr 8. Men så fekk Knut lungebetennelse og døydde hausten 1929, få månader etter han hadde flutt heim frå Suldal.

Såleis rakk han aldri å taka over nokon gard, slik den gamle gards- og ættesoga (169) gjev inntrykk av, og dermed vart det til at yngstebroren Kjetil overtok Nordgarden like etter at Knut var død, medan Tallak fekk skøyte på den attverande halvparten av Nordigard då Olav vart foddogsmann i 1931.

Tallak og Anne med døtrene ca. 1942. Bilete frå Ingebjørg Bjørnarå.
  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1894, d 1982
g 1925 m Anne Torleivsdtr. Brokke, f 1902, d 1971. Born:
  • Olav, f 1926, d 1926.
  • Ingebjørg, f 1927, g m Hallvard Olavsson Bjørnarå, sjå nedanfor
  • Gro, f 1928, sjukepl. g m Jon Knutsson Bjåen, d 1993, busett Asker, born: sjå Bjåen, gnr 1, bnr 3
  • Åshild, f 1930, gardkone, g m Olav Tallaksson Hoslemo, sjå Nigard, gnr 5, bnr 1
  • Olav, f 1932, d 1932.
  • Margit, f 1933, sjukepl., til Amerika ca 1965, g m Phil Rognlie, busett Fargo, Nord-Dakota, ikkje born
  • Birgit, f 1935, oldfrue, sidan aktivitør, g 1969 m Svein Olsson Brokka (jfr. Valle VI, 450), busett Grendi til 1992, sidan Fodtveit, Oveinang, gnr 22, bnr 3, born:
  • Olav f 1971, p. t. (2003) busett London, ug.
  • Anne Jorunn, f 1972, g m Oddvar A. Brokka, busett Stavanger
  • Anne Lise, f 1961, g m Stig Olafsen, busett Arendal
  • Thomas, f 1962, ug., busett Bergen
  • Tallak, f 1965, g m Marit Salte, Bryne, busett Stavanger
  • Liv Marit, f 1973, g m Kjetil Vabø, busett Kristiansand
  • Olav, f 1939, d 1939.
  • Torbjørg, f 1940, sjukepl., g m Erling Kjell Kalhovd, busett Hornnes, born:
  • Einar, f 1969, busett Evje, ug
  • Terje, f 1971, g m Yvonne Jelmeland, busett Evje

Anne kom frå Store-Brokke i Hylestad, gnr 62, bnr 1, og var dotter åt Torleiv Danielsson Straume på det bruket og kona Gro Knutsdotter, fødd Rysstad (jfr. Valle II, 337).

I 1945 sette Tallak opp nytt eldhus, i 1948 fylgde eit hønsehus og i 1954 kom ny driftsbygning med fjos og løe på plass. Det sistnemnde huset var det versonen, Hallvard Bjørnarå, som sette opp. Han hadde gift seg med eldste dotter åt Tallak i 1951.

Buskapen i 1954 var hest, 3 kyr, 4 kalvar, 15 sauer, 38 geiter og 20 høns. Fyre krigen hadde dei ei tid også hatt revegard. Kring 1930 fekk dei telefonsentral på garden, den var her i 30 år. Telefonen var det nok mest Anne og døtrene som tok seg av, iallfall vinterstid, for Tallak reiste gjerne som emissær to-tre månader kvar vinter. Til skilnad frå dei fleste andre emissærar, som helst oppfatta hardingfela som eit «syndens instrument», nytta han henne i forkynninga, song og akkompagnerte på fela. Elles sat han i heradsstyret i fleire periodar, og hadde også ymse andre kommunale ombod.

I 1965 vart han og Anne foddogsfolk, og overdrog bruket til eldste dottera og mannen hennes:

Ingebjørg T. Hoslemo var lærar ved Fjellgardane skule 1948-50. Her står ho med elevane sine: Frå venstre: Bjarne O.Tveiten, Bjørgulv H. Hovden, Margit S. Bjåen, Paul H. Hovden, Margit A. Bjåen, Knut H. Hovden, Anne S. Bjåen. Bilete frå Gerd Fosse Hovden via Ingebjørg Vegestog.
Hallvard Bjørnarå ca 1950. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ingebjørg Tallaksdotter (Hoslemo) Bjørnarå f 1927
g 1951 m Hallvard Olavsson Bjørnarå, f 1921. Born:
  • Gerd, f 1953, butikkarb. g m Terje Kvinlog, busett Kvinesdal, born:
  • Liv Torhild, f 1977, g m Henning Sindland, p.t. (2006) busett Horten
  • Aslak, f 1978
  • Hallvard, f 1982, d 2001 (trafikkulukke)
  • Inge, f 1988
  • Tallak, f 1957, g m Reidun Taksdal, sjå nedanfor

Hallvard er frå Myro Der uppe i Bjørnarå, gnr 18, bnr 5. Foreldra hans var Olav Bjørgulvsson Bjørnarå og kona Gyro Hallvardsdotter, fødd Trydal.

Ingebjørg og Hallvard hadde 3 kyr og kring 30 sauer, og Hallvard utvida det dyrka arealet på garden monaleg. Etter det som vert fortalt var han den fyrste i Bykle som skaffa seg jordbrukstraktor. Det må ha vore i 1953 eller derikring. Elles hadde både han og Ingebjørg hovudyrka sine utanfor jordbruket. Ho hadde telefonsentralen, så lenge han var her, og etter at denne vart flutt til Mosdøl på slutten av 1950-åra, arbeidde ho som telefonistinne der i 10 år. Sidan arbeidde ho eit tak som kokke for I/S Øvre Otra, og etter dette var ho barnehageassistent inntil ho gjekk av med pensjon. Hallvard dreiv lenge anleggsmaskinfirma saman med verbroren, Olav Tallaksson i Nigard, inntil denne døydde i 1975. Etter dette gjekk han over til å arbeide med hyttebyggjing.

I 1974 hadde han fått godkjent planar for 38 hyttetomter. Sidan vart dette talet auka til 68. Hyttetomtene er i hovudsak festetomter, og dei fleste av dei ligg innpå heia mot Vatnedalen. Men 7 hytter som Hallvard bygde sjølv, ligg på flatane ned mot Hoslemoåni.

I 1990 overdrog Ingebjørg og Hallvard garden til sonen:

Tallak Bjørnarå 2004, bilete frå kommunearkivet.
Frå ungdomsskulen i Valle 1973. Guten til høgre er Tallak H. Bjørnarå. Dei to andre er Leonhard B. Jansen (til venstre) og Gjermund Å. Hoslemo. Bilete frå Leonhard B. Jansen.
  • Tallak Hallvardsson Bjørnarå, f 1957
g 1982 m Reidun Taksdal, f 1958. Born:
  • Ann Iren, f 1983
  • Mette, f 1985
  • Hilde Berit, f 1991

Reidun Taksdal Bjørnarå kjem frå TimeJæren, og er dotter år Bjørn og Anna Taksdal. Ho arbeider som konsulent innfordring. Tallak er rådgjevar. Dei er båe tilsette i Bykle kommune.

Tallak og Reidun bygde seg nytt bustadhus, og flutte inn i dette i 1983. I 1996 sette dei opp nytt fjos der dei i 2003 hadde 61 vinterfora sauer, noko som i 2014 er redusert til 30. Det dyrka arealet på garden er på 52 mål. Etter utskiftinga i 1942 vart totalarealet på det gamle Nordigard oppmælt til 5500 mål. Men i tillegg til dette kjem dei store sameigeteigane i Vatnedalen, som delvis høyrer til Nordigard og Nordgarden i fellesskap, delvis til Nordstog Dalen, Nordigard og Nordgarden og delvis til alle dei nemnde og dertil eit par eigarar frå Suldal. Me har rekna i hop Nordigard sin lut av desse areala til ca 36 800 mål.

Huset til Tallak og Reidun Bjørnarå frå 1983.
Foto: Aanund Olsnes (2006).


0941 Bykle komm.png Nordigard (Bykle gnr 4/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Åsen • Neste bolk: Haugen

Koordinater: 59.43288° N 7.39492° Ø