Otratun (Bykle gnr 15/54)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Otratun
Gjerden 57e.jpg
Otratun 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 54
Type: Bustadeigedom

Otratuni Bykle vart seld frå Berg, bnr 12, i 1976. Seljar var Arne Berg og kaupar var I/S Øvre Otra. Kraftselskapet sette året etter opp ein tenestebustad for byggjeleiaren i Holen kraftstasjon her. Han hadde sjølv valt ut tomta, og ordna med å få kaupt henne til selskapet. Han og familien hans flutte inn her i 1978.

  • Nils Borge Romslo, f 1938
g m Inger-Berit Andersen, f 1944. Born:
  • Marianne, f 1968, siv. øk., g m Fabien Macarie, busett Frankrike
  • Morten Anders, f 1972, fysioterapeut, busett Mosjøen

Inger Berit er frå Bergen. Ho er dotter åt Ingolv og Borghild Andersen. Under opphaldet sitt i Bykle gjekk ho i sylvsmedlære hjå Trygve Ryssstad. Nils er fødd i Ytre Arna, tidlegare Haus kommune, nå Bergen, og son åt Mons og Maria Romslo. Han er sivilingeniør, og kom til Bykle som byggjeleiar for I/S Øvre Otra i Holen Kraftstasjon i 1975. Han og familien hans budde dei fyrste åra i Wattsbu, bnr 58, som forresten er det eldste av husa på byggjefeltet i Nedre Sarv. I 1978 flutte dei som nemnt inn i huset her. I 1984 gjekk han over i ei stilling i Norsk Hydro i Bergen, og han og familien flutte då til den byen. Ettermannen hans i stillinga som byggjeleiar flutte inn den ledige bustaden.

  • Reidar Ove Mork, f 1948
g 1976 m Anne Liv Homme, f 1951. Born:
  • Rune Kristian, f 1976, siv.ing., busett Oslo
  • Anja Katrine, f 1978, sjukepleiar, busett Oslo
  • Anne, f 1985, tvill., pt (2003), under utd.
  • Reidun, f 1985, tvill., pt (2003), under utd.

Anne Liv er frå Nigard Svalestoga Homme i Valle, gnr 31 bnr 1, og dotter til Daniel Ånundsson Homme og kona, Anne Sørensdotter, fødd Sverdrup Lund (jfr. Valle V, 328). Ho arbeider som hjelpepleiar. Reidar er frå Molde, og son åt Ragna Alvilde Mork og Oddleif Aaram. Han kom til Bykle som sivilingeniør i I/S Øvre Otra i 1977. I 1984 var han byggjeleiar i selskapet, og ved overgangen frå byggjing til rein drift i 1985 vart han dagleg leiar/kraftverksdirektør. I 1998 endra selskapet namn frå I/S Øvre Otra til Otra Kraft DA. Frå 2001 har Mork også vore dagleg leiar for Otteraaens Brugseierforening. Dei kaupte huset sitt frå kraftselskapet i 2001.


0941 Bykle komm.png Otratun (Bykle gnr 15/54) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furuheim • Neste bolk: Solberg