O. Hjellegjerde Transport

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

O. Hjellegjerde Transport var ei transportbedrift i Sykkylven. Verksemda vart etablert av Oddvar Hjellegjerde i 1959. Oddvar er sonen til møbelgründeren Otto Hjellegjerde, og dei første åra køyrde transportselskapet hovudsakeleg møblar for Hjellegjerdes Lenestolfabrikk på ei rute som gjekk til det sentrale austlandsområdet. Vanleg returlast tilbake til Sunnmøre dei første åra var skumgummimatter frå Askim Gummivarefabrikk.

Etter kvart tok transportfirmaet også køyreoppdrag for andre lokale bedrifter. Verksemda hadde på det jamne to bilar i drift og to sjåførar i arbeid. Når sjåførane kom heim etter ein tur, så fekk dei reise heim og sove litt. Då var det Oddvar som ofte tok runden til fabrikkane og lasta opp for ny tur.

Ved sida av transportforretninga dreiv Oddvar Hjellegjerde frå kring 1980 også sports- og skoforretning, Sportsnytt og Skonytt. Sportsbutikken var eit framhald av Leif Holen si jarnvare- og sportsforretning.

I 1990 gjekk O. Hjellegjerde Transport saman med transportselskapa Victor Berg og Harstad Transport i Møbeltrans. Før samanslåinga opplevde dei ofte at dei køyrde etter kvarandre mot Oslo utan å ha fylt opp bilane. Både av omsyn til kundane og til eiga lønnsemd såg dei at det ville vere ein fordel med samordning av transporten. Kundane ville også ha hyppigare ruter, noko som var lettare å få til med eit større selskap.

I 1994 vart Møbeltrans lagt ned og eigarane gjekk over i andre bedrifter. Oddvar Hjellegjerde heldt fram med skosal, Arne Harstad byrja som speditør i Stranda og Sykkylven Billag, medan Victor Berg kjøpte ut to av bilane og heldt fram med transport for eiga rekning.

Kjelde

  • Eldar Høidal i samtale med Oddvar Hjellegjerde, Norvall Hjellegjerde og Arne Harstad i mai 2014.