Nygård (Bykle gnr 12/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nygård
Holen 25.jpg
Nygård 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Tjønnimidjom
Rydda: 1922
Utskilt: 1922
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 12
Type: Bureisningsbruk

Nygård låg på ein flate mellom Lisletjønn og Storetjønn under liane opp mot Glova i Bykle kommune. Næraste grannebruket på vestsida er Lisletjønnhaugen, går ein austetter kjem ein til den gamle mosdølplassen Vedbakk. Bruket ligg såvidt høgt i terrenget at det ikkje vart neddemt.

I matrikkelen er det oppført med namnet Tjønnimillom, og etter det Alfred Ryningen opplyser (h.oppgv. 1968, 58) er det eit gamalt namn på dette området. Men etter at det kom småbruk her, har det vore kalla Nygård. Korleis dette namnet kom opp, er ukjent.

Det var Ånund Mikkelsson frå Holen Der uppe som sette i gang med bureising her. Han var yngste son av Mikkel Olavsson Nesland og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Holen.

Ånund M. Holen som soldat. Biletet må vere teke fyre 1924. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
Margit S. Løyning, fotografert fyre 1924. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
  • Ånund Mikkelsson Holen, f 1900, d 1972
g 1924 m Margit Sigbjørnsdtr. Løyning, f 1903, d 1990. Born:
  • Ingebjørg, f 1925, husmor, bunadssaumar, g 1950 m Kjetil Olsson Brottveit (jfr. Valle IV, 459), born:
  • Olav f 1951, g m Torunn Olsen, busett Tvedestrand
  • Gudrun, f 1954, busett Oslo, ug.
  • Ånund f 1960, g m Eva Ballo, busett Oslo
  • Knut f 1965, busett Oslo
  • Marta, f 1928, kokke, g m Bjørgulv Trydal, f 1921 (jfr. Hisdal, bnr 2), busett Oppegård, born:
  • Folke, f 1955, g m Anne Liv Sandnes
  • Ånund f 1958
  • Torunn g m Kristoffer Nore
  • Gunhild, f 1932, handarbeidslærar, g m Rolf Ranheim, busett Helgeland, born:
  • Steinar, f 1963, g m Eli Anne Hauknes, busett Helgeland
  • Marit Åslaug f 1967, busett Bærum.
  • Sigrid, f 1937, d 1946, sjå nedanfor
  • Mikkel, f 1940, ind.arb., g m Sissel Mona Lindtveit, Rykene, busett Rykene, born:
  • Margit, f 1969, g m Bjørn Vidar Gundersen, busett Eydehavn
  • Einar, f 1970, sb m Cecilie Kvåle, busett Rykene
  • Anne, f 1972, busett Oslo
  • Ånund f 1974, busett Rykene

Margit Sigbjørnsdotter kom frå Løyning under Vatnedalen. Foreldra var Sigbjørn Knutsson Vatnedalen og kona, Marta Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Bruket her vart utskilt frå Der uppe i 1922, og dei neste åra bruka Ånund på dyrking og husbyggjing. I 1924 sto uthuset ferdig, og året etter var stoga på plass. Ho hadde ei grunnflate på 96 m², og var i halvanna høgd. Buskapen på bruket var 2-3 kyr og ei handfull sauer. Det dyrka arealet her, som Ånund rudde og braut opp med handmakt, er på 17 mål. Utmarka er ca 70 mål.

Sigrid Ånundsdotter døydde som fylgje av at kleda hennes tok fyr under bråtebrenning. Ho vart då så redd at ho sprang avstad, så dei fekk ikkje hjelpe henne med å sløkkje. Etter ulukka var ho så forbrent at ho døydde av skadane etter noko meir enn eit år på sjukehus.

Margit og Ånund budde på bruket her til han døydde i 1972. Ho flutte då til sonen Mikkel på Lindtveit i Rykene ved Arendal, og livde sin alder ut der. Mikkel overtok eigedomen etter faren.

I 1980 brann alle husa på bruket ned til grunnen på grunn av ei kortslutning i ei høgspentline. Etter dette har Mikkel sett seg opp ei hytte

Ånund, Gunhild, Marta, Ingebjørg og Margit i Nygård 1936. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Dette biletet er teke utanfor stoga i Nygård i 1945, på 20-årsdagen til Ingebjørg A. Holen. I den attare rekkja står frå venstre: Torbjørg T. Tveiten, Ånund Lyngtveit, Dreng O. Mosdøl, Kristi Bjørnarå, Knut T. Tveiten, Gunnar Lyngtveit, Sigrid O. Mosdøl, Knut O. Mosdøl (y.). I den fremste rekkja: Marta A. Holen, Ingebjørg A. Holen, og Dreng G. Hoslemo, Gyro Brokke og Gunnar T. Tveiten. Tore Lyngtveit var også til stades, men ettersom ho var fotograf, kom ho ikkje med på biletet. Bilete frå samlinga etter Olav G. Holen jr.
Foto: Tore Lyngtveit (1945).
Martha og Ingebjørg Holen. Av desse jentene finst det så mange bilete, at ein får inntrykk av at dei har vore mykje populære. Dette fotografiet er teke like etter krigen. Marta gifte seg sidan med Bjørgulv Trydal (Hisdal) og flutte til Oppegård, medan Ingebjørg gifte seg med Kjetil Brottveit i Valle.


0941 Bykle komm.png Nygård (Bykle gnr 12/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugo • Neste bolk: Holenplasset