P. & M. Aursnes Møbelverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

P. & M. Aursnes Møbelverksted var ein trevarefabrikk på Aursneset i Sykkylven. Verksemda vart etablert i 1943 av Martin og Petter Aursnes.

Martin Aursnes hadde vore med å få i gang Hjellegjerdes Lenestolfabrikk AS i 1941. To år etter vart han løyst ut av selskapet. Då gjekk han i lag med bror sin, Petter, om P. & M. Aursnes Møbelverksted.

I 1945 bygde Petter hus på Aursneset, på bruket til faren. Verksemda fekk tilhald i kjellaren i dette huset. Brørne laga overstoppa lenestolar som vart selde over store delar av landet.

Verksemda vart lagt ned kring 1952.

Noko seinare, i midten av 1950-åra, byrja Petter M. Aursnes å eksperimentere seg fram til ein metode for å produsere laminerte komponentar. Han nytta ei formpresse for finer, og limen vart herda ved hjelp av radiobølgjer. Laminat frå Aursnes vart blant anna nytta av Hjellegjerde. Petter Aursnes fekk hjelp til å kome igang av naboen Per Arne Aursnes som hadde gått på Luftforsvarets Sambandsskule på Lutvann og var kjent med radioutstyr. Verksemda var i gang berre få år.

Kjelder