Nordre Vartdal skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det første skulehuset på Nordre Vartdal.

Det første skulehuset på Nordre Vartdal var den største Vartdalsaka Ulstein skulestyre hadde i åra fram til 1895. På denne tida var Vartdalstranda ein del av Ulstein prestegjeld. I april 1892 blei teikningane til skulehuset godkjend i skulestyret. I første omgong var det meininga å byggje lærarbustad i skulehuset, men amtsformannskapet gjekk imot dette og meinte at skulen fekk greie seg med eit rom for læraren. Etter mykje usemd blei den vesle skulestova bygd i 1893. Amtstilskotet var kr.1.200 kr og skulestova var 5,65 m i firkant og 3,05 m.høgt, plassert i ei skråning sentralt i bygda. Skulen blei truleg ikkje teken i bruk av elevar før hausten-93, dette er uvist. Skulen hadde i 1905 eit tjuetals elevar. I 1910-1915 gjekk det nedover til berre 15, og heilt ned i 12 elevar, før det frå 1920 og utover aukar i ei bratt kurve. I 1930/31 var der heile 41 elevar. Så gjekk talet nedover att, til berre 11 elevar i 1945/46.

Ny skule

Hausten 1951 var fylkesskulestyreformannen og skuledirektøren i Møre og Romsdal på synfaring for å sjå på skuletomt til ny skule. Den gamle som var bygd i 1893, var i dårlig stand og grunnmuren skulehuset stod på var i ferd med å sige saman. I 1953 var det alt kjøpt grunn til byggjetomt og leikeplass av Hans I. Vartdal og i 1954 blei utkastet til arkitekt Asbjørn Narstad godkjent. Bygging blei bortsett til Andreas Dyb for kr 77 990 og skulen vart teken i bruk våren 1955. Dette skulebygget var i drift til 2004, då skulen på Nordre Vartdal vart lagd ned. Totalt har 426 skuleborn fått skulegongen sin på Nordre Vartdal, fordelt på dei 111 åra bygda hadde eigen skule. I dag tek borna frå Nordre Vartdal buss litt over 4 km til Vartdal skule, i nabobygda. På Vartdal skule har dei både barne og ungdomsskule.

Galleri

Kjelder

  • Grøvik, Ivar. Vartdalssoga Band II (1982). Utjgevar: Vartdal bygdeboknemd, Ørsta kommune. Volda trykkeri.
  • Grøvik, Ivar. Aarset, Terje. Vartdalssoga Band III (1985). Utgjevar: Vartdal bygdeboknemd, Ørsta kommune. Egset trykk A/S, Volda.
  • Sætre, Magne Ivar. 111 års skuletid Minne frå Vartdalsstranda. Årsskrift 2004. Vartdalsstranda Sogelag.
  • Sætre, Magne Ivar. Stell og styr med skule i Nøre-Vartdal. Minne frå Vartdalsstranda. Årsskrift 2007. Vartdalsstranda sogelag.