Opprop for Blix-salmane frå prestane i Sogn 1900

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dei fleste prestane i Sogn slutta seg på nyåret 1900 til eit opprop for å ta i bruk Nokre Salmar av Elias Blix. Oppropet kom i stand etter initiativ frå lærarane A. B. Vamraak, Vilhelm Flugeim og Hermund Refsdal.

Året før hadde 67 personar i Sogn skrive under eit opprop med oppmoding om å ta i bruk Blix-salmane.

Preste-oppropet lydde slik:

«Undertegnede prester der anser professor Blix’s salmer for et tillæg til vor salmeskat av betydeligt værd, vilde stille sig imøtekommende til arbeidet for deres indførelse i menighederne også til kirkeligt brug, saasnart ønske derom fremkommer, og indførelsen kan ske på lovlig maade.»

Følgjande prestar skreiv:

Namn Embete
H. U. Sverdrup sokneprest i Balestrand og prost i Ytre Sogn
S. B. Hersleb Walnum sokneprest i Vik
Verner Oftedal sokneprest i Lavik
K. M. Ihle sokneprest i Hyllestad
O. K. Ottesen sokneprest i Gulen
Gregor Barmann sokneprest i Solund
N. Chr. Brøgger sokneprest i Hafslo og prost i Indre Sogn
A. Halvorsen sokneprest i Luster
Th. J. Børresen sokneprest i Jostedal
S. Sandved sokneprest i Årdal
Joh. Ludv. Arnesen sokneprest i Lærdal og prost i Midtre Sogn
E. P. Juul sokneprest i Aurland

I dei tre prostia Ytre, Midtre og Indre Sogn manglar berre sokneprestane i Sogndal og Leikanger. Lothe nemner òg at sokneprest Brøgger i Hafslo «var nok ingen målmann», og han ville ikkje sjølv ta i bruk Blix-salmane. Likevel var det ikkje vanleg i 1900 at prestane jamt over såg med så blide augo på Blix-salmane som prestane i Sogn.

Kjelde


Spraakskifte.png Opprop for Blix-salmane frå prestane i Sogn 1900 er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.