Ole Elvesæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Elvesæter (fødd 1852 i Lom, død 1940) var skulemann i Gudbrandsdalen. Foreldra var Rasmus Elvesæter (1798–1867) og Marit Geiloshagen (1817–1901). Han var gift med Johanne Sofie Lundegård (fødd 1871 på Lillehammer). Dei fekk ei dotter, Margit (f. 1896). Familien bygde seg hus i Ringebu, i lia ovanfor bygdesentret Vålebrua.

Elvesæter tok eksamen ved Hamar seminar i 1871 og var huslærar eit par år, eit år i Snertingdalen og eit år i Nordre Land. Så var han i fire år tilsett i folkeskulen i Skjåk. Han var andrelærar ved Gudbrandsdal amtsskule frå 1877 til 1919, deretter styrar til han gjekk av for aldersgrensa i 1921. Han var særleg kjend som sløydlærar.

Kjelder og litteratur

Festskrift for Gudbrandsdal fylkesskule 8. januar 1876 – 8. januar 1926 (s. 15–16).

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!