P. Blindheim AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

P. Blindheim AS var ei kombinert leike- og gåveforretning på Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa som familieaksjeselskap i 1947, og med Petra, Petter og Bjørg Blindheim som dei viktigaste aksjeeigarane. Forretningslokala har sidan starten vore i Dale-huset i Aure sentrum, og vart i 1981-82 utvida med eit stort tilbygg, slik at samla salsflate vart på om lag 260 m2. Vareutvalet har heile tida stort sett vore det same: glas, steinty, kjøkkenutstyr, sølvplett og leikety.

Petra Blindheim var dagleg leiar frå byrjinga. Etter kvar kom dottera Bjørg med i drifta. Ho vart gift med Olav Kittang som i midten av 1970-åra overtok ein del av aksjane. I august 1975 byrja Olav Kittang i butikken, og i åra etter stod Bjørg og Olav Kittang for den daglege drifta. Då nybygget stod ferdig i 1982 laga dei til eit større glasmagasin og tok inn meir leiker. Firmaet var med å starte Til bords-kjeda i 1976 og Ringo-kjeda i 1991.

Bjørg og Olav Kittang fekk to døtrer, Perdy og Anne Grethe. Eldstedottera, Perdy, tok over butikken då foreldra fekk helseutfordringar. Ho la om vareutvalet og konsentrerte seg etter kvart om leiker. Det var eit tungt tap for familien då Perdy brått døydde i 2018. Foreldra heldt fram med butikkdrifta ei tid, med noko leigd hjelp. Men i 2021 valde dei å leggje butikken ut for sal.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Nyss 21.5.2021.