Peter von Schnitler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter von Schnitler (1772-1826) var offiser.

Han vaks opp på garden Vorpenes i Nesset prestegjeld. Faren til Peter, Hans Peter Schnitler (1736-1803), vart i 1761 utnemnd til holzførster (skogforvaltar) i Romsdalen. Bror til Hans Peter, Lorenz Schnitler, var sokneprest i Nesset i perioden 1755-1765.

Peter Schnitler fekk skøyte på Vorpenes i 1802. Same året vart han gift med Margrete Christine Tønder (1773-1860), dotter til prost og sokneprest i Stranda, Ebbe Carsten Tønder og kona Susanne Borchmann Angell. Saman fekk Peter og Margrete tre born, men berre to vaks opp.

Peter Schnitler hadde militær utdanning. Han starta sin militære teneste kring 1787, og i 1799 vart han overført som premierløytnant til Eresfjordske kompani i Romsdal. I 1808 vart han utnemnd som kaptein og sjef for dette kompaniet. Grunna sjukdom fekk han i 1811 avskjed i nåde med pensjon.

Peter Schnitler overtok som forlikskommisær i Eresfjord åtting etter faren i 1803. Våren 1814 var han valmann for Nesset prestegjeld.

Kjelder

  • Ottar Roaldset: Gards- og ættesoge for Nesset, bd. IV, s. 367-371.
  • Olai Ovenstad: Militærbiografier: den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814, bd. 2, s. 371-372.