Peter P. Fet Møbel- og Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter P. Fet Møbel- og Trevarefabrikk var ein møbel- og trevareprodusent på Fet i Velledalen. Bedrifta vart etablert i 1936, og var i stor grad engasjert i underleveransar til andre møbelfabrikkar.

Grunnleggaren, Peter P. Fet, vart fødd samstundes med det tjuande hundreåret, og livssoga hans er på eit vis forteljinga om det gamle bondesamfunnet som tok steget inn i det moderne industrisamfunnet. Fet vart fødd på Hella på Sørestranda. I Nilsgarden på Fet var det mykje folk den gongen. Der var det ikkje husrom til foreldra og Peter før året etter at han kom til verda.

I 1915 var Peter P. Fet med på å grave ut tomt til kraftverket på Riksheim. Sidan fekk han seg arbeid i sandhola på Arneplassen på Riksheim. Året etter var han med i eit sildenotlag ute på øyane. Han tok seg også arbeid i ei fiskebu i Ålesund.

Neste yrkesrøynsle fekk han i trevarefabrikken til Johan O. Erstad. Her fekk han plass ved ein høvelbenk. Som læregut måtte Peter P. Fet først prøve seg fram gjennom handarbeid. Johan O. Erstad hadde og ei høvelmaskin som meir røynde arbeidstakarar fekk nytte.

Peter Fet var på Ikornnes i eit halvt år. I åra som fylgde skifta han mellom bygningsarbeid og gardsarbeid heime på Fet. I 1923 reiste han over til USA, det vart for trongt i gamlelandet. Husbygging var det blitt mindre av. Somme fekk litt vegarbeid, men stabil inntekt kunne fleirtalet sjå langt etter. Peter P. Fet minnest at tjue mann frå Sykkylven, dei fleste frå Velledalen, reiste med same båt som han over Atlanterhavet. Sjølv kom han attende i 1929. Foreldra gav tydeleg uttrykk for at dei ynskte det slik. Han var einaste sonen deira.

I 1934 var han med å bygge ny stove på garden. I kjellaren i nyestova rigga han seg til med maskiner i 1936. Det var Petter K. Thoresen som laga maskinene. Peter Fet prøvde seg med produksjon av senger, kommodar og skap, men det vart for tungvint og for mykje handarbeid. Difor gjekk kan snart over til å lage stolgrindar til andre møbelfabrikkar i distriktet. Han hadde og dreiebenk og leverte ei tid alt i dreia delar til Lunheim Møbelfabrikk i Ullavika.

I 1946 bygde han fabrikk i betong like vest for Fet-brua. Bygget vart i første omgang ført opp i ein etasje; i 1950 kom andre høgda. Sykkylvsbladet vitja verksemda i 1953, då hadde dei enno ikkje teke i bruk andre høgda. Avisa fortalde elles at produksjonen var lagd opp etter kjedeprinsippet og at det var rasjonell serieproduksjon ved verksemda.

Peter P. Fek Møbel og Trevarefabrikk dreiv godt i fleire år, mykje takka vere ein stabil underlevarandøravtale med J.E. Ekornes Fabrikker A/S. Fet laga grindane til ein sovesofa som var ei framifrå salsvare i mange år.

På det meste hadde Peter P. Fet fem tilsette. Han la ned verksemda ei tid etter at han nådde pensjonsalderen.

Kjelde