Peter Vogelius Deinboll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Vogelius Deinboll med ordensteiknet for St. Olav.

Peter Vogelius Deinboll (fødd 8. januar 1783 i København, død 13. mai 1874 i Vestre Aker, nåverande Oslo kommune) var teolog, skulemann, folkeopplysningsmann og politikar. Deinboll var initiativtakar til den fyrste lærarutdanninga i Nord-Noreg og ein av hovudmennene bak skulelova av 1827. Han har også etterlate seg verdfulle botaniske og zoologiske samlingar. Gjennom sitt lange, aktive yrkesliv gjorde Deinboll seg sterkt gjeldande ved si prestegjerning, ved si undervisnings- og opplysningsverksemd og ved anna samfunnsgagnleg innsats i svært mange lokalsamfunn over store delar av landet, så vel som politisk på riksplanet. Han verka over lengre tidsrom i bygder og byar i Buskerud, Vestfold, Oslo/Akershus, Finnmark, Troms, Hedmark og Møre og Romsdal. Peter V. Deinboll er eit framståande døme på danskar som valde å halde fram med sine yrkeskarrierer og yte sin samfunnsinnsats i Noreg etter statskløyvinga i 1814.


Familie

Han var son av tallotterikollektør Christian Deinboll og Karen Christiane fødd Holm. Sosialt kan familien plasserast i ein midlare del av det offentlege funksjonær- og embetsmannssjiktet. Peter V. Deinboll gifta seg i 1809 med sitt syskenbarn Anna Marie Dorthea Deinboll (1781-1858). Foreldra hennar var konsumpsjonsforvaltar Jørgen Deinboll og Anna Margrethe Elisabeth fødd Holm. Ho kom dermed frå eit tilsvarande miljø som ektemannen. Peter Vogelius Deinboll var oldefar til mellom andre kjemiingeniør August Thorvald Deinboll (1880-1975), som var gift med bibliotekar Rikka Deinboll (1897-1973), og fotograf Kristine Bryn Deinboll (1887-1965), samt tippoldefar til tegneren Tore Eckhoff Deinboll (1910-1988).

Utdanning og fagområde

Som førebuing til universitetsstudium gjekk Peter V. Deinboll på Metropolitanskolen i København, der han gjekk ut med utmerking i 1800. Han tok så filosofisk eksamen ved universitetet i København i 1801. Etter eit opphald i Noreg vidareførde han studiane i København frå 1805, både medisin og teologi, utan å ta avsluttande eksamenar der. Ved sida av studiane var han huslærar hjå grev Otto Molkte. Deinboll fullførde seinare sine teologiske studiar ved det nye universitetet i Christiania, og vart cand. theol. derifrå i 1815. Deinboll var også ein kunnig naturvitar, men var på det området sjølvlærd.

Lærar og prest

Under det fyrste opphaldet sitt i Noreg var Deinboll mellom anna huslærar hjå kaptein og proprietær Friederich Christopher von DittenRåen i Øvre Eiker. Lærargjerninga følgde med han gjennom heile karrieren, og skulevesenet var han også særskilt oppteken av som politikar.

Da han på nytt kom til Noreg i 1808, denne gongen for godt, var Deinboll fyrst huslærar hjå kjøpmann Alsing i Holmestrand. Så starta han sin eigen privatskule der, tidleg på året 1809. Frå Holmestrand flytta han til Drammen, der han var kyrkjesongar i Bragernes kyrkjelyd. Ved sida av dette underviste han ved borgarskulen i Drammen.

Same år som han tok embetseksamen (1815) vart Deinboll utnemnd til sitt fyrste kall i Vadsø. Han var der til 1824. Ei tid hadde han ansvar for alle soknekall i Aust-Finnmark, og var prost frå 1819.

Frå 1824 til 1832 var Deinboll sokneprest i Løten i Hedmark. Der dreiv han også privatundervisning for ungdom som ville studere, ei verksemd som ofte blir omtala som Prost Deinbolls institutt. Mellom andre Nikolai Ramm Østgaard, Bernt Lund og seinare høgsterettsassesor E. Saxlund fekk si artiumsførebuande undervisning der. I alt hadde han 22 elevar i si tid i Løten. Fem av dei førde han fram til artium. I dei seinare åra hadde han ein hjelpelærar til undervisninga, cand. theol. E. H. Hansen.

I Løten vart Deinboll også kjent for å ha engasjert seg til fordel for om lag 100 nybyggjarfamiliar i Løten ålmenning, som stod i fare for å bli utkasta.

I perioden 1832–1857 hadde Deinboll prestekall i Bolsøy og Molde, og han var prost i Romsdal prosti 1844–1850. Også i Molde skal Deinboll ha halde «gymnas», eller moglegvis undervist ved byens lærde skule. I følgje Norsk biografisk leksikon (1926) hadde han i alle høve Bjørnstjerne Bjørnson som elev i den tida.

Politikar

Peter V. Deinboll representerte Finmarkens amt på Stortinget i 1821, 1822 (det omframsstortinget som vart oppløyst før Deinboll nådde fram), og i 1824. Seinare var han vararepresentant til Stortinget frå Kristiansund og Molde.

Eit hovudfelt for hans politiske engasjement, og noko som hadde nær samanheng med hans yrke og livsgjerning, var utbygging av skolevesenet. Allereie før han kom på Stortinget hadde han fremja ein plan for styresmaktene om nyordning av skulen i Finnmark. I 1821 sette han fram eit forslag i Stortinget om ein lærarseminar i Nord-Noreg. Skulen vart ein realitet ved opprettinga av Trondenes Seminar i 1826. Deinboll søkte prestekallet i Trondenes, ei stilling som skulle kombinerast med styrarstillinga på seminaret. Det er grunn til å tru at den svenske statthaldaren i Noreg, grev Sandels, fekk forhindra dette av politiske grunnar. Bakgrunnen var at Deinboll på Stortinget i 1821 hadde fremja eit forslag som hadde brodd mot kongen og regjeringa. Forslaget gjekk ut på at meldingar frå konge og regjering til Stortinget skulle skje på konstitusjonelt vis, og alle stortingsrepresentantane skulle få kjennskap til innhaldet.

Deinboll var svært aktiv på Stortinget, mellom anna som medlem av ei rekkje komitear og formann i fleire av dei. Han var til dømes sekretær i komiteen som behandla spørsmålet om Noreg skulle overta noko av den dansk-norske statsgjelda frå før 1814.

Saman med odelstingspresident Niels Stockfleth Schultz forfatta Deinboll i 1824 eit framlegg til ei ny lov om allmugeskulen. Dette vart så lagt til grunn for den viktige skulelova av 1827. Schultz og Deinboll var kjende frå København. Under bombardementet av København i 1807 hadde Deinboll tenestegjort som militær, og sjefen for det kompaniet han tilhøyrde, var nettopp N.S. Schultz.

Naturvitar

Deinbolls vidtfemnande interesser omfatta ikkje minst naturkunnskap. Han føretok zoologiske og botaniske innsamlingsreiser i grensestroka Noreg-Russland-Finland, i Romsdalen og på Austlandet. Frå 1819 var han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, som delvis finansierte innsamlingsarbeidet hans. Han hadde særleg interesse for botanikk og entomologi (insektlære). Deinboll samla insekt frå mange stader i landet, og bygde opp ei stor samling, som nå tilhøyrer Naturhistorisk museum i Oslo. Også plantesamlingane hans er delvis bevart, og finst nå dels i Vitskapsmuseet i Trondheim, dels i Oslo-herbariet og i andre museum i Norden.


Folkeopplysningsmann

Folkeopplysninga låg også Deinbolls hjarte nær, og var drivkraft i skulearbeidet hans. Han engasjerte seg sterkt i forbetringar innan fiske, jordbruk og andre næringsvegar i embetsdistrikta sine. Mellom anna utgav han eit rettleiingsskrift om behandling og tilverking av saltvassfisk. I Løten eksperimenterte han med maisdyrking saman med Axel Quensgaard på By, som seinare vart den fyrste ordføraren i bygda, og handelsmann Krabbe på Venerslyst. Deinboll var redaktør for Oeconomiske Samlinger utgjeve av landbrukssselskapet i Romsdalen, og gjorde mykje for å få til ein landbruksskule i amtet.

Fyrst og fremst for opplysningsarbeidet sitt («almeen-nyttig Forfatter-Virksomhed») vart Peter Deinboll riddar av St. Olavs Orden i 1847, det fyrste året ordenen vart utdelt.


Dei siste åra

Deinboll søkte avskil og fekk pensjon i 1857. Året etter vart han enkjemann. Etter det heldt han ei tid til hjå sonen August Thorvald Deinboll, prest i Romedal. Sidan budde Peter V. Deinboll i Holmestrand, Kristiania og Vestre Aker.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker