Ole Wigdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Vilberg Wigdahl (fødd 1772, død 1827) var borgar av Kristiansund og handelsmann i Aure.

Han var fødd på garden Vigdal i Buvika i Byneset prestegjeld utanfor Trondheim. Foreldra var Ingebrigt Vigdal og Dorthe Paulsdtr. Ei tid var Ole Wigdahl kontorist for sorenskrivar Lindemann på Nordmøre, og i folketeljinga i 1801 er han såleis registrert i hushaldet til sorenskrivaren på garden Ytre Øye i Surnadal. I 1804 kjøpte han husa på det gamle borgarleiet Havna, ein husmannsplassen under prestegarden i Aure. Same år vart han borgar av Kristiansund med rett til å drive handel som uteliggjarborgar i Aure. I 1810 kjøpte han kyrkja i Aure, og han var elles ein aktiv deltakar innanfor ei rekkje område i lokalsamfunnet. Som handelsborgar var han medlem av bygdekommisjonen fram til slutten av 1808. I 1807-08 var han også første forlikskommisær i Aure. I 1814 var han ein av initiativtakarane for å etablere bygdemagasin i Aure, og ei stund var han forvaltar for bygdemagasinet. Frå 1818 var han hjelpevaksinatør i prestegjeldet.

Wigdahl var ein sentral aktør i konflikten mellom allmugen i Aure og soknepresten Eiler Hagerup, som enda med at soknepresten vart frådømd stillinga si i 1821. Wigdahl vart i 1813 gift med Magdalena Margretha Koren Christie (1781-1847), dotter til Johan Koren Christie og Anna Thue Ross Brodtkorb i Kristiansund. Han var framleis handelsmann i Havna då han døydde i 1827.

Ole Vilberg Wigdahl var valmann for Aure prestegjeld våren 1814. I adressa frå Aure er namnet oppgjeve til C. Wiigdahl.

Kjelder

  • Arkivverket. Digitalarkivet. Folketeljinga 1801. Aure og Surnadal prestegjeld.
  • Orten, Per Eilert: Den nye dagen gryr. Bygdabok for Aure 1800-1900. Allmenn historie, s. 215-218, 254, 275, 280.
  • Ole Wigdahl i Historisk befolkningsregister.