Odd Jostein Drotninghaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Odd Jostein Drotninghaug (fødd 1966 i Straumgjerde) var ordførar i Sykkylven frå 2015 til 2023. Drotninghaug representerer Senterpartiet og har vore fast representant i kommunestyret i Sykkylven sidan 1999.

Odd Jostein Drotninghaug er son til Leiv og Irene Drotninghaug. Han kan syne til ei svært lang merittliste som tillitsvald i lokale organisasjonar. I yngre år var han aktiv skiløpar i Velledalen idrettslag, men det er som idrettsadministrator han har lagt ned størst innsats.

Fotballleiar

Han var 23 år då han i 1989 vart vald til leiar i idrettslaget Velledalen og Ringen Fotballklubb. VRF var i 60-åra eit av dei beste laga på Sunnmøre, men sleit etter kvart med å fylle tomroma etter dei markante fotballprofilane då dei slutta i 70- og 80-åra. Saman med andre lokale fotballeiarar arbeidde Drotninghaug frå om lag 2000 for å samle senior- og juniorlaga i Sykkylven kommune til eitt felles lag. Ambisjonen var å heve det sportslege nivået lokalt slik at ein kunne ta steget tilbake til det nivået sykkylvsfotballen tidlegare hadde vore på. Drotninghaug vart den første leiaren i det nyskipa FK Sykkylven i 2002.

Kulturpris

Odd Jostein Drotninghaug heldt fram med å engasjere seg i anleggsutviklinga i heimkrinsen, og han var ein drivande kraft bak arbeidet med å få til eit tidsmessig garderobeanlegg på fotballstadion i Straumgjerde, Slettegjerde. Då garderobebygget vart innvigd i 2005, fekk det namnet Oddebu for å ære han som var den største pådrivaren. For innsatsen sin for det lokale idretts- og kulturlivet fekk Odd Jostein Drotninghaug Sykkylven kommune sin kulturpris i 2003. Som sin far, Leiv, har Odd Jostein Drotninghaug vore oppteken av å nytte ut lokale naturressursar både for å styrke det lokale næringsgrunnlaget og å utvikle reiselivet i kommunen. Han har følgt tett kultiveringsarbeidet i Fetvassdraget og har vore aktiv i styret i vassdraget i fleire år.

Restaureringsarbeid

Drotninghaug var, som leiar i Straumgjerde Vel, i 1995, initiativtakar til å setje i gang vølings- og restaureringstiltak på det falleferdige ungdomshuset Vaarvon. Frå 1996 sat han i styret i ungdomslaget Samhald i fleire år medan oppussingsarbeidet på ungdomshuset gjekk føre seg og det vart skipa til midtsommardager i krinsen, med Straumgjerde i vinden-arrangement fleire år på rad.

Ordførar

I politikken har Drotninghaug markert seg som ein løysingsorientert allroundar. I åra 2007 – 2011 var han varaordførar i kommunen. I perioden 2011 til 2015 var han leiar i kontrollutvalet. Ved valet i 2015 stilte han som Senterpartiet sin ordførarkandidat, og etter valet fekk han ordførarvervet gjennom ein samarbeidsavtale med partia Sp, KrF, Venstre, Ap og SV. Han heldt fram som ordførar i den neste perioden, men etter valet i 2023 måtte han gje frå seg ordførarvervet til Olav Harald Ulstein (FrP). Drotninghaug har også bak seg ein periode i styret i Møre og Romsdal Sp.

Odd Jostein Drotninghaug var i åra 1986 til 2010 tilsett i møbelbedrifta Hjellegjerde der han hadde fleire leiarstillingar. Han var mellom anna produktutviklingssjef, avdelingleiar, direktør for Hjellegjerde Asia og fabrikksjef. Etter at Hjellegjerde nedbemanna kraftig ved hovudkontoret i Sykkylven, tok han til som rådgjevar ved NAV-kontoret i Ålesund.

Han er frå 2010 gift med Grethe, f. Aure. Saman har dei dottera Solveig.

Kjelder