O. Haddals Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

O. Haddals Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda vart starta av Osvald Haddal i 1941, og den første tida heldt ho til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum. Med seg på eigarsida hadde Haddal handelsbetjent Einar Moldestad. Verksemda gjekk difor første tida under namnet Moldestad & Haddal. Seinare vart Moldestad løyst ut.

Osvald Haddal kjøpte tomt på Grebstad i 1949 og bygde stovehus der. Verkstaden fekk då plass i kjellarhøgda i nyehuset.

Fabrikken hadde i etterkrigsåra til vanleg fem-seks mann i arbeid. Dei laga lenestolar og salongar. Haddal var ein av dei lokale kjellarprodusentane som heldt det gåande lengst. Det kom mellom anna av at han var heldig å få fram ein lenestolmodell som trefte godt i møbelmarknaden. Den var rasjonelt oppbygd og dei fekk tre stolar ned i ein pakke.

I 1963 såg Haddal ein annonse i Aftenposten der skipsreiar Mosvold etterlyste møbelkunnige folk som kunne lære opp dei tilsette i møbelfabrikken han hadde bygd opp i Etiopia. Osvald Haddal var motivert for eit miljøskifte og søkte på stillinga. Det resulterte i at han reiste til Etiopia med familien i 1963. Då la han ned bedrifta i Sykkylven.

Einar Moldestad dreiv i 1950-åra møbelproduksjon i kjellaren i bustadhuset sitt på Klokkarhaugen. I 1955 hadde han fem tilsette.

Kjelde