Ola Longva

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola Martin Longva (fødd på Moltustranda i Herøy kommune 22. august 1928) er tidlegare skulemann og lokalpolitikar. Han har vore rektor, skulesjef og varaordførar i SykkylvenSunnmøre.

Familien flytte i 1931 til Longva i Haram der Ola vaks opp. Faren var styrar på det lokale handelslaget, og ungguten fekk tidleg vere med å hjelpe til i forretninga og på garden heime. Under krigen søkte han seg inn på Volda landsgymnas for å sleppe utskriving til tysk arbeidsteneste. Etter at han var ferdig med gymnaset i 1949, vart det militærteneste. Seinare vart han forsyningsleiar i HV. Han gjekk så attende til handelsyrket. I 1950 vart han tilsett som 1. betjent ved Volda samyrkelag. I 1950/51 gjekk han handelsskulen på kveldstid. Hausten 1951 fekk han arbeid ved Norges Kooperative Landsforening sitt kontor i Ålesund, der han var i fire år.

Handelskarrieren vart avbroten då Ola Longva søkte seg til lærarskulen i Volda. Praksis og utdanning i handelsyrket synte seg seinare å vere ein god ballast å ha med som lærar og administrator i skuleverket og elles. Han vart uteksaminert ved lærarskulen i 1957. Hausten same året byrja han som lærar ved Sykkylven ungdomsskule, som var komen i gong to år tidlegare, ein av dei tre første i landet. Tilleggsutdanning i matematikk og pedagogikk tok han på kveldstid og i sommarferiane ved universitetet i Oslo. I tillegg ei rekkje kurs og studieturar.

På ungdomsskulen fekk han sjansen til å utvikle si interesse for å tilpasse innhaldet i skulen til krava i det lokale arbeidslivet. Han observerte at det var mange av elevane ved skulen som fann seg mindre til rette med den teoretiske undervisninga. Å gjere skulen attraktiv også for desse, vart ei hovudoppgåve for skulemannen Longva, som frå 1959 til 1965 var rådgjevar ved ungdomsskulen. Frå 1965 til 1972 var han rektor. I 1972 vart han skulesjef i Sykkylven.

Det var på denne tida ikkje vidaregåande skule i Sykkylven kommune. Longva stod mange år i spissen for eit lokalt initiativ for å rette på denne mangelen. Med vanleg kreativitet og tolmod skapte Longva dei nødvendige alliansar mellom lokalmiljø, fylke og departement for å kunne setje i gang forsøk med vidaregåande skule, særleg tilpassa behovet i det lokale arbeidslivet. Etter at Sykkylven vidaregåande skule vart etablert i 1974, sat han 18 år som medlem/leiar i skulen sitt styre.

Longva har elles vore nytta som konsulent/lærebokkonsulent. Han var også med å lage eksamensoppgåver og praktiserte lenge som sensor på ungdomstrinnet i grunnskulen. Frå slutten av 1960-åra var han med i styret for Pedagogisk Sentral for søre og indre Sunnmøre, seinare AV-senteret/Norsk Nettskole. Longva var og, på 70-talet, med i ei gruppe som arbeidde med barn og unge sine oppvekstvilkår, leia av professor Eva Nordland.

Han har engasjert seg i politisk arbeid, sjølv om han aldri fann seg heilt til rette i partipolitikken. Frå 1976 var han tre periodar i kommunestyret i Sykkylven for Upolitisk liste. To periodar sat han i formannsskapet. I åra 1982-83 var han varaordførar i kommunen. Frå 1976 var han fylkeskommunen sin representant i styret for Sunnmørsbanken avd. Sykkylven. Longva har elles vore sekretær, medlem og leiar i ei rekkje nemnder på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.

Ola Longva trappa ikkje ned mykje på aktivitetsnivået etter at han vart pensjonist. I fleire år var han prosjektleiar i ei gruppe som arbeidde med formidling av arkeologiske funn på Aure i Sykkylven. Gruppa gav ut bok og brosjyre, og etablerte fleire informasjonsplassar.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Sykkylven vidaregåande skule 25 år, Sykkylven 1999.