O. Melseth & Co. Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

O. Melseth & Co. Møbelverksted var ein møbelprodusent i Sykkylven som vart etablert i fredsåret 1945. Bedrifta kom i gang i eit husvere ved Styrkåbakken på Vik. Eigarar var Ole Melseth og dei to sønene hans, Einar og Kåre Melseth.

Ole bygde hus i 1946, på bruk nr. 15 under Bakkane på Aure. Då flytta dei verksemda dit. Til å hjelpe seg i lenestolproduksjonen hadde dei to-tre tilsette.

O. Melseth & Co laga ikkje berre lenestolar, men også kaminstolar og heile salongar. Dei hadde eit forhandlarnett som dekte heile landet.

Bedrifta heldt hjula i gang heilt til rundt 1960.

Kjelde