Nordstog Dalen (Bykle gnr 6/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Nordstog Dalen
Vatnedalen 2.jpg
Nordstog Dalen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Der sø
Rydda: føre 1350
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 6
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Nordstog Dalen, opphavleg Der sø, er ein av Vatnedalsgardane i Bykle kommune. Me reknar med at dette er det gamle hovudbølet på garden, og at det fekk bruksnamnet sitt etter at Der hite vart kløyvd ut kring år 1700. Når det gjeld plasseringa av bruka i terrenget, kan det passe å sitere hovudoppgåva av Olav Haslemo frå 1968 att:

Sitat Bruka ligg beint aust-vest i høve til kvarandre, men målføret nyttar svært sjeldan nemninga vest. I staden vert nord brukt, og denne nemninga kjem såleis til å femne over omlag halve kompasset. Sitat

Som det vil ha gått fram ovanfor reknar me med at den fyrste som budde på bruket her etter at garden vart dela, var Torbjørn Knutsson, men han har me handsama i bolken om den udela garden, så den fyrste me skal sjå nærare på her er den nest eldste av sønene hans. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i eit militærmanntal frå 1718, som elles er siste venda me har funne han nemnd.

  • Såve Torbjørnsson Vatnedalen, f ca 1648, d etter 1718
g m ukj. Born:
  • Knut, f 1681, g 1723 m Anne Torgrimsdtr. Flateland, sjå nedanfor
  • Ånund, f ca 1686, g 1719 m Tordis Knutsdtr., sjå nedanfor
  • Såve, f ca 1688, g 1730 m Jorunn Torgrimsdtr. Flateland, sjå nedanfor
  • Tarjei, f ca 1692, g 1714 m Ingjerd Torleivsdtr. Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1

Som ein ser veit me ikkje kven Såve var gift med, og ikkje veit me mykje om han sjølv heller. Men iallfall ser det ut til at han har hatt sitt eige bruk frå ca år 1700. Om han til å byrje med hadde Der sø eller Der hite kan eigentleg vera uvisst nok, men etterdi det var skikken at eldste sonen skulle ha hovudbølet, reknar me sikkert med at han var her på bruket etter at faren døydde. Matrikkelen frå 1723 peikar i same lei.

Kornet vart skore med sigd. Denne ligg i Henriksen-samlinga i Bykle, med reg. Nr. MOR00325. Foto frå Setesdalsmuseet.

I den nemnde kjelda står det vidare at her var «Temmelig god Skov, og slet Seterbol». At det kunne vera dårleg med støyl («Seterbol») til Vatnedalen, er ikkje så lett å skjøne, men iallfall trudde matrikkelkommisjonen det. Vidare var her «Flomquern til Husbehov», men garden var tungdriven og skinnæm, står det. Når det gjeld buskap, hadde Såve hest ilag med Der hite, og sat elles med 5 kyr, 4 sauer og 10 geiter. Sånaden på garden var 6 skjepper bygg.

Av sønene åt Såve vart tre verande i Vatnedalen. I den gamle gards- og ættesoga (190 f) er dei to yngre av dei oppførde som dei to fyrste kjende oppsitjarane på Der hite, men det virkar lite truleg. Kyrkjeboka viser at dei båe var i Vatnedalen, men me har ikkje sett at nokon av dei svara skatt av noko bruk, og då er det mest rimeleg at dei var busetar eller sambrukarar på heimebruket.

Me set dei difor opp her i tur og orden.

  • Ånund Såvesson Vatnedalen, f ca 1686, d 1746
g 1719 m Tordis Knutsdtr. Breive, f ca 1690, d 1760. Born:
  • Ingebjørg, f 1720, g 1744 m Pål Såvesson Stavenes, sjå Teigen, gnr 16, bnr 1
  • Knut, f 1724, seinare lagnad ukj.

Tordis var dotter åt Knut Knutsson Breive og kona hans, som me ikkje veit kva heitte. Ånund og Tordis vart kalla husmannsfolk i Breive då dei døypte dottera. Men sidan tykkjest dei ha budd her på bruket. Etter at Ånund døydde i 1746 var Tordis hjå dottera på Teigen, Stavenes. Ho døydde der i 1760.

Meir har me ikkje å melde om Ånund, så då kan me gå over til den yngre broren:

  • Såve Såvesson Vatnedalen, f ca 1688, d 1758
g 1730 m Jorunn Torgrimsdtr. Flateland, f ca 1703, d 1773. Born:
  • Olav, f 1731, d 1758, ug
  • Ånund, f 1732, g 1763 m Torbjørg Tarjeisdtr. Nesland, sjå Strandestøyl under Brotteli
  • Åse, f 1734, d 1734
  • Per (Peder), f 1740, g 1771 m Margit Olavsdtr., sjå Bjones, gnr 16, bnr 8

Jorunn var dotter åt Torgrim Pålsson Flateland, som budde på bnr 10 i Flateland, og kona, Åse Niklosdotter, fødd Brokka. Ho hadde eit barn fyre ho gifte seg, det var Gunnar, fødd 1720. Jorunn vart dømd til å gjeva 6 dalar i bot for dette, men det greidde ho ikkje, så i staden sat ho 4 veker på vatn og brød i lensmannsarresten. Barnefaren, som heitte Tarjei Pålsson Nomeland (Valle), var i det militære, og slapp difor tiltale. Kvar det vart av Gunnar Tarjeisson er ikkje kjent.

Det ser ut at Jorunn flutte heimatt til Valle etter at Såve var borte. Iallfall vart ho i fylgje Vallesoga gravlagd med adresse Flateland i 1773. Alfred Ryningen har elles også peika på at det var ei anna kvinne med det same namnet som vart gravlagd 60 år gamal i 1750, men ho vil me tru var i eldste laget til å få barn i 1740, slik vår Jorunn gjorde (jfr. Valle VI, 195 f).

Jorunn var syster åt Anne, som var gift med eldste bror åt mannen hennes. Me kjem straks til desse folka, men fyrst må nemnast at Olav Torleivsson i Innistog Byklum tykkjest ha ått dei 3 skinna i Der sø ei stund kring 1730. Kva tid eller korleis han fekk tak i eigedomen, veit me ikkje, men me ser at han i 1733 selde dei 3 skinna sine til den eldste av såvessønene. Han hadde truleg budd her heile tida, og kan vel også ha ått ein part i garden tidlegare, men frå 1733 var han både eigar og brukar av 3 skinn, altså heile bruket her.

  • Knut Såvesson Vatnedalen, f ca 1681, d 1752
g 1723 m e Anne Torgrimsdtr. Flateland, f ca 1703, d 1773. Born:
  • Torbjørg, f 1724, g 1. 1750 m em Sigbjørn Torkjellsson Rannestad, g 2. 1771 m em Jon Drengsson Ofte, Høydalsmo, Lårdal, sjå nedanfor
  • Gyri, f 1726, d 1726
  • Gyri, f 1727, g 1760 m Olav Mikkelsson Mosdøl, sjå Ørnefjødd
  • Ingebjørg, f ca 1729, n 1752, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Eli, f 1732, d 1752, ug
  • Såve, f 1735, «haver mangel paa sit Sind» 1752, d 1758, ug
  • Åse, f 1739, g 1763 m Hallvard Såvesson Stavenes, sjå Teigen, gnr 16, bnr 1

Som me var inne på ovanfor var Anne Torgrimsdotter syster åt Jorunn, som sidan vart gift med Såve Såvesson. Då Anne gifte seg med Knut var ho enke etter Torjus Sørensson Holum (jfr. Valle V, 43).

I 1731 skreiv Knut kontrakt med trelasthandlaren Claus Pedersen Topdahl i Kristiansand om at han skulle få eit visst kvantum tømmer or Vatnedalsskogen, og tok imot forskotsbetaling for dette. Men året etter skreiv han også kontrakt med trelasthandlaren Christian Brinch, om at han sidan skulle ha fyrekaupsrett på alt det som kunne avvirkast av tømmer i Vatnedalsskogen. Dette kunne kanskje tyde på at Knut dreiv og selde skog på ei tid då han endå ikkje hadde nokon eigedomsrett til garden, men det er det vanskeleg å tru at han gjorde. Forklaringa må vel vera at det har gått fyre seg fleire handlar fram og attende, som me ikkje har funne spor etter. Men i 1733 overdrog Knut iallfall ein part av skogen sin til Olav Torleivsson Byklum, som han hadde kaupt garden hjå same året, og litt seinare selde han saman med farbroren Knut Torbjørnsson eit skogstykke til Claus Pedersen Topdahl i Kristiansand «for på 20 Aars tid at uthugge».

Gamalt øksehovud. Øksa var den einaste reiskapen tømmerhoggarane på på 1700-talet hadde å hjelpe seg med. Dei styvde, kvista og berkte med øks. Berkjespaden høyrer nyare tid til. Øksa på biletet ligg i Henriksensamlinga i Bykle med reg.nr. MOR0567. Foto frå Setesdalsmuseet.

Dermed kan det sjå ut til at same skogen var seld minst to vender, og det var sjølvsagt å be om bråk. Christian Brinck sette sak, og i 1734 fall det dom, der Knut Torbjørnsson, som nå var busett på Hovden, vart sitjande med skulda for fadesen, og pålagt erstatningsansvar både andsynes Brinck og oppsitjarane i Vatnedalen. Men Claus Pedersen var ikkje nøgd med domen, ettersom han meinte at det framleis var lova ut meir tømmerlast enn det som kunne leverast, så i 1735 vart det ny sak. Her er delar av rettsreferatet uleseleg, men iallfall ser me at Knut Torbjørnssson dokumenterte at han for sin del ikkje hadde selt meir enn han åtte. Då måtte ansvaret hamne hjå Knut Såvesson, og fylgja vart at han laut pantsetje halve bruket sitt eller 1 1/2 kalveskinn. Kven panthavaren var er uvisst.

Same kor mykje skog som hadde vorte selt ifrå, er det på det reine at Claus Pedersen ikkje hadde fått tak i alt, jamvel om han meinte det sjølv. I 1736 var det ein Åsmund Gunnarsson som hadde hogge i Løyningskogen for Vatnedalsbøndene. Claus meinte det var hans tømmer, fekk lensmannen til å taka beslag i det, og stemnde Åsmund for skadeserstatning. Retten fann at søksmålet var ugrunna, og dømde Claus til å yte Åsmund 10 riksdalar i erstatning.

I 1747 overdrog Knut Såvesson Ørnefjødd til Rikard Gunnarsson for 80 riksdalar. Som me gjer nærare greie for i bolken om Ørnefjødd var ikkje dette eit reint kaup, ettersom bruket framleis skulle reknast som plass under Vatnedalen, med oppsitjaren på Der sø som formell eigar.

Men endå hadde Knut uoppgjorde saker med trelasthandlarane i Kristiansand, ser me, for i 1748 vart han stemnd for gjeld av enka etter Christian Brinch, som vann fram med eit krav på 78 riksdalar. Dette kom Knut ikkje til å greie, gjelda sto framleis ubetala då han døydde i 1752.

Me nemnde ovanfor at Knut Såvesson hadde pantsett halve bruket sitt i 1735. I 1752 var dette pantet framleis uinnløyst, og panthavaren då var Knut Åvoldsson Nesland (y.), ein ungkar som seinare budde ei tid i Åseral, men kom attende til Bykle på sine eldre dagar og døydde i Gjerden i 1808. Knut Åvoldsson var fødd i 1718, og kan vel vanskeleg ha hatt store pengesummar å låne ut i 1735, så me går ut ifrå at han hadde overteke pantet frå einkvan annan.

Utover dette var det ikkje bokført anna gjeld enn dei 78 dalarane til enkefru Brinch, men ettersom Ørnefjødd i røynda var selt ifrå, var skrivaren i tvil om den halvparten av bruket som Knut framleis åtte kunne vera nok til å dekkje gjelda. Det vart difor ikkje kreditert nokon fast eigedom i buet, og dermed vart sluttsummen negativ, slik at det ikkje vart noko å erve. Om dette var ei fullt ut korrekt skiftehandsaming kan ein vel stille spørjeteikn ved, men for han som eit par år tidlegare hadde overteke som oppsitjar då han gifte seg med eldste dotter åt Knut, var den låge verdivurderinga sjølvsagt berre ein fyremon.

Denne mannen hadde tidlegare flutt åt Vatnedalen frå Ryningen, der han hadde budd sidan 1727, men opphavleg kom han frå Rannestad i Bakke sokn. (Bakke ligg i Lund prestegjeld. I dag høyrer Bakke sokn til Flekkefjord kommune i Vest-Agder, medan Lund hovudsokn ligg i Rogaland.) Foreldra hans var Torkjell Ånundsson Rannestad og kona, Turid Toresdotter, fødd Lindland. (Ramsli, Lars: Bakke bygdebok. Gards- og slektshistorie. Del 1, Stavanger 2002). Det ser ut til at Sigbjørn og fyrste kona hans budde på Rannestad dei fyrste åra dei var gifte, for det einaste kjende barnet deira vart døypt derifrå.

Så langt kome kan me setje opp eit familieoversyn:

Sveipeøskje frå 1700-åra, breidde ca 35 cm, høgde ca 25 cm. Trosken er dekorert med svimerketeknikk, og ihopsauma med bjørketæger, ser ein. Loket, som var gjort av ein litt vidare trosk, er tydelegvis bortkome. Såvorne øskjer bruka jentene til å gøyme silkeplagg og liknande dyrgripar i. Det var gjerne rom til to øskjer øvst i ei vanleg utstyrskiste. Denne ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr.MOR00293.
Foto: Setesdalsmuseet
  • Sigbjørn Torkjellsson Rannestad, f ca 1693, d 1769
g 1. m Ingjerd Åsmundsdtr. Ryningen, f ca 1692, d 1749. Born, iallfall:
  • Torkjell, f 1724, d 1788, g m Randi Matiasdtr. Øya, busett Sokndal, sjå nedanfor
g 2. 1750 m Torbjørg Knutsdtr. Vatnedalen, f 1724, d 1800, ho seinare g 2. 1771 m em Jon Drengsson, Lårdal, sjå nedanfor. Born:
  • Ingjerd, f 1750, d 1751
  • Ingjerd, f 1752, d 1752
  • Ingjerd, f 1754, g 1779 m Knut Bjørgulvsson Breive, sjå Breive Der inne, bnr 2
  • Eli, f 1757, g 1791 m Olav Larsson Bratteland, sjå Bratteland, jfr nedanfor
  • Turid, f 1759, g 1792 m Auver Jonsson Tveiten, sjå nedanfor, jfr. Myri Holen
  • Knut, f 1762, d 1766
  • Knut, f 1766, g 1796 m Sigrid Kjetilsdtr. Løyning, sjå Der hite, bnr 4

Det er i og for seg heilt rett, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (187), at Sigbjørn fekk hand om bruket her då han gifte seg med Torbjørg Knutsdotter. Men det var ikkje då han kom inn på garden. Dette byggjer me på fleire tilhøve: For det fyrste står det i kyrkjeboka at Ingjerd, fyrste kona, budde i Vatnedalen då ho døydde i 1749. For det andre veit me at Sigbjørn sidan åtte heile Vatnedalen, altså både Der sø og Der hite. Av desse i alt 6 skinna veit me at han løyste ut 1 1/2 skinn frå Christian Brinch (y.) i 1767, og at dette var parten etter Olav Niklosson i Der hite. Vidare er det greitt at han fekk 3 skinn med Torbjørg, men då står det endå att 1 1/2 skinn med eigedom i garden som er uforklara. Dette må vera partane åt Olav og Knut Torbjørnssøner, som me meiner at Sigbjørn fekk tak i etter rettssakene torbjørnssønene var ute i på 1730-talet. Desse kan ein lesa om i bolken om Der hite, bnr 4. I bolken om Ryningen har me fortalt at Sigbjørn selde det bruket i 1735, og kome til at det helst var då han flutte til Vatnedalen. Me vil altså rekne med at han hadde halve Der hite, og budde der frå det sistnemnde året til han flutte til Der sø i samband med det andre giftemålet sitt i 1750.

Grunnen til at me i det heile har kjennskap til Torkjell Sigbjørnsson, sonen frå det fyrste ekteskapet, er at Sigbjørn i 1767 stemnde Snære Salmundsson Rysstad på odel for Ryningen på vegner av ein soneson, som også heitte Sigbjørn Torkjellsson. Grunnlaget for søksmålet var at Ingjerd Åsmundsdotter var dotter åt Åsmund Gunsteinsson Ryningen, og dermed av den gamle odelslina på det bruket. Men Snære la fram prov for at saksøkjaren i 1749 hadde selt odels- og åsætesretten sin til Ryningen til Hallvard Ånundsson Tveiten for 320 riksdalar. På denne bakgrunnen tapa då Sigbjørn odelssaka så det small. Han laut ut med 16 dalarar i sakskostnader, og dertil ei bot til justiskassa for grunnlaust søksmål.

I rettsreferatet får me ikkje vita anna om Torkjell Sigbjørnsson enn at han var omlag 40 år i 1767, at han budde på på «gaarden Vigen i Stavanger Amt», og at han som nemnt hadde ein son som heitte Sigbjørn. Det er i og for seg lite å byggje på. Men på internettsida av Stein Norem Wisted, som inneheld gards- og ættesoga for Sokndal i Dalane, lengst sør i Rogaland, les me mellom anna at Torkjell var fødd på Rannestad i Bakke i 1724, at han i åra 1759-1775 budde på ein plass som heitte «Vigen» under Håland i Sokndal, og sidan åtte ein grannegard til Håland som heiter Myrstøl, der han budde til han døydde i 1788. Ut ifrå det me veit om foreldra er det rimeleg å rekne med at han må ha vore i Bykle frå kring 1727, fyrst i Tveiti og sidan nokre år her på garden. På denne bakgrunnen vil me oppfatte han som ein utflytt byklar, og difor tek me inn eit oversyn over familien hans etter Wisteds arbeid:

Gamalt lagga bryggjekjer med tregjorder. Som ein ser har det blitt lyft opp frå golvet ved hjelp av tre forlenga laggestavar, som fungerer som føter. Henriksensamlinga, reg.nr. MOR 00087.
Foto: Setesdalsmuseet
  • Torkjell Sigbjørnsson (Rannestad, «Vigen») Myrstøl, f 1724, d
1788 g m Randi Matiasdtr. Øya, Helleland, f 1724, d 1793. Born:
  • Gyrid, f 1744, gardkone, «Løyning i Elven», Sokndal, g 1768 m em Kjervald Jacobsen Løyning, 4 born
  • Karen, f 1747, d fyre 1789
  • Ingjerd, f 1750, gardkone, Årrestad, Sokndal, g 1775 m Lars Rolfsen Årrestad, 7 born
  • Sigbjørn, f 1753, husmann, «Vigen» under Håland, Sokndal, g m Todny Marie Rolfsdtr. Årrestad, 9 born
  • Matias, f 1756, gardmann, Sollie, Sokndal, g 1779 m Karen Maria Gunnarsdtr. Helleren, 8 born
  • Todny, f 1759, n 1789, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Torkjell, f 1762, n 1789, ug då, seinare lagnad ukj.

Etter denne avstikkaren til Rogaland lyt me koma oss attende til Vatnedalen.

Då Sigbjørn døydde i 1769, åtte han heile garden, verdsett til 310 riksdalar. Vidare hadde han 240 dalar til gode hjå Snære Arnesson Rysstad med pant i Ryningen, og endeleg åtte han lausøyre for 135 dalar, så i alt sat han med verdiar for 695 dalar. Men der var også mykje gjeld. For det fyrste sto den ovannemnde panteobligasjonen til Knut Åvoldsson Nesland ubetala. Denne var på 310 dalar, og svara altså til heile det bokførde verdet av Vatnedalen. Dertil kom at også Jon Åvoldsson Nesland, bror av Knut, hadde pengar til gode, 120 dalar var det, og på toppen var det ei rekkje småbeløp som skulle ut til kravshavarar i Suldal og Sokndal, truleg gjaldt desse pengane kretur eller andre varer Sigbjørn hadde teke på kreditt. Såleis kom den samla gjelda opp i 566 riksdalar, og nettoen i buet vart berre 129 dalar. Etter dette skiftet overtok Jon Åvoldsson eigedomsretten til garden for ei stund, og flutte hit.

Han og familien hans hadde då budd ei årrekkje i Sygard Nesland, bnr 3, og hovudomtalen av dei er plassert i bolken om det bruket. Men Jon og kona, Tore Bjørgulvsdotter, kom til å verta buande her frå 1769 og så lenge dei livde.

Men Knut, den lisle sonen etter Sigbjørn Torkjellsson, hadde odel, og i 1771 gifte Torbjørg Knutsdotter, mor hans, seg omatt med ein enkemann som i kyrkjeboka vert kalla Jon Drengsson Ofte. Torbjørg og Jon overtok etter dette garden på odelen åt Knut. Det me vidare har å melde om Jon Drengsson har me fått vita hjå bygdebokforfattaren Tarjei Førstøyl i Høydalsmo:

  • Jon Drengsson (Finnkosi ?), n Ofte 1764, Vatnedalen 1771, 1787, d fyre 1800
g 1. m Liv Olavsdtr. Vesterdal f ca 1704 d 1768, 7 born, sjå nedanfor
g 2. 1771 m e Torbjørg Knutsdtr. Vatnedalen, f 1724, d 1800, ikkje born

Jon Drengsson var ikkje frå Ofte i Høydalsmo på anna vis enn at han hadde budd der nokre år, frå 1764 og frametter. Truleg var han fødd på plassen Finnkosi under Tveit i Dalane, Kviteseid (jfr. Kviteseid bygdesoge I, 1956, 86). Iallfall hadde han i vaksen alder budd mange år på plassen Støyle under Vesterdal, Kviteseid.

Støyle var farsarven åt fyrste kona hans (jfr n.v. 650). I 1765 vart det tinglyst at dei hadde bytt bort Støyle i eit bruk i Ofte, men det ser ut til at dei hadde flutt dit året fyre.

I det fyrste ekteskapet sitt fekk Jon 7 born, og 6 av desse vaks opp og fekk folk etter seg. Alle borna var fødde i Kviteseid, og dei fleste av dei kom til å verta buande i Lårdal. Det ser ikkje ut til at nokon av dei fylgde faren til Bykle og budde her, og difor nøyer me oss med å syne til den komande gards- og ættesoga for Lårdal når det gjeld meir detaljerte nøyare opplysningar om dei.

Etter at Jon Drengsson og Torbjørg Knutsdotter hadde overteke garden vart Jon Åvoldsson og Tone Bjørgulvsdotter, som me var inne på ovanfor, likevel verande her så lenge dei livde, så det er truleg at dei nye eigarane har teke på seg å yte dei foddog. Om nokon av dei to ektepara budde i Der hite, eller om båe familiane heldt til her på bruket er ikkje visst, men det siste er det mest trulege. Me noterer oss at det ikkje vart registrert fast eigedom i buet etter Jon Åvoldsson, då han døydde i 1786.

Frå 1772 og 15 års tid frametter var Jon Drengsson den einaste som svara skatt av Vatnedalen. Sidan ser me ikkje meir til han, og kor lenge han livde veit me ikkje. Dødsfallet hans står ikkje i Valle kyrkjebok, men Torbjørg var enke då ho døydde i 1800.

I 1791 gifte Eli Sigbjørnsdotter seg med enkemannen Olav Larsson på Bratteland. Nett kva tid dei flutte hit og overtok halve garden kan vera uvisst nok, men me veit at dei budde på Bratteland i 1794, og at Knut, bror hennes, budde i Der hite frå han gifte seg i 1796, så me trur helst at Eli og Olav kom hit det året, eller kanskje året fyre, og at dei då dela garden med Knut. Me har sett inn hovudomtalen av Olav Larsson og folket hans i bolken om Bratteland, ettersom det var der han budde lengst. I 1805 makeskifte han bort bruket sitt her mot Myri Holen, og flutte dit. Han døydde der seinare same året.

Den nye eigaren her i 1805 var Auver Jonsson. I den gamle gards- og ættesoga (190) er han oppførd med etternamn Holen. Dette er i og for seg høgst rimeleg, ettersom han kom hit frå Myri Holen. I denne boka har me likevel gjeve han etternamnet Tveiten avdi han var fødd i Nordtveiti, og avdi hovudomtalen av foreldra hans, Jon Auversson og kona, Åshild Folkesdotter, er å finne i bolken om det bruket. Men i denne omgangen skal det altså handle om sonen og familien hans:

  • Auver Jonsson Tveiten, f 1752, d 1836
g 1792 m Turid Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, f 1759, d 1837. Born:
  • Åshild, f 1793, g 1825 m Olav Sveinsson Maurlii, sjå Maurlii under Berdalen
  • Birgit, f 1795, g 1819 m Olav Tallaksson Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Torbjørg, f 1797, g 1818 m Helleik Kjetilsson Glidbjørg, sjå Berdalen Der nede, gnr 3, bnr 1
  • Jon, f 1799, g 1830 m Hæge Tarjeisdtr. Bjones, sjå nedanfor
  • Tone, f 1801, g 1820 m Pål Ånundsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes

Turid Sigbjørnsdotter var frå garden her, og syster åt Eli og Knut. Alle borna åt Auver og Turid var fødde i Holen, og dei som vaks opp vart konfirmerte frå Vatnedalen. Auver og Turid sat på bruket til 1824, då dei tok foddog og overlet eigedomen til sonen:

Lauving var ein fast del av forhentinga kvar sumar, ei lauvkjerv vart rekna jamgod med ei høygjev. Det var om å gjera å ha eit godt lager av kjerver om hausten, og difor fanst det lauvknivar eller lauvsigdar, som den på biletet her, på alle gardar og plassar. Bladet er ca 22 cm langt, medan skaftet er snaue 15 cm. Denne reidskapen måtte vera såpass tung at han eigna seg til å hogge med, men den bugne forma gjorde at han også var god til å rykkje av lauvrisler som ein ikkje fekk tak til å hogge. Den lauvkniven me har bliete av ligg i Henriksen-samlinga i Bykle med reg. nr. MOR 00044. Bilete frå Setesdalsmuseet.
  • Jon Auversson Vatnedalen, f 1799, d 1860
g 1830 m Hæge Tarjeisdtr. Bjones, f 1799, d 1864. Born:
  • Dødfødd gut, 1831
  • Auver, f 1832, g 1855 m Brita Kolbeinsdtr. Fisketønn, sjå nedanfor
  • Turid, f 1835, d 1835
  • Tarjei, f 1837, d 1837
  • Turid, f 1838, d 1860
  • Birgit, f 1843, d 1843, tvill.
  • Birgit, f 1843, d 1843, tvill.

Hæge Tarjeisdotter var frå Bjones, dotter åt Tarjei Knutsson Maurlii og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Mosdøl. I 1825 hadde ho fått ein son som heitte Knut med Jon Sveinsson Maurlii, syskenbarnet sitt. Den guten døydde 2 år gamal i Bjones. Jon hadde også ein son som heitte Knut, fødd i 1829. Mor hans var Birgit Knutsdotter Gjerden, ei dotter åt Knut Olavsson Gjerden og kona, Asgjerd Jonsdotter, fødd Holen. Knut Jonsson livde opp, og vart i 1874 gift med Åse Knutsdotter Byklum. I åra som fylgde budde han med henne på plassen Naustdøl under Vodden Nesland, der han iallfall sidan 1865 hadde halde til ilag med mora. Ein kan lesa meir om han i bolken om den verestaden.

Då Jon døydde i 1860 gjekk eigedomen over til odelsguten:

  • Auver Jonsson Vatnedalen, f 1832, d 1867
g 1855 m Brita Kolbeinsdtr. Fisketjønn, f 1834, d i USA 1921, g 2. 1871 m Svein O. Maurlii, sjå nedanfor. Born:
  • Jon, f 1856, d 1858
  • Jon, f 1858, d 1858.
  • Hæge, f 1859, d 1860
  • Turid, f 1861, g 1881 m Tarjei Knutsson Bakken under Lunden, Valle, gnr 22, bnr 9, til Amerika 1883, jfr. Valle VI, 451f
  • Jon, f 1863, d 1867
  • Borghild, f 1866, d 1867

Brita Kolbeinsdotter var frå Fisketjønn i Suldal, dotter åt Kolbein Jonsson Nærheim og kona, Borghild Pedersdotter, fødd Tjøstheim (jfr. Gamle Suldal, 348).

Som ein ser ovanfor døydde 5 av dei 6 borna til Auver og Brita som små. Den einaste dottera som vaks opp, hamna i Amerika, og har stor ætt etter seg der. Me tek inn eit oversyn over huslyden hennes etter eit amerikansk ættesogemanuskript, utarbeidd av Mr Paul Gilje i Burnsville, Minnesota.

Turid Auversdotter Vatnedalen (1860-1901), til Amerika 1883

g 1881 m Tarjei Knutsson Bakken, (1860-1941)(jfr Valle VI, 249). Born:
  • Margit (1881-1943), g m John Whalen, 3 born
  • Bessie (1884-1902)
  • Gunhild (Nellie) (1886-1963) g m Henry Farnum Goulden, 6 born
  • Hilda (1888-1967), g m John O. Garden, 6 born
  • Olena (1890-1978), g m Martin Haraldson,, 2 born
  • Knute (1892-1983), ug
  • Severt Oscar ( 1895-1940), ug
  • Anna (1897-), g m Andrew Christenson, 6 born
  • Tilde (1900-) g m Clarence Fridland, 4 born

Tarjei Bakken var fødd i Attistog Gjerden som son til Knut Torleivsson Homme og kona, Margit Tarjeisdotter Bratteland. Dei er nærare omrødde i bolken om Attistog.

Då Turid og Tarjei for til Amerika i 1883, reiste dei saman med far hans, som var enkemann frå 1882, broren Torleiv og familien hans, systera Anne og mannen hennes, Tarjei Knutsson Byklum (Juvet), og den ugifte systera Gunhild.

I Amerika budde Turid og Tarjei fyrst i Shell Valley Township, Rolette County, Nord-Dakota, men hamna sidan i Chester Township, Polk County, Minnesota. Der finn ein dei i 1900-folketeljinga. Men lat oss koma oss attende til Vatnedalen.

I 1865 hadde Auver og Brita og Brita hest, 11 storfe, 13 sauer og 24 geiter. Dei sådde 2 tunner bygg og sette ut 6 tunner jordeple. Den etter måten store sånaden har nok samanheng med at det budde nokså mange her utanom husbondsfolket. Det var for det fyrste bruksmannen Salmund Knutsson Breive, Tjodvor Olavsdotter, kona hans og dei to borna deira, som heitte Gyrid og Knut. For det andre var det tenestekaren Svein Olavsson Maurlii, som var bror åt Tjodvor, og endeleg var det Torbjørg Tarjeisdotter. Ho var enke etter Olav Sveinsson Maurlii(y.), og mor åt Tjodvor og Svein. Ho fekk fatighjelp, står det, og er oppførd som «logerende».

Auver var berre 33 år då han døydde. Nokre år etter at han var borte gifte Brita seg omatt med tenestekaren sin. Dei reiste til Amerika i 1885, og me set opp eit oversyn over huslyden deira etter det fyrrnemnde ættesogearbeidet av Paul Gilje i Minnesota.

Svein Olsson Maurlii, (1830-1903 ), til Amerika 1885

g 1871 m e Brita Kolbeinsdtr. Vatnedalen (1834-1921). Born:
  • Auver, f 1872, (d 1886?), sjå nedanfor
  • Margit (1874-1911), farmarkone, g 1897 m Peder Enoksen Gilje, Dirdal, Gjesdal, born:
  • Edna (1898-1975), g m Isadore Vrem, 3 born
  • Selma (1900-), g m Edwin Minford, ikkje kjende born
  • Gladys (1902-1969), ug
  • Rosa (1904-1980), g m Elmer Hansen, ikkje kjende born
  • Martin Peder (1911-1934), ug
  • Borghild (1877-1962), farmarkone, g 1905 m Paul S. Tastad (1879-1960), born:
  • Clemence (1906-1986), ug
  • Sylvia (1908-), g 1. m John Morrison, g 2. m Emil N. Gilje, 1 barn
  • May (1910-), g m J. A. Gilje, 3 born
  • Marie (1912-),g m Emil Brandt, 4 born
  • Walter (1914-1973), g m Marion Brady, 4 born
  • Vernon (1916-), g m Anne Emily Beaver, 3 born
  • Thelma (1917-), g m Mack Reese, 2 born
  • Ruth (1921-), g m Kenneth K. Ostreim, 3 born
  • Reuben (1921-1941), fall i krigen

I 1875 hadde Svein og Brita hest, 4 kyr, 2 kalvar, 6 sauer og lam, 15 geiter og kje. Sånaden på bruket då var 2 tunner bygg og 2 ½ tunner jordeple.

I 1879 selde dei garden til Sjur Sjursson Natland, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (189). Men dei for ikkje til Amerika med det same etter salet, for fyrst den 12. juni 1885 tok dei ut frå Kristiansand, fortel emigrantprotokollen.

Som ein skjønar av det som står ovanfor, var dei to døtrene med på utreisa, men ikkje sonen. Paul Gilje fortel etter familietradisjonen at han døydde i Noreg i 1886, altså året etter at foreldra og systrene hans tok ut, men denne opplysinga let seg ikkje stadfeste, og må takast med atterhald.

I USA budde Svein og Brita på ein farm i Wolf Creek Township, Rolette County, Nord-Dakota. Denne staden ligg heilt nord i staten, nokre mil aust for midtpunktet av grensa mellom Nord-Dakota og Canada. Margit og Borghild heldt til i same området med familiane sine, og sameleis ei tid Turid A. Bakken og hennes folk.

Sjur og Margit Vatnedalen ca 1900. Biletet er teke av ein profesjonell fotograf, helst i Stavanger. Hit frå Ingebjørg Vegestog.

Så langt kome kan me gå over til den nye eigaren av bruket frå 1879. Foreldra hans var Sjur Sjursson frå Ritland i Suldal og kona, Marte Larsdotter Natland. Desse budde på Natland i Erfjord (jfr. Vaage, M.: Frå ætte- og kultursoga i Erfjord, 1959, 213). Men sonen slo seg altså ned i Vatnedalen.

  • Sjur Sjursson Natland, f 1838, d 1904
g 1875 m Margit Knutsdtr. Hovden, f 1854, d 1938. Born:
  • Torjus, f 1875, d 1875
  • Marta, f 1876, g 1892 m Sigbjørn Knutsson Vatnedalen, sjå Løyning
  • Torbjørg, f 1879, g 1900 m Knut Bjørgulvsson Bjåen, sjå Bjåen
  • Tjodvor, f 1880, d 1956, ug, busett Edland
  • Ingrid, f 1884, g 1905 m Olav Olavson Åsen, sjå Systog Dalen
  • Sjur, f 1886, g 1914 m Åshild Knutsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Margit, f 1889, g 1916 m Hallvard Sigbjørnsson Glidbjørg, sjå Nordstog Glidbjørg, gnr 16, bnr 11
  • Signe, f 1892, g 1917 m Olav Sigbjørnsson Glidbjørg, sjå Systog Glidbjørg, gnr 16, bnr 13

Margit Knutsdotter var frå Hovden Der sø, bnr 2, dotter åt Knut Olavsson på det bruket og kona, Torbjørg Tarjeisdotter.

Sonen overtok garden i 1909.

Sjur S. Vatnedalen (1886-1971) og kona, Åshild K., fødd Stavenes (1894-1975). Brurebilete 1914 frå Ingebjørg Vegestog.
Ståande: Åshild K. Vatnedalen, fødd Stavenes (1894-1975), Åsne O. Breive (1881-1975), Signe S. Glidbjørg, fødd Vatnedalen (1892-1985). Sitjande: Margit K. Stavenes, fødd Hovden (1854-1938), Margit K. Vatnedalen, fødd Hovden (1854-1938) og Torbjørg B. Hovden (1865-1951). Åsne Breive har fjellgardsbunad og Signe Glidbjørg hardangerbunad, medan dei andre brukar ulike variantar av stakk og liv. Bilete frå vegestogsamlinga.
Vatnedalen kring 1910. Biletet er truleg teke av August Abrahamson. Til bygdeboka kjem det frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.
  • Sjur Sjursson Vatnedalen, f 1886, d 1971
g 1914 m Åshild Knutsdtr. Stavenes, f 1894, d 1975. Born:
  • Margit, f 1915, kjøkenass., busett Kristiansand, d 2001, ug
  • Margit, f 1917, husmor, d 2008, g m Torbjørn Tveiten, Tørvikbygd, f 1912, d 2003, sjå Blesterkroken 6, Hovden, jfr. bnr 37, Bekkestad
  • Sjur, f 1919, d 1993, g m Lilly Esther Sandstrøm, sjå nedanfor, jfr. Nordli Lien, gnr 3, bnr 164
  • Knut, f 1921, d 1993, anl.arb., ug, sjå Brekkeskar, bnr 44
  • Torjus, f 1924, misjonær, d 2004, g 1952 m Liv Thue, Bergen, f 1927, 23 år i Etiopia, sidan busett Bergen, born:
  • Sveinung, f 1955, g m Anne Kristin, busett Gjerstad, born:
  • Anne Linn Vatnedalen Vik, f 1985
  • Torjus Vatnedalen, f 1987
  • Maria Elena Vatnedalen Nesheim, f 1990
  • Ane Selina Vatnedalen Andersen, f 1993
  • Sondre Vatnedalen, f 1994
  • Helge, f 1956, g m Marit, busett Bergen, born:
  • Silje Victoria Halsne, f 1983
  • Linda Birgithe Loland, f 1985
  • Tonje Margrethe Olteda,l f 1987
  • Helge Magnus Vatnedalen, f 1990
  • Åge, f 1958, g m Alganesh, Etiopia, busett utanlands, born:
  • Sabrina Vatnedalen, f 1989
  • Tarjei, f 1926, d 1976, ind.arb., busett Oslo, døydde i trafikkulukke, ug. Kjend som Tallen.
  • Torbjørg, f 1927, husmor, d 2001, g m Thore Halvorsen-Tangen, maskinsjef til sjøs, d 2016 Kristiansand, born:
  • Elisabeth, f 1963, g m Alf Nesheim f 1959, tidlegare busett Voss, born:
  • Are Christian Nesheim f 1985
  • Silje Christine Nesheim f 1988
  • Kristian, f 1931, d 2009, sjømann, g hv m Anna Kviteberg, Klokkarvik, Sotra, born: sjå Brekkeskar, bnr 44
  • Olav, f 1934, d 1943

Åshild Knutsdotter kom frå Nordstog Stavenes, og var dotter åt Knut Knutsson Breive på det bruket og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden.

I 1912 gav Stortinget konsesjon til Otteraaens Brugseierforening for regulering av Vatnedalsvatnet. Vatnet skulle hevast 6 m og senkast 2,5 m i høve til opphavleg vasstand. I 1916 kom arbeidet med dambyggjinga igang. Heile reguleringa var ferdig i 1921. Då var det bygd dam, og også grave kanal i Vatnedalsosen. Husa kom til å verta ståande på turt land etter oppdemminga, men det var att så lite dyrka jord at grunnlaget for gardsdrift var borte. I tillegg ville reguleringa øydeleggje den viktige isvegen om vinteren. Det var difor ikkje anna på enn å flytje.

Sjur skal ha fått 7000 kr i erstatning av brukseigarforeninga. Det kom sikkert vel med, når han skulle flytje husa sine og dyrke opp jorde på den nye verestaden han hadde valt seg ut. Den nye garden låg i Skarketjønndalen, austom damstødet. Her var det etter måten flatt lende og gamal støylsvoll, og låg i og for seg vel til rette for nydyrking. Men det var sjølvsagt i alle fall eit digert arbeid Sjur hadde teke på seg.

Etter flytjinga vart garden kalla Dalen, som er ei kortform av Skarketjønndalen. Dei som budde på nybruket Åsen i Vatnedalen flutte også til Dalen, der dei kaupte ein parsell på 300-400 mål. Denne vart då til Systog, bnr 18, medan hovudbruket, som fekk halde på sitt gamle bruksnummer, vart kalla Nordstog.

Sjur tok ned «halvparten av dei store husa», står det i boka I skiftende tider (52), og flota tømmeret aust i enden av vatnet. Det var ei mil å ro kvar veg, og han rodde opptil 4 vendingar i døgeret. Etter at isen hadde lagt seg hausten 1917 køyrde han resten av tømmeret med hest.

Nett kor mykje hus det var i det gamle Der sø i Vatnedalen veit me ikkje, men ein annan stad i den sistnemnde boka heiter det at «3 av setehusa vart rivne og flutte». Det tyder vel på at der var minst 4 bustadhus på bruket, men dette har me ikkje nærare greie på. Sonesonen, Sjur Johan Vatnedalen, som har Nordstog Dalen idag, meiner at det våningshuset godfaren sette opp i Nordstog, som har ei grunnflate på 70 m2 i to fulle høgder, må vera ihopsett av to av dei gamle tømrene. Han fortel vidare at godfaren også flutte fjos og løe, og dertil eit par taddar. Dei sistnemnde vart sette oppatt til hytter i Vatnedalsosen, meiner han.

Fjos og løe kom under tak på nybruket i 1917, våningshuset året etter. Dinest var det dyrkingsarbeid som sto for tur. Sjur dyrka opp bortimot 30 mål. Sjur og Åshild dreiv sidan garden sin med hest, 3-4 kyr, kring 20 sauer og nokre høns. I 1956 overdrog dei eigedomen til den eldste av sønene.

Våningshuset Sjur bygde i 1918. Dette er sjølvsagt eit nyare bilete, men bortsett frå vindaugo i fyrste høgda, er det snautt mykje forandra utvendig.
Foto: Aanund Olsnes
Bjørgulv K. Stavenes, Sjur S. Vatnedalen, Hallvard S. Glidbjørg og Halvor O. Breive. Biletet, som må vera teke på 1920-talet, kjem frå Ingebjørg Vegestog.
  • Sjur Sjursson Vatnedalen, f 1919, d 1993
g 1965 m Lilly Esther Sandstrøm f 1943. Born:
  • Sjur Johan, f 1966, gbr, sb m Nina Jeiskelid, sjå nedanfor
  • Alf Helge, f 1968, ug, sjåfør, jfr Nordli Lien, gnr 3, bnr 164
  • Helga Åshild, f 1974, ekspeditør, g m Helge Lindland, busett Helleland, born:
  • Silje, f 1995
  • Sjur Inge, f 1998
  • Stian, f 2000

Lilly vart fødd i Little Norway i Toronto, Kanada, avdi foreldra hennes, som heitte Helga og Johan Karinius Sandstrøm, på den tid arbeidde på den norske flystasjonen der.

Sjur dreiv garden på omlag same nivået som faren, med 3-4 kyr og 20-30 sauer. Han braut også opp ein del nytt jorde, slik at den dyrka jorda i 1978 vart rekna til 42 mål. I 1967 fekk han kaupe att ein stor del av dei fjellstrekningane som hadde vorte selde frå bnr 1, 2, 4 og 6 i tida kring den fyrste oppdemminga. Seljaren var Mikkel Roaldkvam (y.). I 1974 bygde Sjur ny driftsbygning.

Nokre år tidlegare hadde systera, Margit, og broren, Knut, sett seg opp sine eigne bustadhus austom jordet på garden (Bekkestad, bnr 37 og Brekkeskar, bnr 44).

Frå 1943 til 1948 var det ein ny runde med anleggsarbeid i Vatnedalen. Denne venda vart ikkje gardsbusetnaden skipla, men oppdemminga vart auka med 13,5 m. Her ser ein at dei forskalar ved renneinntaket på eit bilete frå 1943. Biletet kjem frå arkivet til Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet. Me har ikkje funne opplysningar om namn på personane.
Her ser ein at dei set opp forskalinga til den store betongdammen på eit bilete frå 1947. Biletet kjem frå arkivet til Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet. Heller ikkje her har me har ikkje funne opplysningar om namn på personane.
Den store betongdammen i Vatnedalen, slik han såg ut ved ferdigstillinga i 1948. I dag er han nedgraven under den nye fyllingsdammen. Bilete frå Vest-Agder Elektrisitetsverk via Setesdalsmuseet.

I andre halvdelen av 1970-åra vart det atter anleggsverksemd i Vatnedalen. Nordstog vart ikkje neddemt, men all aktiviteten på eigedomen gjorde det turvande å flytje ifrå. Til kompensasjon for dette sette I/S Øvre Otra opp eit nytt hus for Sjur og familien hans på ei tomt som gjekk ut frå Nordli Berdalen (Nordli Lien, gnr 3, bnr 164). Dei flutte dit i 1978. Lilly og sonen Alf Helge bur framleis der (2006), og er også noko omrødde i bolken om den verestaden.

I 1989 var anleggsperioden godt og vel til endes. Eldste son åt Sjur og Lilly flutte då hit att og tok eigedomen i bruk på nytt lag.

  • Sjur Johan Vatnedalen, f 1966
sb m Nina Jeiskelid, f 1967. Born:
  • Vegard, f 1992,
  • Anne, f 1995

Nina Jeiskelid er frå Glidbjørg. Foreldra hennes er Kay Arne Jeiskelid og kona, Anna Vigdis, fødd Vestøl. Nina er sjukepleiar, og arbeider i tillegg til gardsbruket på bygdeheimen i Bykle, der ho i nokre år har vikariert som styrar.

Sjur Johan og Nina driv garden med 25 vinterfora sauer og like mange geiter. Attåt gardsdsarbeidet driv Sjur Johan m.a. og køyrer opp skiløyper på Hovden om vintrane. Elles er han i gang med å setje seg opp nytt bustadhus attanfor gamlestoga (2006). Når nyhuset vert ferdig, reknar han med at det gamle lyt rivast. Tømrene er ikkje i god nok stand til at han kan tru det nyttar å setje dei oppatt på ein ny stad.

Eigedomen er ihopsett av mange teigar med hei og fjell, nokre av dei med ulike grader av sameige med ymse medeigarar. Når ein reknar ut det samla arealet som høyrer til bruket her, kjem ein til 101 375 mål. Det er den største fjelleigedomen som er samla på ei hand i Bykle.


0941 Bykle komm.png Nordstog Dalen (Bykle gnr 6/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Vatnedalen • Neste bolk: Haugo