Optestøyl (Bykle gnr 17/19)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Optestøyl
Trydal 63.jpg
Optestøyl 24.1.2006. Huset lengst til høgre er stoga etter Ånund K. Skarberg.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Utigard
Rydda: 1921
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 19
Type: Småbruk

Optestøyl, også kalla Utigard, ligg lengst i sør i Trydal, sunnanfor Grasbrokke og Svingen, og langt ned imot Bjørnarå. Frå gamalt var det visseleg nytta som støyl for Systog, og dermed lyt me tru at her låg vel til rette for bureising.

Åsmund Olavsson Trydal frå Systog sette i gang med nybygg på denne staden i 1921, då han fekk skøyte av Tarjei, eldstebror sin. Nå veit me at han gifte seg i 1919, og kunne då fort tenkje at den røynlege overdraginga må ha funne stad eit par år fyre papirarbeidet og tinglysinga. Men då Åsmund gifte seg vart han notert i kyrkjeboka som «tømmermann» , same tittelen fekk han då eldste dottera vart døypt i 1920, men frå 1921 og frametter vert han kalla «sjølveigar og småbrukar», så då hadde det funne stad eit statusskifte.

Eit anna omskifte som skal noterast, er at bruket ved tinglysinga i 1921 vart kalla Utigard, men til dagleg vert det omtala som Optestøyl.

Optestøyl Trydal 1946. Gunvor K. Trydal og Åsmund O. Trydal er det eldre paret på biletet. Jenta til venstre er ei av døtrene. Bilete frå Torbjørg H. Trydal.
  • Åsmund O. Trydal, f 1892, d 1970
g 1919 m Gunvor Knutsdtr. Skarberg f 1898, d 1978. Born:
  • Gunvor, f 1920, g 1939 m Bjørgulv H. Bjørnarå, sjå Svingen, bnr 22
  • Olav, f 1921, d 1993, bilmek., bussjåfør, busett Arendal, g m Anna Nerisdtr. Lauvrak, Mykland, born:
  • Arild
  • Solfrid
  • Torbjørg, f 1923, d 2001, ug, heimeverande
  • Tora, f 1925, husmor, busett Åmdals verk, g m Karl Dahle, f 1916, d 1995, born:
  • Gunnar, f 1957
  • Åsmund, f 1959, tvill.
  • Gunvor, f 1959, tvill.
  • Åse, f 1963
  • Knut, f 1926, bilmek., g m Solveig, busett Arendal, ikkje born
  • Torgeir, f 1928, g 1966 m Torbjørg Hallvardsdtr. Hoftuft, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1932, husmor, busett Kristiansand, g m Rolf Jørgensen, born:
  • Gunvor
  • Ragnvald

Gunvor var dotter åt Knut Ånundsson Skarberg på bnr 12, Kroné, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter.

På 1920- og 30-talet er Åsmund oppført som småbrukar, men frå fyrst på 1950-talet vert han jamt kalla vegarbeidar, og den yrkesnemninga var framleis i bruk ved dødsfallet hans i 1970, ser me. Såleis lyt ein tru at jordbruket etter kvart utgjorde ein mindre del av yrkeslivet hans. Men i 1936 satsa han nok på krøterhaldet til å byggje nytt fjos. Fyrst på 1950-talet var buskapen 2 kyr med 2 kalvar og ei handfull sauer. Med det same etter krigen bygde Åsmund også nytt våningshus, det sto ferdig i 1946.

Sonen Torgeir overtok bruket ca 1960.

Optestøyl, Trydal. Åsmund O. Trydal og kona Gunvor. Bilete frå Torbjørg H. Trydal.
  • Torgeir Å. Trydal f 1928
g 1966 m Torbjørg Hallvardsdtr. Hoftuft., f 1936. Born:
  • Åsmund f 1966, sb m Brita Lillegård Nielsen, born:
  • Magnus, f 2003

Torbjørg er frå Nordigard Hoftuft i Valle, dotter åt Hallvard Hallvardsson på det bruket og kona, Birgit Torsdotter, fødd Homme (jfr. Valle V, 196).

Ved det leitet då Torgeir overtok bruket flutte Ånund K. Skarberg, morbror hans, hit. Han tok då ned stoga si i Kroné, og lafta henne oppatt her. Ånund budde her til han døydde i 1974.

Torgeir arbeidde som elektromontør på kraftverk. Han er politisk interessert, og har representert Arbeidarpartiet i kommunestyret i to periodar.

Sonen Åsmund fekk skøyte på bruket i 1988. Han er ingeniør og bur i Eydehavn.


0941 Bykle komm.png Optestøyl (Bykle gnr 17/19) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nistog Tykkholt • Neste bolk: Stigamidjom