Nysætra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nysætra er ein tidlegare gard i Ørskog og Sykkylven kommunar. I dag ligg Nysæter i Sykkylven kommune og dei to tidlegare bruka vert nytta til fritidsføremål. Namnet Nysæter kan berre tyde den nye setra, og har vore skrive på mange måtar i eldre dokument: Nyesett 1621, Nyesetter 1665, Nyestøl 1694, og mange fleire. I dag vert namnet skrive Nysæter eller Nyseter. I daglegtalen er det Nysætra.

Segna seier at der budde folk på Nysæter før Svartedauden, men at sotta herja så alle døydde og garden vart liggjande øyde i 100 år. Truleg var det Ramstad-folk som tok til å bruke Nysæter som seter etter øydegardstida.

Nysæter ligg ved Nysætervatnet, mellom Velledalen og Ramstaddalen, som i sine øvste deler stemner mot kvarandre. Det er vel om lag same avstand frå Nysæter til næraste gard i Velledalen som til næraste gard i Ramstaddalen. Men Nysæter har nok alltid høyrt til Ramstaddalen. Og det er vel grunnen til at Nysæter-folk sa «ned i Sykkylven», men «heim til Ramstad».

Nysæter grensar i sørvest til Nysætervatnet, i nordaust til utmarka til Ramstad, Svinnset og Kråka. Garden ligg avsides til. Derfor vart vegspørsmålet viktig. Skuleborna frå Nysæter gjekk på skule på gardane i Ramstaddalen då det var omgangsskule. Og veg til sjøen var viktig i eldre tid då Nysæter-buarar som alle andre i bygda dreiv «fiskeri til havs» (Matr. 1626).

I 1843 søkte dei to brukarane på Nysæter heradsstyret i Ørskog om veg frå Fasteindalen til Nysæter. På same tid søkte fleire brukarar i Ramstaddalen om at ein slik veg ikkje måtte byggjast. Det vart gjort slikt vedtak i heradsstyret: «Dersom brukerne på Nysæter vil oparbeide og holde vedlike vei frå Nysæter til fremste Ramstad-sæteren, så vil de på den nordøstre siden også bygge og vedlikeholde vei til fremstesæteren.»

Det nyskipa Aalesund Sunnmøre Turistforening ytte i 1890 100 kroner i tilskot til veganlegget mellom Drotninghaug og Nysætra, for vegen hadde gode vilkår for å kunne bli ein ettertrakta turistveg. Ved dugnad forsommaren etter vart vegstubben fullført, men grusing stod att. I juli 1891 stod det i Aalesunds Handels- og Sjøfartstidende: «Nysæterveien er nogenlunde i stand, saa den uden ulempe kan kjøres.» Same året skreiv ein professor i London, Ebenezer Prout, i Sunnmørsposten mellom anna: «Turen til Søvig, derfra til Nysæter (op Ramstaddalen) og videre til Drotninghaug og ned Velledalen til Aure er en af de mest storslagne jeg har seet under 9 somres turistbesøg i Norge.» Denne turen kalla dei den tida «å køyre rundt», og på fine helgedagar kunne ein sjå ei lang rekkje hestekjerrer på vegen ned Velledalen. I 1891 løyvde heradstyret i Ørskog 30 kr. til Nysætervegen, mot at heradstyret i Sykkylven løyvde 60 kr. Vedtak i Sykkylven heradstyre: «Til dette Øiemed bliver intet at bevilge.» Grunnar: «I Søkelven vilde blive saa mange reisende om søndagen, at kirkens hellighet vilde forstyrres. Drikketrafikken ligesom i Hjørundfjord vilde tiltage. Søkelvingene vilde ikke faa ungdommen til at arbeide» (ungdommen i Hjørundfjord stod berre og glante på dei reisande).

I 1885 var der ein tvist mellom gardane Ramstad, Svinnset og Kråka på den eine sida og Nysæter på den andre, om beiteretten til krøtera frå Nysæter. Det kom til forlik om at småfe frå Nysæter kunne beite i eit visst område i Fasteindalen frå 6. til 27. mai, og storfeet frå 13. til 27. mai, men inga beiting der om hausten. I 1906 var der eit forlik mellom Ramstad og Nysæter om skogbyte.

I 1911 var der utskifting av innmarka på Nysæter. Då var Tore Vaksvik eigar av bnr. 2, som hadde sitt i ein teig, med bnr. 1 på begge sider. Tore Vaksvik kravde overutskifting i 1913. Men nokre dagar etter den selde han bnr. 2 til brukaren. (Utskiftingsprot. VI 1912-19, NSS.)

Eigarar

I 1650-åra var Nysæter delt mellom svært mange eigarar som hadde arva små partar i garden. I eit dokument datert 10. oktober 1653 sett opp av lensmann Lars Olsen Abelset er alle desse parteigarane nemnde og Lars Olsen Abelset er sjølv ein av dei. Serleg er mange frå Ramstad. Og det vert kjent at alle har selt partane sine til «vor svoger og frende Knut Pedersen Langlo, samt hans hustru Sigrid Pedersd.», i alt 3½ mællag 3 mrk. «som er vort eget rette sanne odelsgods». I eit originaldiplom som Videnskapsselskapet i Trondheim har, datert 18/6 1658, vert det gjort greie for kva strandalensmannen Knut Langlo har betalt til kvar partseigar. Taksten er 1 rd for ½ fjerdingslag, tilsaman 34½ rd. Riksarkivet har avskrift av dette dokumentet.

Nysæter var no Langlo-eigedom til først på 1700-talet, då Abelsetfamilien kjøpte Nysæter. Enkja etter Paul Abelset som åtte 2 mællag i Nysæter, vart gift med Knut Høeg, som såleis fekk ein part i Nysæter. 1 mællag følgde med i det jordegodset presten Hiort kjøpte etter Rømer. Etter Knut Høeg og enkja vart Jørgen Abelset eigar av Nysæter, til garden ved samfrendeskifte gjekk over til Christen Wallin. Av han fekk så brukaren, Knut Iversen Klokk, skøyte på Nysæter i 1803.

Nysæter låg så høgt at det vart kort sommar. Snøen låg lenge, men når det vart bert, gjekk det fort. Dei hadde eit merke på når dei kunne ta til med slåtten. Det var når snøen ikkje rakk lenger ned enn til Ihlje-sletta (= Litlesletta). Våronna og slåtten gjekk mykje godt i eitt. Og hausten kom fort. Eitt år køyrde dei inn siste hesjane i måneskin. Og dei måtte ofte skuffe snøen av potetforene når potetene skulle takast opp. Dei brukte treplogar, ein for høgrehand og ein for venstrehand. Lendet var bratt, men dei kunne bruke både slåmaskin og hesterive. Det var særleg havren det var vanskeleg å få moden. Dei hadde eit arbeid dei kalla «å køyre reine». Det var å flytte mold frå nedste reine til øvste.

Frå tidleg på 1800-talet var det to bruk på Nysætra, Lassegarden og Pettergarden. Brukarar på begge gardane dreiv landbruket i kombinasjon med fiske på kysten. Dei dreiv også med heimefiske på Nysætervatnet. Frå midten av august og ut over hausten dreiv dei garnfiske så å seie dagleg.

Etter krigen har det ikkje vore fast busetnad på Nysætra. Markane her har vore nytta både til slått og beite. Elles har husa for ein del vore leigd ut til turistar. Mange byfolk hadde sitt faste opphald på Nysætra om somrane og i jakttida om hausten. Mellom andre var den landskjende redaktøren av Aftenposten, Amandus Schibsted, fast gjest på Nysætra, og han skal ein gong ha sagt at det var den vakraste staden i landet.

På eit stykke utskilt frå Pettergarden har industrigründaren Jostein Gjerde bygd opp eit privat gardsmuseum med mange hus som inneheld gamle gardsreiskapar og husutstyr frå heile landet.

Kjelder

  • Aalesunds Blad
  • Sunnmørsposten
  • Aalesunds Handels- og Sjøfartstidende
  • Ragnvald Gjævenes: Gardssoga for Sykkylven bind 4. Sykkylven 1983.