Ole Aaset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Olsen Aaset.
Foto: Ukjent kunstnar.

Ole Olsen Aaset (fødd i Åmot, Hedmark 25. mars 1767, død same stad 22. mai 1825) var storbonde og skogeigar, forretningsdrivande og stortingsmann. Næringsverksemda var mangfaldig, og inkluderte trelasthandel, skipsfart, landhandleri og meir til. Han hadde eit vidt forgreina forretningsmessig, vennskapeleg og politisk kontaktnett til borgarskap og storbønder over store delar av Søraustlandet. Som politikar tilhøyrde han den fyrste bondeopposisjonen på Stortinget i 1821 og 1822, i krinsen rundt Jacob Hoel. Han hadde også lenge før 1814 og stortingspolitikken synt stort samfunnsengasjement og aksjonsvilje.

Familie

Anne Aaset.
Foto: Ukjent kunstnar.

Han var fødd og oppvaksen på Nordre Åset i Åmot i Østerdalen. Foreldra var bonde Ole Olsen Aaset (1739-1810) og Valborg Pedersdotter Berger (eller Diset) (1743-1825). Ole Olsen d.y. var den andre i ein syskenflokk på sju, og eldste gut. Han var gift med Anne Tollefsdotter Rogstad (1772-1844). Ho var dotter til gardbrukarar i Elverum. Dei fekk tre born, Valborg (fødd 1790, gift 1814 med Even Christensen Ringnes i Stange), Siri (fødd 1792, død ung) og Ole Severin (1795-1864), gift Gunhild Tollefsdotter Kilde (1798-1875).

Gardsbruk og anna næringsverksemd

1795 sette Ole Aaset opp ny våning på garden. Sida 1926 står denne våningen på ÅmottunetGlomdalsmuseet.
Foto: Jensens (2008).

Ole Aaset overtok farsgarden i 1789, som den femte i ei samanhengande rekkje av Ole Olsen på garden. Seks år etter bygde han ein staseleg våning der, eit slåande vitnemål om at han var ein drivande gardbrukar i god velstand. I opplysningstidas ånd innførte han nye avlingar og metodar. Han dyrka tobakk og jordbær og prøvde seg fram med nye kornsortar.

I 1801 var Ole Aaset husbond for i alt 35 personar som budde på garden, inklusive to husmannsfamiliar med jord og tre innerstfamiliar. Hans eige hushald bestod av han sjølv, kona og to born. Dei hadde åtte tenestefolk, derav fem karar og tre jenter. Tre av tenestekarane er oppførde som «Skiløbere», dvs. at dei var soldatar i Det Åmotske skiløperkompani. Foreldra til Ole på føderådskontrakt og Ole si blinde syster utgjorde eit hushald for seg.[1]

I 1813 kjøpte Ole Aaset også garden Søstu Glomstad i Åmot, som vart skyldsett saman med Åset.

Hovudkjelda til velstanden var likevel skogsdrift og trelasthandel, både for eiga og andres rekning. Han kjøpte m.a. store skogstrekningar i Engerdal. Frå 1790-åra var han tømmeroppkjøpar og merkar for trelasthandlar og skipsreiar Ener Holm i Christiania. Verkeområdet var Åmot, delar av Elverum, Stor-Elvdal og Rendalen. Saman med Holm var Aaset også skipsreiar. Mellom 1804 og 1825 er det kjent at han åtte partar i seks namngjevne skip: Vaaren, Høsten, Haabet, Industria, Andreas og Østerdalen. Det sistnemnde var bygd i Fredrikstad, og Aaset leverte tømmer til bygginga. Forretningssamarbeidet med Holm varte til Holm døydde i 1817.

Ole Aaset dreiv også landhandel, og frå 1820 var det postopneri på garden hans.

Samfunnsengasjement og aksjonisme

I september 1794 gjekk dei store trelasthandlarane i Christiania saman og danna eit kartell med avtale om maksimalprisar som kunne aksepterast når dei kjøpte tømmer. Tømmerseljarane i Østerdalen og på Romerike gjekk til motaksjon med trugsmål om leveringsstopp. Fyrst ute var skogeigarane i Åmot med eit skriv datert 29. oktober same år, trykt i Norske Intelligenz-Sedler 12. november. Det manglar underskrifter, men bygdebokforfattaren Eyvind Lillevold føler seg trygg på at Aaset stod i med dette, m.a. på grunnlag av stilen i skrivet .

Aaset kan også reknast som ein føregangsmann med omsyn til kommunalt sjølvstyre. Han var høgst sannsynleg initiativtakar til og drivande kraft i ein «soknedireksjon» som vart valt blant bønder i Åmot 19. januar 1817. Føremålet var at direksjonen skulle «påse soknets tarv i alminnelighet etter de beslutninger som almuen ved sine møter finner fornødent.» Dei hadde ambisjonar om «å føre tilsyn med den rette anvendelse av kirke-, fattig-, skole- og magasinkassenes midler». (Her sitert med modernisert rettskriving frå bygdeboka.)

Stortingspolitikar

Før valet til det fyrste ordentlege stortinget i 1815, dreiv Ole Aaset aktiv agitasjon for å velje bønder og næringsdrivande i staden for embetsmenn. For som han skreiv: «det er unektelig en sannhet at bonden og kjøpmannen utgjør den nærende stand i staten og opprettholder alle de øvrige tærende stender like fra kongen og ned til lensmannen.» Resultatet vart tre bønder av fire representantar frå Hedmark. Til stortinget 1818 stilte han sjølv til val, men nådde ikkje opp. Det same året var han forresten vert for Karl Johan da han og følgjet hans på kroningsreisa overnatta i Åmot.

I 1821 kom Aaset inn på Stortinget, og vart følgjeleg også med på det overordentlege stortinget året etter. Han slutta seg til den såkalla Flor-Hoelske opposisjon der den eine leiaren var Jacob Hoel, som Aaset hadde stått i kontakt med også føreåt. Aaset var som dei andre i gruppa ivrig for avskaffing av adelen jamvel mot kongeleg sanksjon. Han markerte seg elles som sterk motstandar av den deflatoriske pengepolitikken, som han meinte gjekk ut over kjøpmenn og bønder. Han vart elles sterkt latterleggjort av motstandarane for både form og innhald i innlegga sine.

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Ole Aaset i Norsk biografisk leksikon (1923).
  • Lillevold, Eyvind: Åmot bygdebok. Garder og slekter bind I. Elverum 1967.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1. bind 1. del. Kristiania 1914.
  • Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880, ved J.B.Halvorsen, bd. 1. Kristiania 1885.
  • Ole Aaset i Historisk befolkningsregister.

Referansar