Notmann (gavlbåt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Notmann
Notmann.jpg
Notmann på Selbjørnsfjorden
Eigennamn: Notmann
Båttype Gavlabåt
Byggeteknikk Klink
Materiale Furu
Lengde 32 ft fot
Byggeår 1915
Båtbyggjar: Herand i Hardanger
Framdriftsmiddel: 40 kvm segl, 3 par årar
Kommune Austevoll kommune
Lagstilknyting: Austevoll kyst- og sogelag
Lagstilknyting andre: Forbundet kysten

Notmann blei kjøpt på Ågotnes i 1992 av det nystifta Austevoll kyst- og sogelag.

Dei siste 15 åra har Notmann vore stasjonert i Bekkjarvik indre hamn gjennom sommaren. Der tilbyr Austevoll kystlag 'torsdagsseglas' til alle og einkvar som stiller opp med redningsvest. Haust og vår ligg Notmann på kystlagshuset 'Møllo'. Notmann brukast elles til korte kurs i segling, tur og representerer Austevoll kystlag på stemner og arrangement. Notmann seglar godt og har gjort det kvasst i edel kappestrid med dei andre gavlabåtane i distriktet.

Utbetringshistorie

I 2006 blei 6 bord på babordsida bytta ut. Fire i baugen og to i kjølen.

I 2007 vart 3 bord bytta på styrbordsida. Borda vart henta i Gjermundshavn og arbeidet tok heile vinteren å gjennomføre.

I 2008 vart øvste bordgangen på styrbordsida bytta. I tilleg vart styrbord pullert framme og rulla fornya.

I 2009 trengte roret reparasjon. I tilleg vart babord pullert framme og bakre babord keip fornya.

I 2010 fekk Notmann ny klyver (segl)

I 2011 blei det konstatert råte i delar av styrbord rekjebord og i hekken. Dei skadde område blei bytta ut.

I 2012 fekk Notmann ny fokk. (segl)

Hausten 2014 blei det konstatert at hekken, akterdelen av tre bord og nokre spant måtte skiftast ut. Medlemmar i kystlaget gjekk i skogen lokalt og tok ut spantemner hausten 2014 slik at desse fekk tid til å tørka over vinteren.

Vinteren 2015 brukte lagmedlemmar om lag 150 dugnadstimar til arbeidet. Notmann blei sjøsett 5.juni, nystrigla og klår for dei neste 100 år.

2018 - vatnbord i esinga vart skifta ut i ca 4 meter på styrbord og babord sida.

2019 - mastetofta, fremre spant og tverrbjelken vart erstatta. Nytt storsegl.

2020 - 2 spanteknær midskips på styrbord side blei skifta ut. Ny kjølspant midskips vart felt inn frå kjølen og til kneet.

Video frå 2019 - GPS viser 8,9 knop

https://www.facebook.com/Austevollkystlag/videos/469673330479630/?sfnsn=mo&d=n&vh=e


Sjå siste 'torsdagsseglas' frå 2014 her... https://www.youtube.com/watch?v=WBLY4G3F4fE